Trump eller Clinton?

VIKTIG PRESIDENTVAL: Etter valet 8. november blir det klart om USAs neste president heiter Donald Trump eller Hillary Clinton. Foto:
Kvar fredag presenterer redaksjonen i Energi og Klima fem viktige nyheitssaker frå veka som har gått. Her er mine utvalde:
Skjebneval for klimaet: I neste veke får vi vite om Paris-avtalen, som trer i kraft i dag, får eit langt eller kort liv. For klimaet blir det amerikanske presidentvalet eit skjebneval. Donald Trump har kalla global oppvarming ein kinesisk svindel ("a Chinese hoax") og har sagt at han vil trekke USA frå klimaavtalen. Mens Clinton har sagt at USA under henne skal bli ein grøn supermakt ("clean energy superpower"), lovar Trump å kansellere Obamas Clean Power Plan, starte bygginga av den kontroversielle Keystone XL, fjerne alle reguleringar for fracking og sette ein stoppar for det føderale miljødirektoratet EPA til å regulere CO₂-utslepp.
Fleire gode kommentarar denne veka spør korleis denne haldninga til klimaendringane er mogleg i 2016. Andy Kroll i Rolling Stone Magazine skildrar og forklarar klimafornektinga i det konservative partiet, mens The Economist samanliknar Trump og Clintons klimapolitikk. Eit viktig poeng i sistnemnte artikkel, i tillegg til at Clinton er den einaste av dei to som ønskjer å redusere klimagassutslepp og styrke posisjonen til fornybar energi, er at marknadsutviklinga er vel så viktig som politikken. Ein kan ikkje sjå bort ifrå at utsleppa også kan gå ned med Trump som president, skriv han. Mindre optimist er kommentator Martin Wolf i Financial Times (Abo). Han meiner begge kandidatane er klimafornektarar – rett nok med ulik styrke. Trump fornektar menneskeskapte klimaendringar og gjer ingenting ("denial major"), mens Clinton trur på menneskeskapte klimaendringar utan å gjere nok ("denial minor"). Ein viktig skilnad er det likevel: Trump er ein garantist for fiasko på klimafeltet, det er ikkje Clinton.
Havvind meir konkurransedyktig:Bloomberg New Energy Finance sin siste kostnadsstudie er hyggelig lesing for alle som er oppteken av havvind. BNEF har for andre halvår 2016 nedjustert den globale gjennomsnittsprisen (LCOE) for havvind til $126/MWh – ned 22 prosent i høve til første halvår 2016 og ned 28 prosent samanlikna med andre halvår 2015. Nye prisrekordar frå Danmark og Nederland er ein stor del av forklaringa. Også kostnadene for landbasert vindkraft og solenergi (PV) er nedgåande.
