FN: – Vi har lagt bak oss historias varmaste tiår
2024 markerte både eit rekordvarmt år og eit rekordvarmt tiår. Les òg: investorvenlege klimateknologiar, mindre kolkraft i Tyskland, BYD pustar Tesla i nakken og tips til sju personlege klimatiltak.
Godt nytt år!
Også i 2025 vil Energi og Klima gi ut #Fempåfredag – vårt vekentleg nyheitsbrev som presenterer fem aktuelle nyheiter frå det internasjonale klima- og energifeltet, skrive på rundgang av tilsette i Norsk klimastiftelse og Energi og Klima. Her er mine utvalde:
Klimastatus 2024
Fem på fredag – et nyhetsbrev med internasjonale klima- og energinyheter
I Nyhetsbrevet Fem på fredag velger redaksjonen i Energi og Klima ut fem ferske saker fra internasjonale medier som vi synes er verd å få med seg. Nyhetsbrevet får du gratis, rett i innboksen din hver fredag klokka 07:00. Er du ikke abonnent ennå, kan du melde deg på nyhetsbrevet her:
Dei ti varmaste åra som nokon gong er registrert har alle funne stad dei siste ti åra, og 2024 var med stort sannsyn det aller varmaste. Det sa FNs generalsekretær António Guterres i årets nyttårshelsing.
Ein fersk rapport frå World Weather Attribution og Climate Central viser at klimarelatert ekstremvêr i 2024 bidrog til tusenvis av dødsfall og fordriving av millionar av menneske.
Gjennomsnittspersonen på kloden opplevde i 2024 i snitt 41 fleire dagar med farleg hete («dangerous heat») som følge av klimaendringane (meir om metodikken her). Det er områda nærast ekvator som har flest dagar med farleg hete, og aller mest utsette er små, fattige øystatar («Small Island Developing States»).
2024 var det første året der den globale oppvarminga passerte 1,5 gradar celsius samanlikna med førindustrielt nivå. For å bryte med Parisavtalens mål, må oppvarminga passere 1,5 gradar over ein lenger tidsperiode.
Argentinaren Celeste Saulo avslutta sitt første år som generalsekretær i Verdas meteorologiorganisasjon (WMO) med følgjande påminning til verdssamfunnet: «Every fraction of a degree of warming matters, and increases climate extremes, impacts and risks.»
Les òg: Christian Aid publiserte 30. desember rapporten The cost of climate change in 2024 der dei har analysert klimarelaterte erstatningar i 2024.
Ja til KI, nei til hydrogen
Starten av januar er høgtid for spådomar om året vi har framfor oss. Bloomberg Green har spurd eit utval investorar og analytikarar om kva klimateknologiar dei har mest og minst tru på i 2025.
Her er resultatet – i kortform:
- Kjøpe: Kanskje ikkje så overraskande, er at «alt» som har med KI å gjere, vert spådd å få eit godt år i 2025. Det omfattar teknologiar som reduserer utslepp frå KI-bruk (til dømes å sikre datasentre utsleppsfri kraftforsyning), samt teknologiar der KI kan brukast til å kutte utslepp i andre sektorar. Eit godt år kan det også bli for klimateknologiar som kan koplast til nasjonal tryggleik, som til dømes produksjon av kritiske mineral, stål eller halvleiarar.
- Selje: I den andre enden av skalaen finn ein grønt hydrogen. Dette heng saman med at fleire land har senka ambisjonane for hydrogen som klimaløysing, samt at produksjon av grønt hydrogen framleis er alt for dyrt. Analytikarane og investorane meiner òg det blir krevjande for selskap som driv med direktefangst av CO₂ frå lufta (Direct Air Capture, DAC). Kostnadsbiletet for DAC gjer det høgst usikkert kva rolle teknologien vil spele framover.
Respondentane er meir avventande til teknologiar som kan få ned utsleppa frå bustadsektoren og teknologiar knytt til berekraftig landbruk.
Les også: I ein kommentar publisert på julaftan skreiv BloombergNEF-grunnleggar Michael Liebreich at 2024 vil gå inn i historia som året da energisektoren vakna opp til KI.
Rekordår for fornybar energi i Tyskland
Det er framleis litt tidleg med offisielle straumstatistikkar for 2024, men nokre interessante data har likevel begynt å sive ut. Dette er frå tyske Fraunhofer ISE si ferske analyse av rådata frå energy-charts.info:
- Fornybar energi stod for nesten 63 prosent av netto offentleg kraftproduksjon i Tyskland i 2024.
- Fossil kraftproduksjon gjekk ned med 11,5 TWh: Det var kraftig nedgang i kolkraft (-15,7 TWh), medan gasskraftverka produserte noko meir (+4,2 TWh).
- Fornybar kraftproduksjon auka samla sett med 5,8 TWh. Det var nedgang i vindkraftproduksjon (-3 TWh), men oppgang for solkraft (+5,9 TWh), vasskraft (+2,7 TWh) og biomasse (+0,2 TWh).
- For andre år på rad importerte Tyskland meir straum enn dei eksporterte. Noreg hadde netto eksport av kraft til Tyskland på 5,8 TWh (7,4 TWh i eksport og 1,6 TWh i import). Netto eksport av kraft var likevel langt større frå Danmark (12 TWh) og Frankrike (12,5 TWh).
- 2024 var det første heile året utan nokon kjernekraftproduksjon i Tyskland.
Heile analysen finn de her.
Les òg: Storbritannias elektrisitet har aldri vore reinare enn i 2024, skriv The Guardian.
Elbildata for 2024 – eit varsel om framtidig kinesisk dominans?
Medan dei tradisjonelle bilprodusentane i Europa og USA i fleire år har slitt med fallande etterspurnad og elektrifisering som trugar gamle forretningsmodellar, har Tesla sin situasjon vore prega av kraftig vekst i salstala år etter år.
Men i 2024 snudde trenden: Tesla klarte ikkje å selje fleire personbilar enn året før, noko som ikkje har skjedd sidan 2011. Rekneskapen for 2024 viser at salet enda på 1,79 millionar køyretøy, mot 1,81 millionar i 2023.
Tesla klarte så vidt å berge førsteplassen på lista over verdas største elbilprodusentar, men det spørs om dei ikkje alt i 2025 må gi frå seg trona. For plassen rett bak Tesla lurer kinesiske BYD – som i fjor selde 1,76 millionar reina elbilar.
Også andre kinesiske produsentar har fått fart på elbilsalet sitt. Rett nok frå små volum, men farten bør uroe amerikansk og europeisk bilindustri. Meir om denne trenden kan du eventuelt lese i Financial Times (abo).
Sju tiltak DU kan gjere for klimaet
Manglar du nyttårsforsett? Under overskrifta Seven proven ways to help the planet in 2025 oppsummerer sju journalistar i BBC det dei omtalar som «dei mest verknadsfulle handlingane du kan ta for å leve meir berekraftig det komande året». Her er lista:
- Gå over til ein plantebasert diett.
- Reis med tog framfor fly.
- Kjøp færre klede.
- Gjer kjæledyrhaldet meir berekraftig.
- Sørg for fornybar oppvarming av bustaden.
- Flytt spare- og pensjonspengane dine ut av fossil energi.
- Reduser forbruket av eingongsplast.
I artikkelen forklarar journalistane kvifor kvart punkt er viktig.