2
4

2
Stillinger
4
Klimakalender
Lars-Henrik Paarup Michelsen
Lars-Henrik Paarup Michelsen
Dagleg leiar i Norsk klimastiftelse. Kontakt: lhpm@klimastiftelsen.no
Publisert 12. juni 2025
Sist oppdatert 14.06.2025, 11:19
Fem på fredag

Karbon­pri­sing på fram­marsj – men utsleppa kostar framleis for lite

Ny rapport viser at karbonprising omfattar over ein fjerdedel av globale utslepp. Les også om varmare klimaanlegg i India, elbilvekst i EU, solkonkurs i USA og global oppheting som den nye normalen.
Et stort industrianlegg med flere skorsteiner som avgir hvit røyk, med en bysilhuett og fjell synlige i bakgrunnen.

MÅ BETALE FOR HALVPARTEN AV UTSLEPPA: Rett over femti prosjekt av global kraftproduksjon er underlagt ein eller annan form for karbonprising. Her frå eit kolkraftverk i Kina. Foto: Chinatopix Via AP, NTB

Publisert 12. juni 2025
Sist oppdatert 14.06.2025, 11:19
Lars-Henrik Paarup Michelsen
Lars-Henrik Paarup Michelsen
Dagleg leiar i Norsk klimastiftelse. Kontakt: lhpm@klimastiftelsen.no

Kvar fredag presenterer redaksjonen i Energi og Klima fem viktige nyheitssaker frå veka som har gått. Her er mine utvalde:

Karbonprising brer om seg

Fem på fredag – et nyhetsbrev med internasjonale klima- og energinyheter

Få de fem viktigste klimasakene samlet hver fredag.

Vi deler aldri din e-postadresse med tredjeparter.

Per 1. april 2025 dekka karbonprising, som CO₂-avgift og kvotehandelssystem, om lag 28 prosent av dei globale klimagassutsleppa, viser ein fersk rapport frå Verdsbanken – opp frå 24 prosent 1. april 2023. Sektorane med høgast del karbonprisa utslepp er kraftproduksjon (51 prosent) og industri (43 prosent), medan landbruk og avfall knapt er omfatta.

Dei viktigaste landa med karbonprising er Canada, Kina, EU, Japan, Mexico og Storbritannia. I USA finst det karbonprisordningar berre på delstatsnivå  – i California, Colorado, Massachusetts, Oregon og Washington.

Den mest omfattande endringa det siste året var utvidinga av den kinesiske kvotemarknaden, som no omfattar utslepp frå sement-, stål- og aluminiumsindustrien – i tillegg til kraftproduksjon.

Verdsbanken peikar òg på at framveksande økonomiar som Brasil, India, Indonesia og Tyrkia no planlegg ulike karbonprisordningar. Samstundes vurderer fleire land å innføre såkalla karbontoll mot land utan karbonprising. Her har EU gått føre med sin CBAM (Carbon Border Adjustment Mechanism).

I møte med klimakrisa og stramme offentlege budsjett er veksten i karbonprising ei god nyheit. Slike regime genererer no kring 100 milliardar dollar i årlege inntekter. Likevel er prisnivået for lågt til å nå Paris-måla, og høg inflasjon har det siste året svekt den reelle CO₂-prisen.

Vil du gå djupare?Rapporten State and Trends of Carbon Pricing 2025 gir status også for marknaden med karbonkredittar, som mange bedrifter nyttar for å kompensere restutslepp.

Klimaanlegg har blitt eit kraftsluk i India

India må skru opp temperaturen i klimaanlegga for å spare straum, skriv Bloomberg Green. Landet har i dag rundt 100 millionar klimaanlegg, og marknaden veks med 15 millionar einingar årleg. Desse står for 50 GW i effektforbruk – ein femtedel av landets totale kapasitet. Det er kanskje ikkje så rart at delar av landet slit med straumbrot når varmen er på sitt verste frå april til juni.

Forslaget som styresmaktene no jobbar med, er å regulere temperaturintervallet for klimaanlegg og heve minimumstemperaturen frå 16 til 20 gradar. Tiltaket skal gjelde klimaanlegg både i bustader, hotell og bilar. Ifølgje Bloomberg Green vil straumforbruket falle med 6 prosent for kvar einaste grad ein hevar minstetemperaturen.

Elbilsalet tek seg opp i Europa

Frå januar til april i år steig elbilsalet i Europa med 26,4 prosent frå same periode i fjor. Totalt blei det selt 558 262 elbilar i dei fire første månadene av året, noko som gir ein marknadsdel på 15,3 prosent (mot 12 prosent i 2024). Det er ferske tal frå The European Automobile Manufacturers’ Association (ACEA) som viser dette. ACEAunderstrekar at det er store geografiske skilnader: så langt i år har tre land – Tyskland, Belgia og Nederland – stått bak 63 prosent av EUs elbilregistreringar.

Samtidig går utviklinga motsett veg for bensin- og dieselbilane: Her var reduksjonen på høvesvis 20,6 og 26,4 prosent i årets fire første månader. Bensinbilane har no ein marknadsdel på 28,6 prosent, medan dieselbilane har ein marknadsdel på 9,6 prosent (då er hybridbilar ikkje medrekna).

Ifølgje DW skuldast elbilveksten først og fremst nye EU-reglar som krev at bilprodusentane reduserer utsleppa frå eigen personbilflåte med 15 prosent samanlikna med 2021. Financial Times viser òg til at kinesiske bilprodusentar pressar prisane i småbilmarknaden.

Ny solkonkurs i USA – men investorar trur likevel på vekst

For andre veka på rad har eit amerikansk solenergiselskap gått konkurs. Sunnova Energy måtte gi seg som følge av høgare renter, lågare etterspurnad og at Trump-administrasjonen nyleg trekte tilbake ei delvis lånegaranti på 3 milliardar dollar. Trumps skattereform, som no er til behandling i Kongressen, inneber òg kutt i solcellestøtta til amerikanske hushald – som var Sunnovas kundar.

Likevel trur mange langsiktige investorar på vekst, ifølgje Financial Times. Dei ventar at etterspurnaden etter straum vil auke kraftig framover, drivne av fleire datasenter i kjølvatnet av KI. Investorane trur veksten først og fremst vil kome i dei mest modne teknologiane: landbasert vind, batterilagring og storskala solparkar.

Varmerekordar på land og til havs

Global oppheting held fram som den nye normalen, skriv nettstaden phys.org. Bakgrunnen er temperaturstatistikken som EUs forskingsteneste Copernicus publiserte denne veka. Mai 2025 var den første av 21 samanhengande månader der den globale temperaturauken ikkje passerte 1,5 gradar samanlikna med før-industriell tid (1850-1900). Likevel var mai i år den nest varmaste mai-månaden som nokon gong er registrert.

Copernicus meldar òg at delar av Nordvest-Europa i mai opplevde dei lågaste nivåa av nedbør og jordfuktigheit sidan 1979. No er det frykt for tørke, skriv Guardian.

Mai hadde òg unormalt høge havtemperaturar i det nordaustlege Atlanterhavet, og nådde det høgaste nivået som nokon gong er registrert, ifølgje Copernicus.

ANNONSE
Bluesky

Les også

To menn i dress håndhilser foran amerikanske og kinesiske flagg, stående på en scene med et mørkeblått forheng i bakgrunnen.

Kinas solceller eller USAs gass – framtidas energiveddemål

Trump og Xi diskuterer toll, men striden mellom dei to stormaktene handlar eigentleg om noko større: kven som skal dominere framtidas energimarknader.
31. oktober 2025
Les mer
To menn i dress, den ene vinkende, står utendørs mens folk i forgrunnen holder opp gule og røde blomsterbuketter.

Kina skuffer, men rykker fra

Denne ukens fem utvalgte: Kinas klimamål skuffer, Sverige bommer helt på sine, Brasil tar initiativ, kloden er i dårlig form og klimatilpasset sopp blir farligere for helsen.
26. september 2025
Les mer

Om oss

Om oss
Våre støttespillere
Støtt vårt arbeid
Annonsere
Personvernerklæring
Administrer informasjonskapsler

Følg oss

Facebook
Bluesky
Linkedin
Rss feed

Kontakt oss

Redaksjonen
Energi og Klima
Odd Frantzens plass 5
N-5008 Bergen
til toppen
Støtt oss
Støtt oss
Artikkelen fortsetter under annonsen
Annonse
Våre støttespillere
Ledige stillinger i det grønne skiftet

NVE søker rådgiver

Rådgiver innen energibruk, dataforvaltning og digitalisering
Oslo, Trondheim, Tønsberg
Frist: 17.03.2026
Tre kollegaer som prater sammen rundt et bord

NVE søker rådgiver

Rådgiver innen EU-regelverk, energieffektive produkter og fornybar energi
Oslo, Trondheim
Frist: 11.03.2026
kaffepause kontor kollegaer