DeepSeek utfordrar forholdet mellom KI og energibruk

KI-innovasjon frå Kina knuser tekgigantar i USA på energieffektivitet. Les også: Starmer vil kople UK til EUs kvotehandel, Trump rullar tilbake Bidens klimapolitikk og Kina set fornybarrekord.

Kvar fredag presenterer Energi og Klima fem internasjonale nyheiter frå veka som har gått. Her er mine utvalde:

Meir energieffektiv KI?

Fem på fredag – et nyhetsbrev med internasjonale klima- og energinyheter

I Nyhetsbrevet Fem på fredag velger redaksjonen i Energi og Klima ut fem ferske saker fra internasjonale medier som vi synes er verd å få med seg. Nyhetsbrevet får du gratis, rett i innboksen din hver fredag klokka 07:00. Er du ikke abonnent ennå, kan du melde deg på nyhetsbrevet her:

Abonner på #Fempåfredag:

For ei veke sidan hadde «ingen» høyrt om DeepSeek, men frå måndag av har det kinesiske KI-selskapet skapt både børsuro i USA og overskrifter verda rundt. Årsaka er at deira nye språkmodell, DeepSeek-R1, skal vere langt billegare og meir energieffektiv enn modellane til etablerte aktørar. The Guardian skriv at DeepSeek-R1 kan løyse eit ukjent matematisk problem 20–50 gongar rimelegare enn OpenAIs tilsvarande modell, men understrekar at desse tala kjem frå selskapet sjølv.

Forteljinga om kinesisk «billeg-KI» utfordrar eit premiss som i dag ligg til grunn for veldig mange kraftmarknadsanalyser, nemleg at KI kan bli ein svært sterk drivar for auka kraftforbruk. Donald Trump har sagt at USA må doble tilgangen på kraft på grunn av veksten innan KI, og til publikumet i Davos sa han at han ville bygge ut fossil kraftkapasitet i ekspressfart i nærleiken av datasentre.

Men dersom KI kan gjerast langt meir energieffektivt enn vi har vore vane til, slik DeepSeek hevdar dei har demonstrert, treng ikkje KI bli det «energisluket» som IEA, Trump og fleire andre trur det vil bli.

Når det er sagt: Ein kan ikkje omtale eit kinesisk KI-selskap utan også å nemne personvern og sensur.

Starmer vil kople Storbritannia til EUs kvotehandel

Etter brexit fekk ikkje britisk industri og kraftsektor lenger vere ein del av EU-ETS. Britane laga sitt eige kvotehandelssystem, der kvoteprisen stort sett har lege litt lågare enn i EU. No ønskjer statsminister Keir Starmer å kople det britiske kvotesystemet til EUs, skriv Financial Times. Med dette vil det igjen bli ein felles CO₂-marknad, noko som vil gjere at handelen mellom EU og Storbritannia ikkje blir påverka når EU innfører systemet med karbontoll (CBAM). Slik plasserer britane seg på «innsida» av EUs ordningar når det blir bråk med Donald Trump om karbontoll på viktige industrivarer.

Trump reverserer klimapolitikk

Donald Trump har så langt oppheva over 70 av Joe Bidens klima- og energitiltak. Det skriv Financial Times, som har gått gjennom presidentordrane som Trump signerte den første veka. Stikkord: Ut av Parisavtalen, fjerne mål for fornybar straum og elbilar, stenge kystområde for havvind og opne opp for meir olje og gass. For ikkje å snakke om stans i utbetalingane til internasjonalt utviklingsarbeid – inkludert mange klimaprosjekt.

Fleire tiltak kan bli utfordra juridisk, skriv AP, deriblant vedtaket om å fryse føderale utbetalingar til grøne industriprosjekt i USA. New York Times har ein interessant artikkel om at Trump truleg ikkje vil lukkast i forsøket på å  fjerne det som blir sett på som «juvelen» i amerikansk klimapolitikk – The Endangerment Finding. Det er mandatet som det amerikanske miljødirektoratet, Environmental Protection Agency (E.P.A.), har til å regulere CO₂ og andre klimagassar. Det var ein høgsterettsavgjersle i 2007 (Massachusetts v. E.P.A) som slo fast at E.P.A. er forplikta av forureiningslova (Clean Air Act) til å adressere klimagassutslepp.

Les også: Delstatar gjer seg klar for å slå tilbake mot Trumps anti-klimapolitikk.

Kina eller USA – fornybart eller fossilt?

Mens Donald Trumps einaste ambisjon på energifeltet ser ut til å vere å styrke USAs posisjon som fossil stormakt, rykker Kina stadig frå resten når det kjem til fornybar energi. I 2024 bygde kinesarane ut heile 357 GW med ny sol- og vindkraftkapasitet, skriv nyheitsbyrået AP. For å sette det i perspektiv: den planlagde havvindparken på Sørleg Nordsjø II har ein planlagt kapasitet på 1,5 GW.

Den raske fornybarutbygginga i Kina i 2024 gjorde at President Xi Jinpings mål om 1 200 GW i installert fornybarkapasitet innan 2030 blei nådd seks år før tida.

Meir sol og mindre kol «down under»

Det australske kraftsystemet er i kraftig endring. Eit system som tradisjonelt har vore totalt avhengig av kolkraft, blir snudd opp ned når stadig fleire monterer solceller på taket. Dette har vore utviklinga i mange år, men effektane blir stadig tydelegare. Kolforbruket går ned, og batteri «skyv» på solstraumen til ut over ettermiddagen. Meir elektrifisering betyr mindre gassforbruk i hushalda. Reneweconomy har gode grafar som forklarer det som skjer. Gamle kolkraftverk blir upålitelege, og prisane blir skyhøge i enkelte periodar. Samstundes går kraftprisane ofte under null når fornybarproduksjonen er høg og etterspurnaden låg.