3
4

3
Stillinger
4
Klimakalender
Lars-Henrik Paarup Michelsen
Lars-Henrik Paarup Michelsen
Dagleg leiar i Norsk klimastiftelse. Kontakt: lhpm@klimastiftelsen.no
Publisert 10.04.2025, 23:14
Sist oppdatert 09.05.2025, 08:15
Fem på fredag

Klimakamp til havs – utan USA

Dramatiske forhandlingar om CO₂-avgift i internasjonal skipsfart. Les òg om IEAs råd til Tyskland, Volkswagens elbilvekst, aksjonistar som tek pause – og kolindustrien som truleg ikkje kan reddast
Et skip ligger til kai under en stor kran merket "Port Authority of Thailand No. 261," laster eller losser røde fraktcontainere.

GLOBAL CO₂-AVGIFT? Denne vekas møte i sjøfartsorganisasjonen IMO blir historisk om IMO-landa samlar seg om ein global CO₂-avgift for skipsfarten. Foto: Athit Perawongmetha/Reuters/NTB

Publisert 10.04.2025, 23:14
Sist oppdatert 09.05.2025, 08:15
Lars-Henrik Paarup Michelsen
Lars-Henrik Paarup Michelsen
Dagleg leiar i Norsk klimastiftelse. Kontakt: lhpm@klimastiftelsen.no

Kvar fredag presenterer Energi og Klima fem internasjonale nyheiter frå veka som har gått. Her er mine utvalde:

Fem på fredag – et nyhetsbrev med internasjonale klima- og energinyheter

Få de fem viktigste klimasakene samlet hver fredag.

Vi deler aldri din e-postadresse med tredjeparter.

Strid om global CO₂-avgift for skipsfarten

Miljøkomiteen i Den internasjonale sjøfartsorganisasjonen (IMO), Marine Environment Protection Committee (MEPC), har vore i London denne veka for å forhandle fram nye klimatiltak som skal hjelpe internasjonal skipsfart å nå målet om netto null klimagassutslepp innan 2050.

Øvst på agendaen står forslag om ein global drivstoffstandard – som gradvis skal redusere klimagassintensiteten i marint drivstoff – og innføring av ein global CO₂-avgift. I denne teksten forklarar Constance Dijkstra i T&E kvifor det er viktig å sikre begge delar.  

Onsdag vart det kjent at USA har trekt seg frå forhandlingane i IMO. Dette var ikkje heilt uventa, gitt signala frå Trump-administrasjonen dei siste månadene.

Trump skal òg ha truga med mottiltak dersom IMO-landa gjekk inn for økonomiske klimatiltak i den internasjonale skipsfarten. Kva slags effekt desse trugslane vil få, er førebels uvisst – om fleire land vil følgje USA sitt døme, eller om dei øvrige medlemslanda vil velje å trosse Washington.

Vi får truleg ikkje svaret før forhandlingane vert avslutta fredag 11. april.

IEA oppmodar Tyskland til gasskutt

Same veke som påtroppande forbundskanslar Friedrich Merz landa ein politisk avtale med sosialdemokratane, kom Det internasjonale energibyrået (IEA) med ti tilrådingar til korleis Tyskland kan nå målet om netto null klimagassutslepp innan 2045. IEA rosar Tyskland for å ha kome langt i energiomstillingsarbeidet, men peikar òg på fleire utfordringar framover. At gass står for om lag ein tredel av den samla energibruken, er ei av desse.

Medan Tyskland har vedteke ein klar strategi for å erstatte gassbruken i byggsektoren, problematiserer IEA at gassens rolle er meir uavklart i kraftsektoren og industrien. I rapporten tek IEA til orde for ein «utlaupsdato» for bruk av gass i desse sektorane – slik at investorar får eit tydelegare styringssignal.

Om den nye regjeringa i Tyskland vil følgje råda frå IEA, gjenstår å sjå. Førebels ser det ikkje slik ut når det gjeld gass: I koalisjonsavtalen varslar CDU/CSU og SPD at dei vil lyse ut 20 GW nye gasskraftverk. Samstundes opnar avtalen for gasskraft med karbonfangst og -lagring (CCS). Det kan i praksis bety varig subsidiering av importert fossil gass, åtvarar tankesmia Agora Energiewende.

Kva skjer vidare?Det formelle valet av ny forbundskanslar blir gjort av Bundestag, truleg først i mai.

Volkswagen slår tilbake

Den tyske bilgiganten Volkswagen meir enn dobla salet av elbilar i Europa i første kvartal av 2025, samanlikna med same periode i fjor. Totalt leverte konsernet over 150 000 elbilar til den europeiske marknaden, skriv Electrek. Dermed er Volkswagen no den største elbilaktøren i Europa. Samstundes opplevde Tesla ein salsnedgang i alle europeiske marknader i årets tre første månader – med unntak av Storbritannia.

Sjølv om Volkswagen for tida opplever god vekst i Europa og USA, er det i den internasjonale konkurransen framleis langt opp til BYD. Den kinesiske bilprodusenten selde 416 109 elbilar globalt i første kvartal 2025 – rundt 200 000 fleire enn Volkswagen.

Aksjonistgruppe tek pause

Den nederlandske aksjonistgruppa Follow This har kunngjort at dei for første gong sidan 2016 ikkje vil fremje klimarelaterte resolusjonar mot olje- og gasselskap under den komande generalforsamlingssesongen. Det skriv The Guardian. Avgjerda skuldast aukande motstand frå institusjonelle investorar, påverka av eit endra politisk klima og juridiske utfordringar i einskilde amerikanske delstatar mot investorar som støttar klimaaksjonar.

Til avisa seier grunnleggjar Mark van Baal at Follow Thisvil halde fram dialogen med investorar og at gruppas mål ikkje skal endrast.

Kolindustrien i USA kan ikkje reddast

Tysdag signerte Donald Trump fire presidentordrar som har til hensikt å få liv i amerikansk kolindustri igjen. Too late, skriv Wired. Nettmagasinet viser til at gjennomsnittsalderen til eit kolkraftverk i USA er 45 år, og at det siste storskala kolkraftverket som blei bygd, kom i drift i 2013. Å starte opp att nokon av kolkraftverka som har blitt stengd ned dei siste åra vil dessutan vere økonomisk ufornuftig, kommenterer tankesmia IEEFA.

Trump hevdar at kol er «billeg» og «utruleg effektivt», noko som sjølvsagt ikkje stemmer. Associated Press har gått gjennom og faktasjekka alle påstandane Trump kom med då kol-pakken blei presentert.  

Les også: Sidan Parisatalen i 2015 har nær 60 land drastisk redusert eigne planar om nye kolkraftverk.

ANNONSE
Bluesky

Les også

Et stort containerskip lastet med stablede containere seiler i nærheten av en travel havn, med kraner og andre containerskip synlige i bakgrunnen under en overskyet himmel.

Seier for Trump: Klimaavtale for global skipsfart utsettes

Press og trusler førte frem for en fossilkoalisjon ledet av USA: Avstemning om det banebrytende rammeverket for utslippskutt i global skipsfart blir utsatt med et år.
17. oktober 2025
Les mer

Om oss

Om oss
Våre støttespillere
Støtt vårt arbeid
Annonsere
Personvernerklæring
Administrer informasjonskapsler

Følg oss

Facebook
Bluesky
Linkedin
Rss feed

Kontakt oss

Redaksjonen
Energi og Klima
Odd Frantzens plass 5
N-5008 Bergen
til toppen
Støtt oss
Støtt oss

Våre støttespillere

Ledige stillinger i det grønne skiftet

Norsk Industri søker ny bransjesjef for Offshore

En ny leder søkes til spennende arbeid
Oslo
Frist: 08.04.2026
Bilde av en sveiser og et bildet av utsikten fra en plattform

Norsk Industri søker ny bransjesjef for Kraftforedlende industri

Ny sjef til viktig arbeid søkes
Oslo
Frist: 08.04.2026
Bilde av en sveiser, og et bildet av utsikten fra en plattform

Energi og Klima søker nyhetsjournalist

Energi og Klima søker nyhetsjournalist
Fortrinnsvis Bergen eller Oslo
Frist: 29.03.2026
Kollegaer som ler sammen