1

Støtt oss
Stillinger
1
Klimakalender

Om oss

Om oss
Støtt vårt arbeid
Annonsere
Personvernerklæring
Administrer informasjonskapsler

Følg oss

Facebook
Bluesky
Linkedin
Rss feed

Kontakt oss

Redaksjonen
Energi og Klima
Odd Frantzens plass 5
N-5008 Bergen
til toppen
Lars-Henrik Paarup Michelsen
Lars-Henrik Paarup Michelsen
Dagleg leiar i Norsk klimastiftelse. Kontakt: lhpm@klimastiftelsen.no
Publisert 31. oktober 2025
Sist oppdatert 31.10.2025, 18:42
Fem på fredag

Kinas solceller eller USAs gass – fram­tidas energi­veddemål

Trump og Xi diskuterer toll, men striden mellom dei to stormaktene handlar eigentleg om noko større: kven som skal dominere framtidas energimarknader.

To menn i dress håndhilser foran amerikanske og kinesiske flagg, stående på en scene med et mørkeblått forheng i bakgrunnen.

ULIKE STRATEGIAR: Kina har blitt ein grøn superstormakt, medan Donald Trumps USA hvil satse på olje og gass. Her frå møtet i Sør-Korea 30/10-2025. Foto: Mark Schiefelbein/AP Photo/NTB

Publisert 31. oktober 2025
Sist oppdatert 31.10.2025, 18:42
Lars-Henrik Paarup Michelsen
Lars-Henrik Paarup Michelsen
Dagleg leiar i Norsk klimastiftelse. Kontakt: lhpm@klimastiftelsen.no

Kvar veke presenterer Energi og Klima fem internasjonale nyheitssaker frå veka som har gått. Her er mine utvalde:

1. Grønt eller fossilt – Kina eller USA?

Donald Trump har vore på Asia-turné og møtt Xi Jinping i Sør-Korea. USA og Kina representerer ikkje berre ulike syn i handelspolitikken, men også to motstridande veddemål om framtidas energisystem: kinesiske solceller, batteri og elbilar på den eine sida – amerikansk olje og gass på den andre. Politico forklarar korleis rivaliseringa no spelar seg ut i Asia – ein region der energibruken er venta å auke kraftig. Financial Times tek opp liknande perspektiv i artikkelen The boom in solar – with or without the US.

2. Ventar tredobling av havvind innan 2030

Den britiske regjeringa har offentleggjort budsjettet for neste auksjonsrunde for havvind: 900 millionar pund til botnfast havvind og 180 millionar pund på flytande. Ifølgje Wind Europe vil dette berre gi 5-6 GW i ny kapasitet – langt unna det som trengs om målet om 50 GW i installert havvindkapasitet innan 2030.  

Litt meir optimisme kjem frå Ember, som i ein ny analyse ventar at den globale havvindkapasiteten vert tredobla fram mot 2030 – frå 83 til 238 GW.

3. Ny rapport om helse og klima

Talet på dødsfall som følgje av hete har auka med 23 prosent sidan 1990, sjølv når folkevekst er teken med. I perioden 2020–2024 vart gjennomsnittspersonen utsett for 19 dagar årleg med livstrugande hete – 84 prosent av desse dagane ville ikkje skjedd utan klimaendringar

Artikkelen fortsetter under annonsen

Det viser årets rapport frå The Lancet Countdown, eit globalt forskingsprosjekt om klima og helse. Les også omtalen av rapporten i The Guardian og på Energi og Klima sin Data-side.

4. Bill Gates åtvarar mot klimaalarmisme!

To veker før årets  klimatoppmøte (COP30) startar i Brasil, har Bill Gates publisert eit ope brev der han åtvarar mot ein alarmistisk klimaagenda, og der han manar til tøffare prioriteringar. Microsoft-gründeren ber om at det i klimasamanheng vert lagt større vekt på helse og velstand. Hev velstandsnivået i fattige land , og fleire vil vere i stand til å tilpasse seg dei klimaendringane som vil skje, skriv han.    

«Noregsvenen» Jeffrey Sachs ved Columbia University kallar brevet «pointless, vague, unhelpful and confusing», ifølgje nyheitsbyrået AP. Mens FT-redaktør Simon Mundy skriv: «Hard questions loom at COP30 summit».

5. Boris Johnson med hard klimakritikk mot eige parti

Tre tidlegare statsministrar frå det konservative partiet har denne veka gått ut mot dagens partileiar, Kemi Badenoch, som vil skrote Storbritannias mål om netto nullutslepp.

Våre støttespillere

Theresa May meiner framlegget vil «fatally undermine» Storbritannias globale klimaleiarskap, medan John Major kallar det å gå i tospann med Nigel Farage for «beyond stupid»:

Til podkasten The Smart Society Show seier Boris Johnson at han ikkje trur partiet vil vinne fleire røyster ved å gå mot klimapolitikken: «I didn’t see us soaring in the polls as a result of saying what rubbish net zero is.»

ANNONSE
Bluesky

Les også

To menn i dress, den ene vinkende, står utendørs mens folk i forgrunnen holder opp gule og røde blomsterbuketter.

Kina skuffer, men rykker fra

Denne ukens fem utvalgte: Kinas klimamål skuffer, Sverige bommer helt på sine, Brasil tar initiativ, kloden er i dårlig form og klimatilpasset sopp blir farligere for helsen.

26. september 2025
Les mer
To store containerskip ligger til kai i en havn, stablet med fargerike containere, med kraner og en slepebåt i nærheten under en klar himmel.

Trump til åpen kamp mot globale klimatiltak

Denne ukens fem utvalgte nyheter: USA truer land som vil kutte skips-utslipp, konsekvensene av russergass til Kina, Trump mot havvind, knappere CO₂-lagre og spansk skogbrannfasit.

5. september 2025
Les mer
To menn sitter og signerer dokumenter ved et bord, mens to personer står bak dem. I bakgrunnen ser vi flaggene til USA, California, EU og Danmark.

Trump presser Ørsted og Danmark

Denne ukens fem utvalgte nyheter: Donald Trump går løs på Danmark og Ørsted, og rammer fornybar energi bredt i USA. Dansk havvind sliter også hjemme. Kina og India bak nesten all ny kullkraft. Hetebølger koster liv og helse.

29. august 2025
Les mer
To menn i dress håndhilser og har øyekontakt på en scene med et blått bakteppe og et amerikansk flagg delvis synlig i bakgrunnen.

Trump til frontalangrep på klimavitskapen

Denne vekas fem utvalde nyheiter: Trump vil fjerne grunnlaget for klimatiltak, utlån til fossil energi fell, ny elbilstøtte i Storbritannia, kostbare skogbrannar og klarsignal for CCS i Tyskland.

8. august 2025
Les mer
ANNONSE
Artikkelen fortsetter under annonsen
Annonse
Våre støttespillere
Svanemerket