1

Støtt oss
Stillinger
1
Klimakalender

Om oss

Om oss
Støtt vårt arbeid
Annonsere
Personvernerklæring
Administrer informasjonskapsler

Følg oss

Facebook
Bluesky
Linkedin
Rss feed

Kontakt oss

Redaksjonen
Energi og Klima
Odd Frantzens plass 5
N-5008 Bergen
til toppen
Lars Emil Berge
Lars Emil Berge
Styreleiar i Småkraftforeninga.
Publisert 3. desember 2024
Sist oppdatert 3.12.2024, 19:00
Debatt

Kan miljø­rørsla (og Eivind Trædal) seia ja til småkraft?

Småkraft har minimale naturinngrep, blir bygd utan subsidier, kan raskt koma i produksjon og bidreg sterkt til lokal verdiskaping, skriv styreleiar Lars Emil Berge i Småkraftforeninga.

Moderne bygg med stein- og glassfasade, beliggende ved en bro over en liten bekk, med snødekte fjell og vinterlandskap i bakgrunnen.

Kan miljøbevegelsen like småkraft? Her fra Litlebø kraftverk på Hellesylt i Stranda kommune. (Foto: Privat)

Publisert 3. desember 2024
Sist oppdatert 3.12.2024, 19:00
Lars Emil Berge
Lars Emil Berge
Styreleiar i Småkraftforeninga.

28. oktober har Eivind Trædal (WWF) eit lesverdig innlegg på trykk i Energi og Klima, der han etterlyser ei meir konstruktiv miljørørsle: Me må snakka meir om kva klimatiltak me er for, og ikkje berre kva me er imot.

Trædal sitt hovudpoeng er at store delar av miljørørsla (og dei mest miljøengasjerte partia) har ein tendens til å seia ja til ideen om fornybar energi, men nei til dei fleste fornybarprosjekta når dei skal realiserast i praksis. Løysinga blir heller å drøyma om «den neste teknologien». Eller å fokusera på forbruksreduksjon.

Auka energibehov, sjølv utan auka forbruk

Vekstkritikk og moderasjon er ein god – og på mange måtar riktig – tanke. Men sjølv utan auka forbruk vil det vera eit enormt behov for meir fornybar energi, dersom dagens industri og forbruk skal bli berekraftig. Helt avgjerande klimatiltak, som CO₂-fangst og lagring i industrien, vil krevja enorme mengder energi.

Les me til dømes SV-politikar Ådne Naper si bok «Kraft eller Krise», får me på ein glimrande måte illustrert kva behov som finst berre for å gjera industrien i Telemark fylke utsleppsfri. Mange vil raskt sjå at reknestykket ikkje går opp. På bakgrunn av dette tek Naper til orde for ein offensiv satsing på fornybar energi. Men han kan dessverre ikkje seiast å vera ein typisk representant for korkje miljørørsla eller for eit miljøparti enno.

Derfor deler eg Trædal si bekymring om at miljørørsla, i breidda, står i fare for å gjera seg irrelevant utan ei meir offensiv tilnærming til utbygging av fornybar energi.

Kan Trædal seia ja til småkraft?

Trædal vil gå fram med eit godt døme og listar opp kva energitiltak han sjølv er positiv til, men han ser ut til aldri heilt å koma ut av det sporet han sjølv kritiserer. Han nemner energieffektivisering (ja, kven er vel imot?), meir solkraft, havvind og oppgradering av eksisterande vasskraftverk. Litt vindkraft og moglegvis atomkraft, som for Noreg sin del ligg som moglegheit der ute i ei ganske fjern framtid.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Mitt spørsmål er kvifor ikkje Trædal vil peika på småkraft (vasskraft mindre enn 10 MW effekt) som ei energikjelde det er mogleg å omfamna. Småkraft har minimale naturinngrep, samanlikna med både solkraftverk (på bakken), vindkraft og stor vasskraft. Medan vindkraft til dømes treng 35 km² for å produsera 1 TWh, treng småkraft berre 1 (!) km². Småkraft blir bygd utan subsidier, kan raskt koma i produksjon og bidreg sterkt til lokal verdiskaping.

Småkraftverk i Norge
Antall865
Installert MW3244
Årlig produksjon GWh*11525
Flest kraftverkSunnfjord kommune (33)
1 GWh er en million kWh. Andre kommuner med mange småkraftverk er bl.a. Ullensvang, Gloppen og Kvinnherad. (Kilde: Småkraftforeninga)

Med dagens kunnskap og regelverk blir småkraftverk bygde med fokus på berekraft, miljødesign, arkitektur og økologisk fotavtrykk, og prosjekta blir realiserte utan å hamna i store konfliktar med lokalsamfunn eller dyreliv. Når kraftverket skal innviast, stiller ikkje lokalbefolkninga opp til protestaksjonar, men kjem heller for å vera med på festen.

Og kanskje bør også miljørørsla møta opp neste gong det blir invitert til ein opningsfest av eit nytt småkraftverk ein stad i vårt langstrakte land. Med auka kjennskap til korleis det blir jobba i denne bransjen, vil truleg fleire seia ja til småkraft.

Våre støttespillere

  • Alle småkraftverk: Her kan du laste ned regneark med oversikt over alle småkraftverk i Norge pr. desember 2024.
ANNONSE
Bluesky

Les også

Industrielt raffinerikompleks med flere blå lagertanker, destillasjonstårn og rørledninger under en overskyet himmel.

Kan Europa greie seg uten norsk gass?

Det trengs beredskap når sola og vinden svikter, det kan ta tid og bli dyrt å bygge nok kraftledninger til Europas elektrifisering. Inntil videre bør vi derfor produsere norsk gass, mener Gerard Doorman.

2. desember 2025
Les mer
To menn i dress hilser på hverandre og smiler i en formell innendørssetting, med flere mennesker og abstrakt kunst synlig i bakgrunnen.

Løftebrudd fra Ap rammer fornybar energi: Stor sak om små kraftverk

Finansminister Jens Stoltenbergs forslag om endringer i grunnrenteskatten for småkraftverk har hittil havnet i skyggen av opprøret mot fergepriser og studielån. Men for tilliten til staten og politikerne er også småkraftskatten en ytterst viktig sak.

22. oktober 2025
Les mer
Flere høyspentledninger og master strekker seg over et landlig landskap med åser i bakgrunnen under en overskyet himmel.

Vi behøver ikke ofre landskap og natur for å få mer kraft

Det finnes energitekniske løsninger som kan dekke det økende strømbehovet til næring og industri uten at vi må ofre landskap og natur, skriver Usman Dar og Karen Holst fra Asplan Viak.

8. oktober 2025
Les mer
Rader av solcellepaneler er vinklet mot himmelen på en gresslette, med fjell i det fjerne og en klarblå himmel i bakgrunnen.

Klima­investerings­fondet bør oppskaleres uten Finansdepartementet som brems

Stortinget har bedt regjeringen styrke Klimainvesteringsfondet, men måten det gjøres på, er avgjørende. Finansdepartementet bør ikke stå i veien, skriver Eirik Mofoss og Cindy Robles i Langsikt.

5. september 2025
Les mer
ANNONSE
Artikkelen fortsetter under annonsen
Annonse
Våre støttespillere
Svanemerket