Klimasjekk av statsbudsjettet – kven vann?
Partia på raudgrøn side har vorte einige om innhaldet i Statsbudsjettet for 2026. Kva får dette å seie for klimagassutsleppa og omstillinga av Noreg?
Etter ein intens start på den politiske veka – der MDG truga med å felle Støre dersom Arbeidarpartiet ikkje kom dei i møte i budsjettforhandlingane – er usemjene no rydda av vegen. AP, SP, SV, Raudt og MDG står samla bak statsbudsjettet for neste år.
I denne Klimax-episoden diskuterer Anders Bjartnes, Kirsten Å. Øystese og Lars-Henrik Paarup Michelsen det viktigaste innhaldet i budsjettet sett med klima- og energibriller, det politiske spelet – og kva for parti som har mest å juble for.
Panelet er også innom DNV-rapporten som spår kraftunderskot rundt 2030.
Episoden vart spelt inn torsdag 4. desember.
Lenker til saker omtalt i denne Klimax-episoden:
- Budsjettforlik 03.12.2025: Statens inntekter og utgifter 2026
- Budsjettforlik 03.12.2025: Verbaler
- Budsjettforlik 03.12.2025: Mandat til omstillingsutvalet
- Representantforslag fra SV: Konsesjonsordning for etablering av datasentre
- Norsk klimastiftelse-notat 04.12.2025: Paris-vennlig olje?
- Opptak fra Petropraten 04.12.2025: Er norsk oljevirksomhet i tråd med Parisavtalen?
- Rapport frå DNV: Energy Transition Outlook Norway 2025
- NRK 03.12.2025: NORWEP mister all statlig støtte: – Vi må sette kroken på døra