Høgrisiko å investere i tjæresand og arktisk olje

Dette er et debattinnlegg. Teksten er kvalitetssikret i tråd med redaksjonelle prinsipper for publisering. Innholdet reflekterer skribentens egne meninger.
På få år har Carbon Tracker Initiative (CTI) klart å gjere klimakrisa til eit spørsmål om finansiell risiko. Resonnementet er grundig dokumentert og vi kjenner det godt: Skal verda unngå ei alvorleg klimakrise, kan berre ein brøkdel av dei samla reservane av olje, kol og gass utvinnast. Enorme verdiar står på spel fordi fossile energiprodusentar bokfører reservar som ikkje kan utvinnast om togradersmålet skal nås. Dei skil ikkje mellom brennbare og ubrennbare karbonar.
Den nye rapporten "Carbon supply cost curves: Evaluating financial risk to oil capital expenditures" (pdf) går meir konkret til verks enn tidligare publikasjonar. I realiteten har CTI gitt ut ein operasjonell rettleiar for investorar som ønsker å redusere eigen eksponering for karbonrisiko i oljemarknaden.
Oljepris som risikoindikator
Rapportens utgangspunkt er at det globale karbonbudsjettet fram for 2013-2050 er på 900 Gt CO₂. Gitt at fordelingsnøkkelen mellom olje, kol og gass blir som i dag, vil det innanfor dette budsjettet vere rom for ein oljeproduksjon tilsvarende 360 Gt CO₂ frem mot 2050. Føresetnadene kan sjølvsagt diskuterast. Eit raskt fall i kolforbruket, eller gjennombrot for karbonfangst og -lagring (CCS), kan gje rom for eit noko større karbonbudsjett for oljeindustrien. Men eit budsjett vil det uansett vere.
I det praktiske liv er det vanskeleg for investorar å ta omsyn til karbonbudsjett når ein skal vurdere eit prosjekt eller selskap. Derfor har CTI utvikla ein karbonkostnadskurve som viser forholdet mellom framtidig oljeproduksjon (målt i CO₂-utslepp) og forventa prisnivå for break-even og dertil nødvendig marknadspris. Som figuren nedanfor viser vil eit karbonbudsjett på 360 Gt CO₂ samanfalle med break-even på 60 USD per fat (som svarar til ein marknadspris på 75 USD).

For investorar som vil redusere risikoen handlar det om å skilje mellom høgkostnadsprosjekt og lågkostnadsprosjekt. I eit framtidsscenario med låg oljeetterspurnad/-pris kan prosjekt som er avhengig av ein pris på 75-95 USD per fat bli tapsprosjekt. Når lønsomheita krev ein oljepris på minst 95 USD per fat har ein bevega seg over i høgrisikoland – langt unna togradarsmålets karbonbudsjett.





