Kina åtvarar Theresa May mot Hinkley-nei

Nye analyser fra den britiske regjeringen viser at Storbritannia vil bruke vesentlig mindre gass frem mot 2030 enn tidligere antatt fordi fornybar energi blir billigere.
Kvar fredag presenterer redaksjonen i Energi og Klima fem viktige nyheitssaker frå veka som har gått. Her er mine utvalde:
Kinesiske trugslar: Denne veka publiserte Financial Times innlegget Hinkley Point is a test of mutual trust UK and China, signert Kinas ambassadør i London, Liu Xiaoming (om du ikkje er FT-abonnent kan du lese ein fyldig omtale av innlegget i The Guardian). Xiaomings innlegg er svar på statsminister Theresa Mays avgjersle om utsette godkjenninga av det kontroversielle kjernekraftverket. Ambassadøren skriv at forholdet mellom dei to landa no står ved eit historisk vegskilje – og at den britiske regjeringa snarast mogleg bør gi prosjektet – som har ein prislapp på 18 milliardar pund – grønt lys. China General Nuclear Power Corporation er saman med franske EDF partnar i Hinkley-prosjektet.
Det ambassadør Xiaomin ikkje kommenterer er kostnaden for britiske skattebetalarar ved å produsere strøm frå ny kjernekraft kontra andre teknologiar. Den britiske regjeringas nye utrekningarviser at sol og vind vil vere langt billegare alternativ den dagen Hinkley Point C-kraftverket står ferdig.
EU vil granske Vattenfall-avtale: Då Miljøpartiet i Sverige hamna i regjering saman med Sosialdemokratane hausten 2014, var eit av partiets store gjennomslag at statseigde Vattenfall skulle stenge ned all kolvaktivitet i Tyskland. Men sigeren blei kortvarig. Den tyske regjeringa protesterte. Dei hevda at ein einsidig nedlegging av kolkraftverk og gruver ville få store negative konsekvensar for landets energiforsyning og truge tusenvis av arbeidsplassar. Den svenske regjeringa måtte snu. Framfor å stenge ned gjekk dei inn for å selje Vattenfalls kolaktivitet. I april i år blei kjøparen offentleggjort: det tsjekkiske energiselskapet EPH. Prisen er ikkje kjent, men med på kjøpet skal EPH også ha sikra seg 15 milliardar svenske kroner som skal gå til diverse tiltak i gruveområda. Konkurrentar klaga avtalen inn til EU for brot på statsstøttereglane, og no har EU-kommisjonen starta gransking. Vattenfalls tyske brunkulleventyr lever vidare. Lesetips for spesielt interesserte: .