2
4

2
Stillinger
4
Klimakalender
Lars-Henrik Paarup Michelsen
Lars-Henrik Paarup Michelsen
Dagleg leiar i Norsk klimastiftelse. Kontakt: lhpm@klimastiftelsen.no
Publisert 8. august 2025
Sist oppdatert 08.08.2025, 11:03
Fem på fredag

Trump til fron­tal­an­grep på klima­vit­skapen

Denne vekas fem utvalde nyheiter: Trump vil fjerne grunnlaget for klimatiltak, utlån til fossil energi fell, ny elbilstøtte i Storbritannia, kostbare skogbrannar og klarsignal for CCS i Tyskland.
To menn i dress håndhilser og har øyekontakt på en scene med et blått bakteppe og et amerikansk flagg delvis synlig i bakgrunnen.

PARTNARSKAP MOT KLIMAPOLITIKK: Å svekkje Environmental Protection Agency (EPA) har så langt vore ei prioritert oppgåve i Trumps andre presidentperiode. Her er Donald Trump saman med partifellen Lee Zeldin på eit valkamparrangement hausten 2024. Zeldin er i dag sjef for EPA. Foto: Alex Brandon/AP/NTB

Publisert 8. august 2025
Sist oppdatert 08.08.2025, 11:03
Lars-Henrik Paarup Michelsen
Lars-Henrik Paarup Michelsen
Dagleg leiar i Norsk klimastiftelse. Kontakt: lhpm@klimastiftelsen.no

Kvar veke presenterer Energi og Klima fem internasjonale nyheitssaker frå veka som har gått. Sidan dette er første Fem på fredag etter sommarferien, har eg tillate meg å inkludere eit par viktige saker frå juli.

Fem på fredag – et nyhetsbrev med internasjonale klima- og energinyheter

Få de fem viktigste klimasakene samlet hver fredag.

Vi deler aldri din e-postadresse med tredjeparter.

1. Avlyser klimakrisa – vil fjerne utsleppsreguleringar

Det mest alvorlege tilbakeslaget i amerikansk klimapolitikk under Trump II kom 29. juli, då miljøbyrået EPA føreslo å oppheve the endangerment finding frå 2009 – det juridiske og vitskaplege grunnlaget for at EPA i dag regulerer klimagassutslepp. Forslaget er ute på høyring. New York Times gir solid bakgrunn, medan Earthjustice analyserer konsekvensane.

EPA støttar seg på ein omstridd rapport som det amerikanske energidepartementet (DOE) publiserte same dag, og som vert kritisert for å vere misvisande og antivitskapleg. Rapporten tonar ned klimatrugselen og åtvarar mot «overdreven» klimapolitikk. I denne kommentaren gir Zeke Hausfather konkrete døme på korleis forskinga hans er misbrukt av DOE.

2. Kraftig fall i fossile investeringar

Medan Trump fremjar fossilindustriens interesser med alternativ klimavitskap, peikar marknaden i ei anna retning: Ifølgje Bloomberg har Wall Streets finansiering av olje, kol og gass stupt i årets sju første månader. Samla har USAs seks største bankar kutta utlån til fossile prosjekt med 25 prosent samanlikna med same periode i fjor. Størst fall hadde Morgan Stanley (–54 prosent) – ein av fleire amerikanske bankar som i 2025 har trekt seg frå det FN-støtta bransjeinitiativet Net-Zero Banking Alliance.

3. Storbritannia innfører ny elbilpolitikk

Elbilar utgjorde 21,3 prosent av nybilsalet i Storbritannia i juli. Salet av elbilar auka 9,1 prosent frå i fjor, men andelen av nybilsalet er framleis under delmålet for 2025 på 28 prosent. Innan 2035 skal alle nye personbilar vere utsleppsfrie i bruk. For å få fart på elbilsalet annonserte Starmer-regjeringa for få veker sidan eistøtteordning som skal vare til 2029 og som kan gi over 3750 pund (ca. 50 000 NOK) i rabatt per elbil. Det er knytt fleirekrav til støtteordninga; mellom anna kan ikkje bilen koste meir enn 37 000 pund. Ordninga favoriserer òg elbilar produserte i Storbritannia.

4. Klimarekninga for første halvår 2025

Same veke som brannmannskap kjempar mot dei verste skogbrannane i Frankrike på 75 år, har Swiss Re Institute publisert eit notat som viser at globale forsikringsselskap betalte ut 80 milliardar dollar i klimarelatert skadeerstatning i første halvår 2025. Dette er femte året på rad der forsikringsutbetalingane etter naturskadar har overstige 50 milliardar dollar i første halvår. Hovuddrivaren i år var skogbrannane i California i januar. Dei økonomiske tapa frå skogbrannar har auka kraftig det siste tiåret.

5. Tyskland banar veg for karbonfangst og -lagring

Den tyske regjeringa foreslår lovendringar som opnar for lagring av CO₂ under havbotnen og transport av CO₂ i røyr. Til no har kun CO₂-fangst vore lovleg. Dermed tek Tyskland eit viktig steg mot å ta i bruk karbonfangst og -lagring (CCS) og karbonfangst og -utnytting (CCU) i stor skala. Regjeringa meiner CCS/CCU er «uunnverleg» for å nå målet om klimanøytralitet innan 2045. Lurar du på om dette også opnar for CO₂-fangst frå kol- og gasskraftverk? Sjå Clean Energy Wire si Q&A.

ANNONSE
Bluesky

Les også

To menn i dress håndhilser foran amerikanske og kinesiske flagg, stående på en scene med et mørkeblått forheng i bakgrunnen.

Kinas solceller eller USAs gass – framtidas energiveddemål

Trump og Xi diskuterer toll, men striden mellom dei to stormaktene handlar eigentleg om noko større: kven som skal dominere framtidas energimarknader.
31. oktober 2025
Les mer
En mann i hvitt religiøst antrekk og briller sitter på en stol, holder papirer og snakker i en mikrofon mot en ensfarget bakgrunn.

Paven fordømmer klimaskeptikere som Trump

Denne ukens fem utvalgte nyheter: Klar klimatale fra paven, krav om global finansreform, miljøproblemer truer konkurransekraften, ny britisk fornybar-rekord og billigere ren strøm i Spania.
3. oktober 2025
Les mer

Om oss

Om oss
Våre støttespillere
Støtt vårt arbeid
Annonsere
Personvernerklæring
Administrer informasjonskapsler

Følg oss

Facebook
Bluesky
Linkedin
Rss feed

Kontakt oss

Redaksjonen
Energi og Klima
Odd Frantzens plass 5
N-5008 Bergen
til toppen
Støtt oss
Støtt oss
Artikkelen fortsetter under annonsen
Annonse
Våre støttespillere
Ledige stillinger i det grønne skiftet

NVE søker rådgiver

Rådgiver innen energibruk, dataforvaltning og digitalisering
Oslo, Trondheim, Tønsberg
Frist: 17.03.2026
Tre kollegaer som prater sammen rundt et bord

NVE søker rådgiver

Rådgiver innen EU-regelverk, energieffektive produkter og fornybar energi
Oslo, Trondheim
Frist: 11.03.2026
kaffepause kontor kollegaer