Historisk fall for kolkraft over heile Europa

Historisk: Analysen til Agora Energieende og Sandbag viser at EU fekk meir elektrisitet frå sol og vind i 2019 enn frå kolkraft. Illustrasjon: Sandbag/Agora Energiewende.
Kvar fredag presenterer redaksjonen i Energi og Klima fem viktige nyheitssaker frå veka som har gått. Her er mine utvalde:
CO₂-utslepp frå el-produksjon i Europa ned 12 prosent
TOPPSAKA:Elektrisiteten i EU har aldri vore
reinare, viser ei analyse publisert av tyske Agora Energiewende og britiske Sandbag. I 2019 fall kraftsektorens
utslepp av CO₂ med 120 millionar tonn, eller 12 prosent. Den viktigaste forklaringa
er at kolkraftforbruket gjekk kraftig ned i fjor, mens sol og vind opplevde vekst.
Fornybardelen i EUs straummiks er var i 2019 på 35 prosent.
Bakgrunnen: Å gjere elektrisitetsproduksjonen fossilfri blir gjerne omtalt som energiomstillingas første kapittel. Derfor er funna til dei to tankesmiene så viktig. Samla gjekk kolkraftproduksjonen i EU ned med 24 prosent i 2019. Omtrent halvparten av dei 150 TWh med kolkraft som «forsvann» frå marknaden blei erstatta med fornybar energi, resten av gasskraft. Drivarane i skiftet er høgare priser for europeiske utsleppskvoter, som i 2019 vaka rundt 25 euro per tonn, fallande kostnader for vind og sol og politikk for kol-utfasing. Ved utgangen av 2019 hadde 15 EU-land fatta vedtak om å fase ut kolkraft. Bulgaria, Kroatia, Polen, Slovenia and Romania er dei einaste EU-landa som enno ikkje har gjort vedtak om utfasing.
Kor er konflikten?Det finst både drivkrefter og bremseklossar i EU. I Polens utkast til energi- og klimaplan som blei levert EU-kommisjonen i desember, kan ein til dømes lese at den polske regjeringa forventar at kolkraft vil utgjere 56 prosent av kraftmiksen i 2030, mot 75 prosent i 2019. Dette illustrerer kor krevjande det kan bli å få heile unionen om bord for ein strammare klimapolitikk – noko som vil måtte skje om Paris-avtalens mål skal nås. Eit av funna i rapporten er at det kan bli naudsynt å styrke EUs kvotesystem (EU ETS) utover allereie vedtekne reformer. Mens dagens automatiske kvotereduksjon i EU ETS ligg på 1,74 prosent per år (2,2 prosent frå 2021), gjekk dei faktiske kvoteutsleppa i 2019 ned med 7,6 prosent, ifølgje utrekningane til Agora Energiewende/Sandbag. Nedgangen skuldast nesten berre endringane i kraftsektoren. Industriens utslepp gjekk sannsynlegvis berre ned med 1 prosent i 2019.