Plastavtalen havarerte – no må Norge redde taustumpane!
Plastproblema i havet kan løysast. No bør havlandet Norge raskt få på plass eit utvida produsentansvar for plastutstyr i fiskeri- og havbruksnæringa og bane veg for meir sirkulær økonomi, skriv tre forskarar.

Plastavfall på strand i Skulsfjord i Troms. Fiskeri og havbruk forårsakar tonnevis med plastavfall kvart år. (Foto: Bo Eide)
Vi kan ikkje lenger styre økonomien som om «the sky is the limit». Skal vi ta berekraft på alvor, må vi handle innanfor jorda og hava våre si toleevne. I hava er plast på avvege vorte eit kjempeproblem. Ein stor del av plasten stammar frå fiskeri- og havbruksnæringa.
Forskinga vår i prosjektet Shift-Plastics viser at det er fullt mogeleg å løyse plastproblema i næringa. Men då må noko gjerast, internasjonal plastavtale eller ikkje. Kva om Norge greip sjansen til å vise veg?
Fiskeri og havbruk: Plast i det meste av utstyret
Sirkularitet er eit viktig stikkord for å forstå kva som manglar i dag. Kassert og øydelagt plastutstyr må ikkje forsvinne ut av verdikjeda eller ned i havdjupet – plasten må tilbake i bruk på forskjellige måtar. Gjennom meir ombruk, reparasjon og resirkulering av verdifulle ressursar, slik også det nye samfunnsoppdraget for sirkulær økonomi legg opp til.
Global plastavtale
Forhandlingane i FN-regi om ein global, bindande avtale for å få slutt på den aukande plastforureininga enda med havari i Genève i Sveits i august 2025. Statane vart ikkje samde om omfanget av avtalen og korleis han kan finansierast. Det er førebels uklart når det blir halde eit nytt forhandlingsmøte.
Forskinga vi har gjort, viser at innan fiskeri og havbruk trengst det meir konkrete tiltak for å omsetje ambisjonane til praksis. Her er det store mengder plast i omløp. Plast blir brukt i det meste av utstyret i fiskeri og akvakultur – som i nøter, merder og tau. Utstyret er prega av kort levetid og dårleg design som hindrar gjenvinning.
Shift-Plastics-prosjektet har dokumentert at det årleg oppstår om lag 4200 tonn plastavfall frå fiskeri og svimlande 42 000 tonn frå akvakultur her i Norge. Berre ein tredel av dette blir resirkulert – resten går til forbrenning, deponi eller hamnar i naturen.
Produsentkrav og insentivordningar
Dette berget av plastavfall utgjer faktisk 6 prosent av alt plastavfall i Norge. For å få ned volumet må styresmaktene stille tydelege krav til design og materialbruk, og det må løne seg for produsentar å lage utstyr som kan reparerast og resirkulerast. Samtidig må det løne seg for fiskarar og havbruksnæringa å ta vare på utstyret.
I dag er det ofte billegare å kjøpe nytt enn å reparere, og kva gjer fiskarane når han «bessfar» ikkje lenger er der for å bøte nøtene så tolmodig? Vi må få betre insentivordningar, lettare vedlikehald med utskiftbare deler, meir automatiserte reparasjonsløysingar og system for å resertifisere brukt utstyr.
Berekraftig plasthandtering
Shift-Plastics, med innsikt frå utstyrsprodusentar, interesseorganisasjonar og resirkuleringsselskap, viser veg mot berekraftig plasthandtering i fiskeri og havbruk. Første steg er å etablere eit tverrsektorielt ekspertutval som samlar aktørar frå næring, myndigheiter og forsking – dette må skje innan dei første to åra. Samstundes må vi standardisere innsamlingspraksis, innføre obligatorisk merking og innføre utvida produsentansvarsordning.
På mellomlang sikt (2-5 år) må regelverket strammast inn i tråd med berekraftig sirkulær økonomi, med krav til økodesign og betre sporing av utstyr. På lang sikt (5-10 år) må vi ha ein politikk der miljøvenleg åtferd faktisk løner seg – med endringar i praksisar i heile verdikjeda som gjev grunnlag for redusert plastbruk og forbetra infrastruktur for innsamling og resirkulering.
Vi har sett at dagens politikk ikkje er kraftfull nok. Trass i gode strategiar og eit nytt samfunnsoppdrag for sirkulær økonomi, manglar det politisk vilje til å stille tøffare miljøkrav til plastutstyret i fiskeri og havbruk for å førebyggje forsøpling og utslepp av mikroplast frå næringa. Den nye stortingsmeldinga om framtidas havbruk nemner sirkulær økonomi berre i forbifarten – og adresserer ikkje plastforureining, mikroplast eller forsøpling som miljøutfordringar for næringa.
Havnæringane og tolegrensene
Norge har eit særskilt ansvar som ein av verdas største aktørar innan fiskeri og havbruk. Vi hentar store inntekter frå næringane. I dei internasjonale plastforhandlingane tok Norge ei leiarrolle. Det som gjeld no, er å omsetje fagre ord til handling og få på plass regelverk, insentivordningar og andre verkemiddel som stimulerer til meir berekraft og sirkularitet.
For, skal vi halde fram med vekst i havnæringane, må vi våge å ta stilling til dei vanskelege spørsmåla. Vi må sikre at veksten i næringane ikkje undergrev miljømåla. Det er på høg tid med meir sirkulær systemtenking – i politikk, haldningar og praksis – og ei erkjenning hos norske styresmakter om at økonomisk utvikling i havnæringane må skje innanfor jorda og verdshava sine tolegrenser.