Nei til omkamp om Melkøya
Ein må gjerne meine at elektrifisering av Melkøya med straum frå land er ein dårleg idé, men avgjerda er teken. Kontraktar er signerte, og pengar er investerte. Det er på tide å gå vidare.

Norges tredje største utslippspunkt: Equinors Hammerfest LNG mottar og prosesserer naturgass på Melkøya utenfor Hammerfest. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB
869 000 tonn CO₂ var det Equinors LNG-anlegg på Melkøya i Hammerfest slapp ut i 2023. Det gjer det til landets klart største punktutlsepp knytt til produksjon av olje og gass, og det tredje største av alle industriutslepp i Noreg. For Finnmark utgjer Melkøya nesten 60 prosent av alle klimagassutslepp i fylket.
Det har alltid vore ulike syn på Melkøyas framtid. Lenge var den rådande haldninga at ein ikkje skulle påleggje ekstra klimakrav så lenge LNG-anleggets utslepp var «tekne hand om» gjennom EUs kvotesystem (der utsleppa samla går ned). Men med dei siste endringane i kvotesystemet, som mellom anna inkluderer oppdaterte mekanismar for sletting av overskotskvotar, har dette argumentet blitt svekt. Diskusjonen om Melkøya handlar no i mindre grad om ein skal gjennomføre utsleppskutt, men snarare korleis det skal skje.
Fleire tiltak har vore på bordet, som karbonfangst og -lagring, elektrifisering med havvind eller kraft frå land, samt tidlegare avstenging av anlegget.
Sommaren 2023 konkluderte AP/SP-regjeringa med at dei ville tillate Equinor å elektrifisere Melkøya med kraft frå land frå og med 1. januar 2030. Fram til då skal straumnettet i Finnmark styrkjast og den fornybare kraftproduksjonen aukast, var meldinga frå regjeringa.
Vedtaket blei kritisert – med rette! Med avgrensa kraftressursar valde regjeringa på mange måtar den dårlegaste løysinga for samfunnet, men den billegaste for Equinor. Det dei burde ha gjort, var å gjere det klart for Equinor at dei sjølve måtte ta ansvar for å kutte utsleppa frå Melkøya, men presisere at dei ikkje kunne basere seg på kraft frå land. Så fekk det vere opp til Equinor om dei ville gå for ei løysing som inkluderte CCS eller havvind, eller om det mest rasjonelle var å stenge drifta «før tida».
Men regjeringa valde som sagt annleis, og no har det gått 19 månader sidan Jonas Gahr Støre, Terje Aasland og Trygve Slagsvold Vedum stod i Hammerfest-sola og fortalde om elektrifiseringsplanane. Det er på tide at vi som ville det annleis, aksepterer utfallet.
Å ta omkamp på vedtaket no, slik Senterpartiet har annonsert på veg ut av regjeringskontora, er useriøst. Og det viser at Trygve Slagsvold Vedum ikkje har forstått kritikken han fekk då han som finansminister innførte skatteendringar for energibransjen med tilbakeverkande kraft.
Dette handlar djupast sett om tilliten til norsk politikk. Skal Noreg vere eit attraktivt land for investeringar, må ein kunne lite på at vedtak står seg. Kven vil satse pengar på å byggje industri og arbeidsplassar i eit land der det alltid er fare for omkamp?
Senterpartiet, SV, Raudt, Framstegspartiet og KrF vil alle stanse planane om å elektrifisere Melkøya med kraft frå land. Venstre har ikkje bestemt seg, skriv NRK. Men om også dei sluttar seg til omkampkameratane, hamnar Ap og Høgre i mindretal. Det bør – i denne saka – ikkje skje.