Verdas auge er retta mot Oslo tingrett

lom Greenpeace/Natur og Ungdom og Staten. Dom er ventet vinter/vår 2018. Foto:
Internasjonal interesse for norsk klimasøksmål: Klimarettssaka mot den norske stat som startar i Oslo tingrett tysdag 14. november har allereie fått stor internasjonal merksemd. Financial Times sin Norden-korrespondent Richard Milne skriv i ein kommentar(abo) at sjølv om det er stor usikkerheit om sjølve utfallet, er søksmålet symbolsk viktig og eit varsko mot oljeindustrien:
«It is a warning to oil companies that drilling in environmentally sensitive areas such as the Arctic is likely to become more and more controversial. That in turn may intensify questions about the desirability and profitability of drilling in the far north.»

Milne minner også leserane om at Noreg ikkje er kven som helst – men ein fossil stormakt i europeisk målestokk:
«What is more, no country — aside from perhaps Russia — has been so aggressive in opening up the Arctic to oil exploration.»
«What is more, no country — aside from perhaps Russia — has been so aggressive in opening up the Arctic to oil exploration.»
Ein av grunnane til at klimasøksmålet i Oslo vekker minst like store interesse utanfor landets grenser som innafor, er at liknande prosessar er på trappene i fleire andre land. Reuters har meir om dette. Nokon av dei som kjem til å følgje ekstra godt med på det som skjer i Oslo neste veke, er partane i Juliana v. U.S. – ein rettssak som startar i Oregon tingrett i februar neste år. Bak søksmålet står 21 barn – deriblant barnebarnet til den kjende klimaforskaren James Hansen. Barna meiner myndigheitenes manglande handtering av klimaproblemet krenkjer deira medfødde fridomar og grunnleggande rettar. National Geographic har i samband med COP23 i Bonn intervjua Hansen om kvifor han meiner klimasøksmål er heilt nødvendig.