6

Stillinger
6
Klimakalender
Lars-Henrik Paarup Michelsen
Lars-Henrik Paarup Michelsen
Dagleg leiar i Norsk klimastiftelse. Kontakt: lhpm@klimastiftelsen.no
Publisert 20.03.2026, 05:00
Sist oppdatert 20.03.2026, 10:04
Podkast

Elleville oljeforslag frå Frp

Frp overgår sjølv ønskja til oljebransjen når dei fremjar forslag om eit nytt oljeeventyr på sokkelen.
Publisert 20.03.2026, 05:00
Sist oppdatert 20.03.2026, 10:04
Lars-Henrik Paarup Michelsen
Lars-Henrik Paarup Michelsen
Dagleg leiar i Norsk klimastiftelse. Kontakt: lhpm@klimastiftelsen.no

Denne veka la Framstegspartiet fram to representantforslag på Stortinget som garantert kjem til å bli mykje debattert denne våren. Det eine forslaget handlar om «det neste oljeeventyret på norsk sokkel» – og inkluderer i alt 27 forslag for auka produksjon.

I det andre forslaget ber Frp regjeringa om å leggje fram ein heilskapleg analyse av «de samfunnsøkonomiske kostnadene av at Norge skal redusere klimagassutslippene med 70 prosent fra 1990-nivå innen 2035».

Klimax-panelet er også innom spørsmålet om kven som skal leie Omstillingskommisjonen, og EUs nettpakke, som fleire norske politikarar har rykka ut mot denne veka. Blir dette den neste «ACER»-debatten i norsk politikk?

Og som alltid vert vekas antiklimax og klimax kåra.

Episoden blei spelt inn torsdag 19. mars. Dei som deltok, var:

  • Anne Karin Sæther, prosjektleiar i Norsk klimastiftelse
  • Lars Holger Ursin, ansvarleg for forskingsformidling i Norsk klimastiftelse
  • Lars-Henrik Paarup Michelsen, dagleg leiar i Norsk klimastiftelse

Lenker til saker som vert omtalte i episoden:

  • Det neste oljeeventyret på norsk sokkel (Dok. 8:175 S, 2025–2026)
  • Kostnadsberekningar for å nå Noregs klimamål (Dok. 8:174 S, 2025–2026)
  • Brev fra energiminister Terje Aasland til EU-kommisær Dan Jørgensen om EUs nettpakke (Regjeringen.no, 16.3.2026)
  • Rødt-nestleder ber Aasland følge Sverige mot EUs nettpakke (TU, 17.3.2026)
  • Truer med brems i norsk strømeksport (E24, 17.3.2026)
  • Sveriges energiminister opplever «stor støtte» for å skrote EUs omstridte flaskehals-forslag (Energi og Klima, 17.3.2026)
  • Langt flere vil ha støtte til mer energieffektiv bolig (DN, 17.3.2026)
  • Vår Energis innspel til EU-kommisjonens arbeid med ny Arktis-strategi (Europakommisjonen, 16.3.2026)
ANNONSE
Bluesky
Ledige stillinger i det grønne skiftet

Om oss

Om oss
Våre støttespillere
Støtt vårt arbeid
Annonsere
Personvernerklæring
Administrer informasjonskapsler

Følg oss

Facebook
Bluesky
Linkedin
Rss feed

Kontakt oss

Redaksjonen
Energi og Klima
Odd Frantzens plass 5
N-5008 Bergen
til toppen
Støtt oss
Støtt oss

Våre støttespillere