Kraftutveksling er bra klimapolitikk

Når land deler på straumen, kan me også spare meir natur for kraftutbygging ved at straumen kan brukast effektivt, der den trengst når den trengst, skriv artikkelforfattaren. (Illustrasjon: Statnett)
22. januar stiller sentralstyremedlem i SV Eirik Faret Sakariassen seg kritisk til kraftkablar til utlandet. I innlegget «Du betaler for strømmen til utlandet» i Klassekampen skriv han at kablane «tapper Norge for strøm» og gir oss høgare straumprisar. Det er ikkje riktig, og det er dessutan merkeleg at Sakariassen går imot bra klimapolitikk.
Det hastar meir enn nokonsinne med å løyse klimakrisa, og då
treng me meir fornybar energi. For å erstatte fossil energi treng me fornybar
energi som sol og vind. Sidan dette er uregulerbar kraft speler den den norske vasskrafta
ei nøkkelrolle som balansekraft.

Når sola ikkje skin i Tyskland og vinden ikkje blæs i Danmark, kan vasskrafta vår levere straumen som trengst slik at ein ikkje må slå på eit kol- eller gasskraftverk. I Danmark har kraftutveksling med Noreg gjort det mogleg å legge ned kolkraftverk og satse på vind, og ein har kutta ti millionar tonn CO₂ – like mykje som ein femtedel av dei årlege norske utsleppa!
Den planlagte NorthConnect-kabelen mellom Noreg og Skottland
vil kunne erstatte straum frå kolkraft og kutte fleire millionar tonn CO₂ årleg.
Dette er ein mykje betre og framtidsretta måte å levere energi på enn
gasseksporten me driv med i dag.
Derfor treng me kraftutveksling og kablar som gjer det mogleg for straumen å gå mellom Noreg og Europa. Når land deler på straumen, kan me også spare meir natur for kraftutbygging ved at straumen kan brukast effektivt, der den trengst når den trengst.
Det er ein myte at det er utanlandskablane som driv opp straumprisane i Noreg. Kor høg straumprisen er avhenger av fleire ting. Ifølge NVE og Cedrens utrekningar vil prisen gå opp med 1,5–2 øre per kWh som følge av nye kablar. Den norske kraftprisen var i gjennomsnitt 42 øre/kWh i 2018, og det er ein auke frå 2017, men å gi kablane skulda for dette blir ikkje riktig. I debatten om straumprisar og utanlandskablar blir det hevda mykje forskjellig, . Derfor trengst det meir redelegheit i debatten, og særleg politikarar bør vakte seg for å tillegge kablane ein annan effekt enn dei har.
