4
6

4
Stillinger
6
Klimakalender
Lars-Henrik Paarup Michelsen
Lars-Henrik Paarup Michelsen
Dagleg leiar i Norsk klimastiftelse. Kontakt: lhpm@klimastiftelsen.no
Publisert 14. september 2020
Sist oppdatert 16.09.2020, 13:13
Artikkelen er mer enn to år gammel
Elektrisk transport

Ny studie: Europas elbilproduksjon vil mangedoblast innan eit par år

I 2022 vil Europas produksjon av heilelektriske bilar vere fire gongar større enn i 2019, konkluderer tysk studie. Les også: EU vil stille strengare utsleppskrav til bilindustrien og slik ser elbilstatistikken ut per august.
ny-studie-europas-elbilproduksjon-vil-mangedoblast-innan-eit-par-ar-featured.jpg

Rundt 8000 personer arbeider ved Volkswagens bilfabrikk i Zwickau. Her vert også den nye elbilen ID.3 produsert. Foto:

Publisert 14. september 2020
Sist oppdatert 16.09.2020, 13:13
Artikkelen er mer enn to år gammel
Lars-Henrik Paarup Michelsen
Lars-Henrik Paarup Michelsen
Dagleg leiar i Norsk klimastiftelse. Kontakt: lhpm@klimastiftelsen.no

I nyheitene akkurat no:

I denne utgåva av #Elektrisktransport har eg vald ut desse sakene:

Europas bilindustri lausnar handbremsa

Nyheita:Produksjonen av elbilar i Europa står ikkje i stil med etterspurnaden i marknaden, men i innan eit par år vil dette endre seg. Frå eit nivå godt under 300 000 elbilar i 2019 vil Europas elbilproduksjon passere 1 million køyretøy i 2022 og over 2 millionar i 2025, skriv Chemnitz Automotive Institute (CATI) i ein ny studie.

#Klimavalg – et nyhetsbrev om norsk klima- og energipolitikk

I nyhetsbrevet #Klimavalg kommenterer Energi og Klima-redaktør Anne Jortveit, kommentator Anders Bjartnes og øvrige medarbeidere tilknyttet redaksjonen klima- og energispørsmål som er viktige i norsk politikk.

Vi deler aldri din e-postadresse med tredjeparter.

Bakgrunn:Tingar du ein elbil i dag, må du vere førebudd på lang leveringstid. I 2020 kan dette delvis forklarast med Covid-19 som har ramma bilproduksjonen hardt fleire stadar, men mest av alt er det eit resultat av etablerte bilprodusentar som altfor lenge har nølt med å vri porteføljen sin, med dertil tilhøyrande produksjonskapasitet, frå fossile til elektriske bilar. Forskarane ved CATI karakteriserer situasjonen i den europeiske bilmarknaden som ein elektrifiserings-boom «med handbremsa på».

Rapporten «Electric mobility defies the automotive crisis. Developments in Europe 2020–2025» tek for seg utviklinga av produksjonsvolum og -lokasjonar for elektriske bilar i Europa fram mot midten av 2020-talet. Konklusjonen er at vi vil sjå store endringar allereie om eit par år:

Tyskland blir Europas «hotspot» for elbilproduksjon. Her ventar forskarane at produksjonen av elbilar vil åttedoble seg kvart einaste år i perioden 2019-2022. I 2025 vil en av fire tyskproduserte bilar vere ein heilelektrisk bil. Dei største bilfabrikkane i Tyskland – og dermed også i Europa – vil vere Vollkswagens anlegg i Zwickau og Teslas anlegg i Grünheide utenfor Berlin.

Det store biletet:Omlegginga som no skjer i europeisk bilindustri heng nøye saman med politiske reguleringar. Ifølgje Det europeiske miljøbyråetlåg CO₂-utsleppet frå ein nyregistrert bil i Europa i 2019 i snitt på 122,4 gram/km. Det var meir enn året før og langt under EU-kravet om 95 gram/km som blir gjeldande i 2020/21. Bilindustrien må difor få fart på elbilsalet for å innfri det nye utsleppskravet – og med det unngå bøter. Samtidig tener ikkje bilindustrien på å gå for fort fram. Ein av Europas leiande biljournalistar, tyske Christoph M. Schwarzer, problematiserte nettopp dette i ein artikkel i Die Zeit tidlegare i år: Bilprodusentar må selje nok elbilar til at utsleppsmålet for 2020/21 blir nådd, men dei har ingen interesse av å overoppfylle målet. Forklaringa på det er at utsleppsnivået i 2020/21 også dannar grunnlag for utsleppskravet som bilindustrien må innfri i 2030 (for tida 37,5 prosent). Meir om denne problemstillinga kan lesast i denne Twitter-tråden med m.a. Michael Liebreich. 

Lekkasje: EU vil skjerpe bilindustriens utsleppskrav

Nyheita:EU vil stille strengare utsleppskrav til bilindustrien fram mot 2030. Gjeldande krav om at person- og varebilar skal sleppe ut 37,5 prosent mindre klimagassar i 2030 samanlikna med i 2021 kan bli heva til 50 prosent, meldar Bloomberg. 

Bakgrunn:Når kommisjonspresident Ursula von der Leyen skal halde «state of the union»-tale i Europaparlamentet onsdag 16. september, er det venta at ho vil presentere Europakommisjonens framlegg til nytt klimamål for EU i 2030.

DNV GL trur ikkje på hydrogenbilar

Nyheita: I sin siste Energy Transition Outlook spår DNV GL massiv vekst for elektriske bilar – driven fram av klimapolitikk og fallande batterikostnader. Hydrogenbilar har selskapet ingen tru på.

Bakgrunn:DNV GL oppgir tre hovudgrunnar for kvifor hydrogen ikkje vil slå gjennom i personbilmarknaden. For det første er det betydeleg energitap ved å konvertere straum til hydrogen. For det andre er hydrogenbilen berre halvparten så energieffektiv som elbilen. Og til slutt: ein hydrogenbil er meir komplisert – og dermed langt dyrare å produsere – enn ein elbil.

Microsoft vil inn i elbilen din

Nyheita:Microsoft melder seg på i konkurransen om å levere teknologien som skal halde elbilen din oppdatert gjennom levetida, skriv Financial Times.

Bakgrunn:I perioden 2014-2019 stod programvarefeil for nesten halvparten av alle tilfella der bilprodusentane måtte tilbakekalle køyretøy, ifølgje data frå IHS Markit. No meldar Microsoft seg på i konkurransen om å levere såkalla «over-the-air»-teknologi som skal gjere det mogleg for bilprodusentane å gjennomføre programvareoppdateringar og systemforbetringar via skyen. Tesla gjer dette alt i dag, men dei gamle bilprodusentane heng etter. Microsoft har no gjort avtalar med Volkswagen, Renault-Nissan-Mitsubishi-alliansen, BMW, Daimler og Ford om levering av sin skyløysing.

Citroën med billeg-«elbil» for 16-åringar

Nyheita:Elbilen Citroën Ami er klassifisert som ein «lett firhjuling». Det betyr at det er nok med mopedførarbevis for å sette seg bak rattet.

Bakgrunn:Fleire internasjonale journalistar har den siste tida prøvekøyrd Citroën Ami, som blei presentert for første gang på bilmessa i Geneve i fjor. Bilen er liten og nett og kan framstå som den elektriske fetteren til den gamle ikonbilen 2CV. Maksfarten er 45 km/t og rekkevidda rundt 75 km. «Driving it is a doddle», skriv The Guardian etter å ha prøvekøyrd bilen i Paris. Også Electrive har testa bilen. Når Citroën Ami kjem for sal i Noreg, er uvisst.

Den elektriske utgåva av Citroën Ami er ein to-seters firhjuling. Bilen kostar 6 000 euro i Frankrike (inkl. tilskot på 900 euro). Foto:

Elbilindeksen: August 2020

Vi startar med Noreg der det blei selt 10 802 nye personbilar i august – 1271 færre køyretøy enn i same månad i fjor. Elbilar stod for 52,8 prosent av nybilsalet – opp frå 39 prosent i august 2019.

Frå januar - august 2020 har elbilar stått for 48 prosent av nybilsalet i Noreg (mot 42 prosent for heile 2019). Regjeringas mål er 100 prosent innan 2025.

I Tyskland blei det i august selt 251 010 bilar – 62 718 færre enn i same månad i fjor. Av desse var 16 076 elbilar (6,4 prosent). I august 2019 blei det selt 5 001 elbilar (1,6 prosent).

I Frankrike blei det i august selt 103 629 bilar – 25 626 færre bilar enn i same månad i fjor. Av desse var 5 590 elbilar (5,4 prosent). I same august 2019 blei det selt 2 092 elbilar (1,6 prosent).

I Storbritannia blei det i august selt 87 226 bilar – 5 347 færre enn i same månad i fjor. Av desse var 5 589 elbilar (6,4 prosent). I august 2019 blei det selt 3 147 elbilar (3,4 prosent).

ANNONSE
Bluesky

Om oss

Om oss
Våre støttespillere
Støtt vårt arbeid
Annonsere
Personvernerklæring
Administrer informasjonskapsler

Følg oss

Facebook
Bluesky
Linkedin
Rss feed

Kontakt oss

Redaksjonen
Energi og Klima
Odd Frantzens plass 5
N-5008 Bergen
til toppen
Støtt oss
Støtt oss

Våre støttespillere

Ledige stillinger i det grønne skiftet

Norsk Industri søker ny bransjesjef for Offshore

En ny leder søkes til spennende arbeid
Oslo
Frist: 08.04.2026
Bilde av en sveiser og et bildet av utsikten fra en plattform

Norsk Industri søker ny bransjesjef for Kraftforedlende industri

Ny sjef til viktig arbeid søkes
Oslo
Frist: 08.04.2026
Bilde av en sveiser, og et bildet av utsikten fra en plattform

Energi og Klima søker nyhetsjournalist

Energi og Klima søker nyhetsjournalist
Fortrinnsvis Bergen eller Oslo
Frist: 29.03.2026
Kollegaer som ler sammen

NVE søker rådgiver

Rådgiver innen energibruk, dataforvaltning og digitalisering
Oslo, Trondheim, Tønsberg
Frist: 17.03.2026
Tre kollegaer som prater sammen rundt et bord