Attraktivt med havvind i Danmark

Anholt havvindmøllepark, som blei offisielt opna 4. september 2013. Dansk havvind skal knyttes sammen av energiøyer. (Foto: Flickr Lisens: CC by-sa)
Dette er et debattinnlegg. Teksten er kvalitetssikret i tråd med redaksjonelle prinsipper for publisering. Innholdet reflekterer skribentens egne meninger.
Anholt Havmøllepark utanfor Jylland blei offisielt opna hausten 2013. Han leverer rein straum til 400.000 danske hushald og er for augneblinken Danmarks største havvindmøllepark.
Forutan å vere eit levande bevis på ein offensiv dansk havvindsatsing, representerer Anholt ein tidstypisk eigarskapsallianse for kapitalkrevjande fornybarprosjekt: energiselskap + institusjonell kapital. Våren 2011 kom meir enn 850.000 danske pensjonstakarar inn på eigarsida då Dong Energy selde halve aksjeposten i Anholt til pensjonsselskapa Pension Danmark (30 prosent) og PKA (20 prosent).
Adm. direktør i PensionDanmark, Torben Möger Pedersen, skriv i ein e-post til Energi og Klima at selskapet har som mål å investere 10 prosent av porteføljen i infrastruktur. Forklaringa er usikre økonomiske konjunkturar og nervøse finansielle marknader. I tillegg har kraftige rentefall dei seinare åra gjort obligasjonsmarknaden mindre attraktiv.
«Vi søker alternative investeringar, der ein er meir uavhengig av konjunkturane, har avgrensa risiko, men likevel gir ein avkastning vesentleg over obligasjonsrenta og tett på det ein kan oppnå i aksjemarknaden. Det gjer dei fleste infrastrukturprosjekt, herunder investeringar i havmølleparkar».
I tillegg til å eige 30 prosent av aksjene i Anholt Havmøllepark (3,8 mrd. DKK) har PensionDanmark kjøpt seg inn i Nysted Havmøllepark (700 mill. DKK), tre landbaserte vindprosjekt i USA (knappe 1 mrd. DKK), USAs første havvindmøllepark Cape Winds (1,2 mrd. DKK) og seks vindmølleparkar i Storbritannia (1,35 mrd. DKK).
«Vi går direkte inn som eigar av vindparkane. Det gir oss langt betre styring av aktiva – herunder risiko. Samtidig kan vi binde mykje kapital over lang tid, noko som er etterspurt hos mellom andre energiselskap, som pt skal slanke sine balansar. Dermed oppnår vi ein ekstra premie på våre investeringar».
Eigarane av Anholt er sikra 1,05 kroner pr. kilowatt-time for dei første 50.000 driftstimane (ca. 12 år).
Global trend
Anholt er berre eitt av mange fornybarprosjektet som blir realisert med kapital frå institusjonelle investorar.