Privatiser gjerne Flytoget, men ikkje gløym Statoil

Oslo S
Dette er et debattinnlegg. Teksten er kvalitetssikret i tråd med redaksjonelle prinsipper for publisering. Innholdet reflekterer skribentens egne meninger.
Eigarskapsmeldinga som næringsminister Monica Mæland (H) la fram i fjor, og som Stortinget no har til behandling, har så langt resultert i ein føreseieleg debatt om privatisering. Regjeringa vil redusere eigarskapet, opposisjonen er imot.
Kort samanfatta er dette regjeringas forslag:
Om dei to forslaga skulle få fleirtal vil talet på selskap der staten utøvar direkte eigarskap gå frå rundt 70 til 62 (gitt at fullmaktene regjeringa ber om blir brukt...). I dei to selskapa regjeringa foreslår å selje seg ned vil eigarskapets formål framleis vera sikra. Det er med andre ord ikkje snakk om store omveltingar.
Dette er ikkje eit forsøk på å applaudere regjeringas eigarskapsmelding, for det er det ingan grunn til. Men når opposisjonen så langt verkar mest interessert i forslaget om å privatisere Flytoget, er det grunn til å bli uroleg. Kva med å rette skytset mot meldingas verkelege svakheiter?
Statlege selskap som endringsagentar
I diskusjonen om statleg eigarskap bør innhald vere minst like viktig som omfang. Korleis kan staten utøve eigarskapet på ein måte som understøttar vedtekne klimamål? Erna Solberg sa i nyttårstalen at nasjonale utsleppsreduksjonar fordrar at norske bedrifter får fram ny klima- og miljøteknologi, at bygga må bli meir energivenlege og at vi må få meir til på jernbane og kollektiv. Men i klimameldinga står det ingenting konkret om korleis staten som eigar kan ta i bruk og etterspørje klimariktige løysingar. Tenk berre på den samla innkjøpsmakta som Statoil, Hydro, Posten, Statkraft, Statnett og alle dei andre statlege verksemdene representerer. For ikkje å snakke om helseføretaka.
Regjeringa kunne i meldinga lista opp nokre spissa forventingar til styra i desse selskapa, t.d. at dei skal:
Dette vil vore i tråd med regjeringas mål om at «selskaper med statlig eierandel arbeider systematisk med sitt samfunnsansvar og er ledende på sine områder». Gjort på ein riktig måte kunne dette og vore ein del av innsatsen Noreg melder inn internasjonalt. Dette er praktisk politikk som kan inspirere andre land til liknande initiativ.
