1
2

1
Stillinger
2
Klimakalender
Lars-Henrik Paarup Michelsen
Lars-Henrik Paarup Michelsen
Dagleg leiar i Norsk klimastiftelse. Kontakt: lhpm@klimastiftelsen.no
Publisert 4. september 2025
Sist oppdatert 04.09.2025, 13:47
Kommentar

Ny kunnskap om norsk gass­eks­port? Nei takk!

I ein debatt i Dagsnytt 18 på NRK denne uken viste statssekretær Elisabeth Sæther (Ap) null interesse for ny forsking om norsk gasseksport. Det er lettare å klamre seg til innøvde talepunkt.
ny-kunnskap-om-norsk-gasseksport-nei-takk-featured.jpg

Debatt om norsk gasseksport: Statssekretør Elisabeth Sæther diskuterte «gassfellen» i Dagsnytt atten 01.09.2025. Foto: Skjermdump fra nrk.no

Publisert 4. september 2025
Sist oppdatert 09.04.2025, 15:47
Lars-Henrik Paarup Michelsen
Lars-Henrik Paarup Michelsen
Dagleg leiar i Norsk klimastiftelse. Kontakt: lhpm@klimastiftelsen.no

Gass blir av mange omtalt som ei «bru» i overgangen til lågutsleppssamfunnet. Denne forteljinga står særleg sterkt i Noreg, der eksport av gass ofte vert framheva som eit viktig norsk bidrag til klimakutt i Europa. Men kva om denne forteljinga ikkje stemmer – i alle fall ikkje på lang sikt?

Ny forsking viser at på den eine sida kan meir gass erstatte kull, og dermed redusere utslepp på kort sikt. På den andre sida kan ein større gasstilgang svekke insentiva til å investere i fornybar energi. Effekten kan då bli at globale utslepp aukar når tidshorisonten vert forlenga. Noreg som storstilt gasseksportør risikerer med andre ord å ende opp med å bidra til å auke dei globale klimagassutsleppa i staden for å redusere dei. Dette paradokset kallar forskarane Bård Harstad og Katinka Holtsmark for gassfellen. Holtsmark forklarar kva dei meiner i eit nyleg publisert notat utgitt av Norsk klimastiftelse.

Måndag 1. september inviterte Dagsnytt 18 statssekretær Elisabeth Sæther i Energidepartementet til debatt om gassfellen. Men framfor å vere nyfiken på den nye kunnskapen som Holtsmark la fram, var inntrykket som lyttar at Sæther ville at dette skulle vere ein tradisjonell olje- og gassdebatt. Det vi fekk servert var iallfall dei vanlege talepunkta. Først det moralske – at Noreg har ei forplikting overfor eit Europa i krig å vere ein langsiktig leverandør av energi. Så det praktiske – at sol og vind ikkje vil klare seg utan gasskraft.

Argumenta kunne like gjerne vore framførte av ein annan talsperson for regjeringa enn Sæther. Innlegget mitt er ikkje meint som eit personleg åtak på henne, men eit døme på at myndigheitene held seg til talepunkta – sjølv når ny kunnskap kjem til.

For gassfellen handlar ikkje om at vi skal slutte å eksportere gass no eller i morgon – men om moglege konsekvensar for klimaet og energiomstillinga dersom vi i dag oppfører oss som at norsk gasseksport skal vere «evigvarande».

Ingen kan forvente at ei regjering skal vere samd med forskarar, eller at dei straks skal levere ferdige svar på nye problemstillingar. Men vi bør kunne forvente at ansvarlege politikarar tek seg tid til å reflektere over kunnskap som utfordrar dei etablerte forteljingane.

At det faktisk går an å diskutere paradoks i norsk klima- og energipolitikk på ein sakleg måte, vart demonstrert på «Petropraten» som Klimastiftelsen arrangerte 4. september i Oslo. Her deltok mellom andre Frode Alfheim, forbundsleiar i Styrke. I møte med politikarane Sunniva Holmås Eidsvoll (SV) og Marie Vea (V) viste han forståing for problemstillinga – eit godt utgangspunkt for vidare debatt.

Utan vilje til å prøve kunnskap mot politikk, blir klima- og energidebatten redusert til eit ritual av talepunkt, slik vi såg på Dagsnytt 18 denne veka. Det er ingen tent med.

ANNONSE
Bluesky

Les også

tuttifrutti-glede-og-bla-klimamotstand-featured.jpg

Tuttifrutti-glede og blå klimamotstand

Hva kan vi forvente fra MDG og SV etter valgseieren for rødgrønn side? Og kommer det en anti-klimabølge i Høyre – eller vil partiet stå støtt på grønn omstilling?
12. september 2025
Les mer
tidlige-tegn-pa-sol-boom-i-afrika-featured.jpg

Tidlige tegn på sol-boom i Afrika

Eksport av solcellepaneler fra Kina til afrikanske land har økt med 60 prosent det siste året. Hekter Afrika seg endelig på sol-boomen?
10. september 2025
Les mer
norge-kan-og-bor-bidra-mer-featured.jpg

– Norge kan og bør bidra mer

– Norge bør overføre 10–15 milliarder kroner til Klimainvesteringsfondet i året og slutte å ta pengene fra bistandsbudsjettet, sier daglig leder i tankesmien Langsikt, Eirik Mofoss.
4. september 2025
Les mer

Om oss

Om oss
Støtt vårt arbeid
Annonsere
Personvernerklæring
Administrer informasjonskapsler

Følg oss

Facebook
Bluesky
Linkedin
Rss feed

Kontakt oss

Redaksjonen
Energi og Klima
Odd Frantzens plass 5
N-5008 Bergen
til toppen
Støtt oss
Støtt oss
Artikkelen fortsetter under annonsen
Annonse
Våre støttespillere
Ledige stillinger i det grønne skiftet

Prosjektstilling - Samfunnsøkonom

Toårig prosjektstilling innen bolig- og eiendomsanalyse
Oslo
Frist: 23.02.2026
Et løvrikt tre står i en gressbevokst gårdsplass med utemøbler, inkludert stoler, en benk, et bord og en hengekøye, ved siden av en ferskenfarget boligblokk.