– I denne bergsprekken er det 8-9 kubikkmeter med plast.
Kenneth Bruvik er uroa over det han viser fram. Klimapartnere var med då han tok med seg presse, ungdom frå FN sitt havpanel og fleire andre til ein bergsprekk i Øygarden utanfor Bergen. Her har havet lagt frå seg store mengder plast gjennom fleire tiår.
– Plasten som har havna her forsvinn ikkje. Han blir liggande i bergsprekken, blir pressa opp og ned med flo og fjøre og malt i små bitar, til mikroplast og nanoplast.
Mikroplastfabrikk
Plastryddegeneralen Bruvik står bak stiftinga Framtidshavet, som har fjerna tonnevis av plastavfall langs kysten gjennom storstilte ryddedugnader dei siste åra. Han har sett mykje, men er likevel sjokkert over det han oppdaga her i havgapet i Øygarden. Bruvik tek til tårane der han vassar gjennom grauten av små plastbitar i bergsprekken. Ein mikroplastfabrikk, er staden blitt kalt.
– Kva skjer med det marine dyrelivet som lever her? Kva har det å seie for oss? Mi største bekymring er den kjemiske cocktailen med farlege stoff som blir blanda saman og sakte men sikkert vert sleppt utatt i havet og naturen, seier Bruvik.


Forskar på konsekvensane
For å finne ut av desse spørsmåla, samarbeider Framtidshavet med forskarar hjå NORCE. Gunhild Bødkter, seniorforskar og mikrobiolog i NORCE, tek prøver frå plastgrauten i bergsprekken, og åtvarer oss om å vere forsiktige.
– Når plasten hamnar i naturen, blir den mykje farlegare enn han var i utgangspunktet. Plasten endrar storleik, han vert ikkje nedbroten, det vert berre mindre og mindre bitar. Vi veit ikkje så mykje om kva som skjer når plast vert fragmentert, og vi veit heller ikke kva som skjer med dei aller minste bitane, sier Bødtker.
Innsats gjev resultat
Med Framtidshavet, NORCE og Akvariet i Bergen på laget ønskjer Klimapartnere å gjere noko med den globale trusselen som plastforureining utgjer mot livet i havet og på land. Under One Ocean Week i Bergen i april inviterte dei til eit temamøte på Akvariet. Der minna dei om at det er mykje som kan gjerast, og at alle kan bidra.
– Omfanget av plastforureining i verdas hav og vassdrag er enormt, og konsekvensane er uvisse. Likevel er det håp, seier Bruvik, og fortel om ein nyleg tur til India. Der har Framtidshavet vore med på eit plastryddingsprosjekt saman med advokaten Afroz Shah og lokale friviljuge. Resultatet er oppløftande.
– Eg ser at det fungerer, seier Bruvik. – Då eg var i Inda for berre eitt år sidan, flaut det av søppel. Sidan har det vore jobba knallhardt med opprydding, og dei har klart å snu haldningar og bruksmåten for plast i slummen fra eingongsemballasje til sirkulære løysingar. Vi ser at fisken kjem tilbake til elvane som blir rydda, og skilpaddane kjem tilbake til strendene. Det i seg sjølv er eit tydelig svar fra moder jord: Viss de fiksar opp, skal eg gjere min bit.
– Ikkje for seint
Seniorforskar Gunhild Bødtker meiner det er mogleg å gjere mykje for å hindre dei verste konsekvensane av plastforureininga.
– Det hjelper å rydde. Vi ser ein stor positiv effekt der det har vore rydda, og det er eit effektivt tiltak for å hindre sekundærforureining av mikroplast. Når mikroplasten først har kome ut i havet, klarar vi ikkje å rydde den opp igjen.
No går Framtidshavet og Klimapartnere saman om å utfordre alle, både privat og på jobb, til å bli med på ryddedugnadar i sitt nærmiljø, langs kysten og i vassdraga.
– Den innsatsen som dei friviljuge legg ned, er enormt viktig. Dessutan har det verdi for alle som er med. Det skapar gode kjensler, gjer oss meir rause med naturen, det gir meining, og det formar haldningar som kan skape varig endring, seier Bruvik.