IEA forventar batteri-boom mot 2030

LANGT FLEIRE SLIKE: For å dekke elbilbehovet må det kvart år fram mot 2030 opnast 20 store batterifabrikkar. Her er ein illustrasjon av Teslas Gigafactory som er under bygging i Berlin. Foto:
Velkommen til mai-utgåva av nyheitsbrevet #Elektrisktransport.
1. Det grøne skiftet fordrar kraftig vekst for batteriindustrien
Nyheita: Skal vi kome i rute med å kutte transportutsleppa i tråd med Paris-avtalen, må marknadsdelen til elektriske bilar auke frå dagens 5 prosent til 60 prosent innan 2030. Den planlagde batteriproduksjonskapasiteten dei neste ti åra er berre nok til å dekke halvparten av elbilbehovet.
Meir om saka: Det internasjonale energibyrået (IEA) la denne veka fram eit detaljert vegkart som skal sikre at alle energi- og industrirelaterte CO₂-utslepp når netto null innan 2050. For transportsektoren er oppdraget å ta ned eigne utslepp frå rundt 7 milliardar tonn CO₂ (7 Gt) i 2020 til ca. 5,5 Gt i 2030 og vidare ned til 0,7 Gt i 2050. Sektorens restutslepp i 2050 vil i IEAs scenario i all hovudsak kome frå luftfart og skipsfart.
Elektrifisering er nøkkelen. Mens 90 prosent av transportsektorens energibehov i dag vert dekka av olje, vil elektrisitet overta som det dominerande «drivstoffet» rundt 2040. Saman med hydrogen vil elektrisitet stå for ca. 73 prosent av sektorens energiforbruk i 2050.
Vegtransporten er der elektrifisering vil skje raskast. Moped- og motorsyklar først, dernest person- og varebilar og til slutt tyngre lastebilar. I Europa og Nord-Amerika må 75 prosent av alle nye personbilar vere elektriske i 2030. Det vil for det aller meste vere snakk om reine elbilar, men også ladbare hydridar og hydrogenbilar. Salet av nye bensin- og dieselbilar må vere slutt innan 2035.

IEA understreker at elektrifisering vil krevje betydelege investeringar, både i form av meir fornybar energi, betre ladeinfrastruktur og rask oppskalering av batteriproduksjonskapasiteten:



