Fornybarindustrien i USA jublar over nytt budsjettforlik
Kvar fredag presenterer redaksjonen i Energi og Klima fem viktige nyheitssaker frå veka som har gått. Her er mine utvalde:
GODE UTSIKTER FOR SOL OG VIND I USA: Kongressen vedtok fredag å forlenge skattefrådraget for sol- og vindenergi med fem år. Vedtaket er ein del av ein større budsjettavtale mellom republikanarane og demokratane. Fornybarindustrien har med det fått den beste julegåva dei kunne ha håpa på. Skattefrådraget for solenergi skulle eigentleg gått ut i 2016, mens det for vindkraft gjekk ut i 2014. At ein no forlenger med fem år vil ifølge Bloomberg New Energy Finance (BNEF) bidra til utbygging av 20 GW solenergi og 19 GW vindenergi. USA viser med dette at dei for alvor har tenkt å vere med i det globale fornybar-kappløpet – i sterk kontrast til det som skjer i Storbritannia. Budsjettavtalen inneheld også oppheving av det 40 år gamle forbodet mot eksport av amerikansk olje.
KVA SKJEDDE I PARIS? Det er skrive mange gode kommentarar den siste veka om Paris-avtalen og kva han betyr. Ein av mine favorittar er We’ll always have Paris av Michael Liebreich i BNEF. Han meiner avtalen er starten på skilsmissen med den fossile industrien: "The industry can bluster, talk about how hard it works to feed the kids, how it will reform its behaviour, but a key point has passed, an irreversible process has started. Which sensible businessperson or investor can ignore the clear signal?" Vi har no lagt bak oss ein periode med enorm vekst i fornybar energi. Skal vi tru Liebreich vil dei neste ti åra handle om avkarbonisering av transportsektoren og energieffektivisering. Han trur vi kan oppleve same raske teknologi- og kostnadsutvikling her som vi har hatt for sol og vind.
DET SER MØRKT FOR KOLINDUSTRIEN: IEA presenterte fredag ein ny rapport om kolmarknadene som viser at det er slutt på mange års vekst i denne sektoren. Fall i Kinas kolforbruk er nøkkelen. Marknadsutsiktene for kol som vert presentert i denne rapporten er langt dystrare for kolindustrien enn det IEA tidlegere har lagt til grunn. I eit «peak coal scenario» er Kinas kolforbruk i 2020 9,8 prosent lågare enn i 2013. I dette scenariet fell kolforbruket globalt med 0,1 prosent årleg, medan det veks 0,8 prosent årleg i rapportens hovudscenario. Sjølv om Kina tek langsomt farvel med kolkraft, ventar ein sterk vekst i kolforbruket i andre delar av Asia, særleg i India. Les også .