92 slides som forklarar den globale energiomstillinga

Dette er eit nytt fast innslag i Energi og Klima. Kvar fredag kl. 11 omtalar vi fem nyheitssaker vi har merka oss spesielt den siste veka. Jobben går på rundgang i redaksjonen.
Her er mine utvalde:
92 SLIDES OM DET GLOBALE ENERGIBILDET: Bloomberg New Energy Finance (BNEF) har denne veka hatt sitt årlege toppmøte i New York – eit høgdepunkt for alle som er oppteken av global energiomstilling. På BNEFs nettsider kan ein, i tillegg til å laste ned slides med grafar og tabellar om fornybarutbygging, investeringstrendar og kostnadsutvikling, sjå opptak av dei viktigaste innlegga. Årets hovudtalarar var Al Gore, Ban Ki-moon, Michael R. Bloomberg og BNEF-gründar Michael Liebreich. Sistnemnte kan du sjå i ruta nedanfor (48 minutt om status og framtidsutsikter for fornybar energi).
UNORMALT VARMT VATN I STILLEHAVET ÅRSAK TIL EKSTREMVÆR I USA? Vinteren 2013/2014 oppdaga forskarar unormalt varme vassmassar i Alaskabukta – med temperaturar 1-4 gradar celsius over det normale. Vassmassane – som går under kallenamnet "the warm blob" – har sidan ekspandert og strekk seg i dag langs vestkysten frå Alaska i nord til Mexico i sør. I to nyleg publiserte artiklar blir det argumentert med at "the blob" ikkje berre har ført til introduksjon av nye artar i dei aktuelle havområda, men at fenomenet og heng saman ekstremvær på land. Bond et al viser at det varme vatnet heng saman med det same høgtrykket som har skapt dagens tørkesituasjon i California, mens Hartmann meiner temperaturforholda i Stillehavet kan forklare både den varme vinteren på vestkysten og den kalde vinteren i Chicago og Boston i 2013-2014. Dei sama forholda har også vore til stade denne vinteren


