EU-valet kan endre norsk klimapolitikk

751 SETER: Valet av nytt Europaparlament kan få stor betydning for EUs innsats på klimafeltet i komande periode. Bilete viser parlamentsbygninga i Strasbourg. Foto:
Europas store klimaval
Europaparlamentsvalet 23.–26.mai blir eit særdeles viktig val for klimapolitikken framover. Ikkje berre i EU, men også her til lands. Stortinget arbeidar i desse dagar med å gjere Noreg til fullverdig medlem av EUs klimapolitikk mot 2030, så helgas val er i høgste grad også relevant også for oss. Meiningsmålingar tyder på at dei to største blokkene i parlamentet – konservative EPP og sosialdemokratisk S&D – vil miste fleirtalet dei alltid har hatt. Europaparlamentet har til tradisjonelt vore den mest offensive krafta i EU-systemet på klimafeltet, spørsmålet no er om ytre høgre-populistane kan kapre nok røyster til å endre dette? På kort sikt er det særleg tre store spørsmål som parlamentarikarane skal vere med å påverke: Skal klimapolitikken mot 2030 skjerpast – og eventuelt korleis? Skal EU endre sitt langsiktige klimamål til «netto nullutslepp» innan 2050? Kor sterkt skal klimatiltak prioriterast i langtidsbudsjettet for perioden 2021–2027? Det nye Europaparlamentet skal også vere med å velje ny EU-kommisjon til hausten, også det eit særdeles viktig val for klimapolitikken. EUs rolle som global klimapådrivar står på spel, skriv Climate Home News. Les elles Concitos Jarle Krausings innlegg om at undersøkingar viser at klimakrisa er EU-veljaranes største uro.
Stadig fleire får tilgang på fornybar straum, men…
IEA, IRENA mfl. publiserte denne veka ein statusrapport for arbeidet med å sikre alle menneske tilgang til rein energi innan 2030 (FNs bærekraftsmål 7). Den gode nyhenda i Tracking SDG7: The Energy Progress Report er at elektrifiseringsraten globalt no har nådd 89 prosent. Menneske som manglar tilgang på elektrisitet har gått frå 1,2 milliardar i 2010 til 840 millionar i 2017. Landa med størst progresjon er India, Bangladesh, Kenya og Myanmar. Den dårlege nyhenda er at arbeidet går for sakte. Utan nye grep vil 650 millionar framleis mangle tilgang til straum – av desse vil ni av ti bu i Afrika sør for Sahara. Når det kjem til «clean cooking» er biletet endå meir dystert. I 2017 mangla 2,9 milliardar menneske rein energi for matlaging – mot 2,96 milliardar i 2010. Skal verda nå bærekraftsmål nummer 7 må 64 millionar menneske global sikrast tilgang på straum kvar år i perioden 2018–2030 – mot 34 millionar i 2017. Les meir om rapporten hos .