2
4

2
Stillinger
4
Klimakalender
Lars-Henrik Paarup Michelsen
Lars-Henrik Paarup Michelsen
Dagleg leiar i Norsk klimastiftelse. Kontakt: lhpm@klimastiftelsen.no
Publisert 24. juli 2015
Sist oppdatert 24.03.2022, 19:39
Artikkelen er mer enn to år gammel
Fem på fredag

Jorda på veg mot ny varme­re­kord i 2015

2014 er det varmaste året som nokon gong er registrert, men 2015 ligg an til å bli endå varmare. Andre saker: Gjennombrot i klimaforhandlingane, nye milliardnedskrivingar for Vattenfall, farleg havnivåstiging og Amber Rudds første klimatale.
fem-pa-fredag-jorda-pa-veg-mot-ny-varmerekord-i-2015-featured.jpg

Gjennomsnittstemperatur i 2014 samanlikna med gjennomsnittet i perioden 1981-2010. Kjelde: NOAA

Publisert 24. juli 2015
Sist oppdatert 24.03.2022, 19:39
Artikkelen er mer enn to år gammel
Lars-Henrik Paarup Michelsen
Lars-Henrik Paarup Michelsen
Dagleg leiar i Norsk klimastiftelse. Kontakt: lhpm@klimastiftelsen.no

Jorda blir stadig varmare: Så er det bekrefta: 2014 er det varmaste året som nokon gong er målt på jorda. Av dei største regionane i verda var det berre i austlege USA ein i fjor registrerte ein årstemperatur under gjennomsnittet. Dette er nokon av funna i State of the Climate in 2014 som gis ut av National Oceanic and Atmospheric Administration (NOAA). Rapporten, som bygger på data frå hundrevis av forskarar frå heile verda, presenterer status for viktige klimaindikatorar som temperatur i hav og på land, havnivåstiging, snødekke, issmelting og CO₂-konsentrasjon i atmosfæren.

Men varmerekorden frå 2014 kan bli slått allereie i år, viser data for årets seks første månader. Første halvdel av 2015 er det varmaste halvåret som nokon gong er registrert. I juni månad blei det registrert ein global gjennomsnittstemperatur på 16,33°C – det er heile 0,22°C meir enn den gamle rekorden frå 2014. Det er viktig å poengtere at 2015 er eit El Nino-år.

Gjennombrot i klimaforhandlingane? Denne veka samla den franske regjeringa ministrar frå 46 land til eit arbeidsmøte i Paris. Formålet var å få fart på arbeidet med å lande ein ny klimaavtale innan utgangen av året. Ifølge den franske sjefforhandlaren Laurence Tubiana skal møtet ha resultert i eit gjennombrot, skriv nettmagasinet RTCC. Deltakarane skal mellom anna ha blitt samde om at kvart enkelt lands innsats for å redusere klimagassutsleppa skal vere gjenstand for ein evaluering kvart femte år. Ifølge EUs klimakommissær Miguel Arias Cañete skal ein no kunne sjå konturane av hovudlinjene i ein ny klimaavtale. Eit nytt avtaleutkast skal etter planen publiserast fredag 24.juli.

Vattenfall med nye milliardnedskrivingar: Som så mange gongar før presenterte Vattenfall denne veka eit kvartelsrekneskap med raude tal. Selskapet skreiv i andre kvartal ned verdiar i svensk kjernekraft og tysk kolkraft med høvesvis 17 og 19 milliardar svenske kroner. Sjekk selskapets presentasjon og denne leiarartikkelen frå Dagens Industri om utviklinga i Vattenfall.

I regjeringserklæringa til Stefan Löfven heiter det at «Vattenfall ska vara ledande i omställningen av energisystemet mot en högre andel förnybar». Sjølv om selskapet denne veka annonserte bygging av ein ny vindkraftpark i Storbritannia, er det langt fram til Vattenfall blir eit fornybarlokomotiv. 72 prosent av selskapets produserte TWh i andre kvartal i år kom frå fossil energi og kjernekraft.

New York og London under vatn innan 2100? Verdas kanskje mest kjende klimaforskar, James Hansen, offentleggjorde denne veka ein oppsiktsvekkande artikkel om havnivåstiging hos Atmospheric Chemistry and Physics (ACP). Artikkelen, som Hansen har skrive saman med 16 andre forskarar, konkluderer med at «continued high emissions will make multi-meter sea level rise practically unavoidable and likely to occur this century». Sagt på ein annan måte: Det kan bli vanskeleg å bu i kystnære byar som New York og London i 2100.

Artikkelen til Hansen et. al har fått mykje omtale, sjølv om han enno ikkje er fagfellevurdert.  Anders Levermann, IPCCs hovudforfattar om havstiging, var raskt ute med å forklare for sine Twitter-følgjarar kva det betyr: «This paper is not peer-reviewed yet. It might be wrong».

«Climate action is about security, plain and simple – economic security»: Det var hovudbodskapen i den første store talentil Storbritannias nye klima- og energiminister Amber Rudd. Talen er interessant lesing for alle som lurer på kven Rudd er, og kva som skjer på det britiske klima- og energifeltet etter at dei konservative før sommaren sikra seg reint fleirtal i parlamentet. Tidlegare denne veka gjorde Camerons regjering det kjent at dei kuttar kraftig i støtta til landbasert vindkraft og annan fornybar energi.

ANNONSE
Bluesky

Les også

To menn i dress håndhilser foran amerikanske og kinesiske flagg, stående på en scene med et mørkeblått forheng i bakgrunnen.

Kinas solceller eller USAs gass – framtidas energiveddemål

Trump og Xi diskuterer toll, men striden mellom dei to stormaktene handlar eigentleg om noko større: kven som skal dominere framtidas energimarknader.
31. oktober 2025
Les mer
En mann i hvitt religiøst antrekk og briller sitter på en stol, holder papirer og snakker i en mikrofon mot en ensfarget bakgrunn.

Paven fordømmer klimaskeptikere som Trump

Denne ukens fem utvalgte nyheter: Klar klimatale fra paven, krav om global finansreform, miljøproblemer truer konkurransekraften, ny britisk fornybar-rekord og billigere ren strøm i Spania.
3. oktober 2025
Les mer

Om oss

Om oss
Våre støttespillere
Støtt vårt arbeid
Annonsere
Personvernerklæring
Administrer informasjonskapsler

Følg oss

Facebook
Bluesky
Linkedin
Rss feed

Kontakt oss

Redaksjonen
Energi og Klima
Odd Frantzens plass 5
N-5008 Bergen
til toppen
Støtt oss
Støtt oss
Artikkelen fortsetter under annonsen
Annonse
Våre støttespillere
Ledige stillinger i det grønne skiftet

NVE søker rådgiver

Rådgiver innen energibruk, dataforvaltning og digitalisering
Oslo, Trondheim, Tønsberg
Frist: 17.03.2026
Tre kollegaer som prater sammen rundt et bord

NVE søker rådgiver

Rådgiver innen EU-regelverk, energieffektive produkter og fornybar energi
Oslo, Trondheim
Frist: 11.03.2026
kaffepause kontor kollegaer