1
2

Støtt oss
1
Stillinger
2
Klimakalender

Om oss

Om oss
Støtt vårt arbeid
Annonsere
Personvernerklæring
Administrer informasjonskapsler

Følg oss

Facebook
Bluesky
Linkedin
Rss feed

Kontakt oss

Redaksjonen
Energi og Klima
Odd Frantzens plass 5
N-5008 Bergen
til toppen
Lars-Henrik Paarup Michelsen
Lars-Henrik Paarup Michelsen
Dagleg leiar i Norsk klimastiftelse. Kontakt: lhpm@klimastiftelsen.no
Lars Ursin
Lars Ursin
Redaktør for <2°C. Ansatt i Norsk Klimastiftelse siden 2017. Bakgrunn som journalist, forskningsformidler og researcher fra blant annet Bergens Tidende, Universitetet i Bergen og BBC. Kontakt: lars@klimastiftelsen.no
Publisert 12. desember 2025
Sist oppdatert 12.12.2025, 15:23
Fem på fredag

Fryktar pris­sjokk på gass utan ein fossil utfa­sings­plan

Vekas fem på fredag-nyheiter: Tyskland treng ein utfasingsplan, ny CCS-runde i Storbritannia, Trumps fornybarstans kan ramme KI-satsing, kraftoverskot i Frankrike og Kina strupar sol-overkapasitet.

En arbeider iført varseljakke og hjelm går langs en stor industrirørledning en snørik dag.

Tyskland treng ein plan for omstillinga vekk frå olje og gass, anbefalar tyske ekspertar. Her frå ein LNG-terminal i Wilhelmshaven, Tyskland. Foto: Michael Sohn/AP/NTB

Publisert 12. desember 2025
Sist oppdatert 12.12.2025, 15:23
Lars-Henrik Paarup Michelsen
Lars-Henrik Paarup Michelsen
Dagleg leiar i Norsk klimastiftelse. Kontakt: lhpm@klimastiftelsen.no
Lars Ursin
Lars Ursin
Redaktør for <2°C. Ansatt i Norsk Klimastiftelse siden 2017. Bakgrunn som journalist, forskningsformidler og researcher fra blant annet Bergens Tidende, Universitetet i Bergen og BBC. Kontakt: lars@klimastiftelsen.no

Kvar veke presenterer Energi og Klima fem internasjonale nyheitssaker frå veka som har gått. Her er mine utvalde:

1. Tyske gasskundar kan få prissjokk

Tyskland treng ein plan for utfasing av olje og gass, skriv ekspertrådet som kvart år vurderer framdrifta i Energiewende. Dei meiner ein slik plan kan dempe kostnads- og forsyningsrisiko som eit raskt fall i olje- og gassbruk kan gi for både hushald og industri. Rapporten kan lesast på tysk her. Omtrent same bodskap kjem frå forrskarar ved Fraunhofer IFAM, som i ein fersk analyse skriv at det tyske gassnettet vil bli svært dyrt å halde i drift for kundane som blir verande tilkopla. Gassoppvarma heimar kan få over 4 000 euro i ekstra årlege kostnader innan 2045, åtvarar forskarane. Den tyske regjeringa arbeider med eit forslag om å gi gassnettoperatørar høve til å kople ut kundar – med ein oppseiingsfrist på ti år.

2. Storbritannia opnar ny lisensrunde for karbonlagring

Storbritannia har opna si andre konsesjonsrunde for karbonfangst og -lagring (CCS). North Sea Transition Authority lyser ut 14 område som til saman kan lagre opptil 2 milliardar tonn CO₂. I førre runde i 2023 blei 21 lisensar delte ut, men berre to prosjekt har så langt fått løyve til å lagre CO₂, melder Reuters.

Runden varer til 24. mars 2026, medan tildelingane ikkje er venta før 2027. Det betyr at kommersielle prosjekt truleg ikkje kjem før mot slutten av tiåret. Labour-regjeringa håpar CCS skal gi ny industrivekst i Nordsjøen og bidra til målet om netto null innan 2050.

3. Møter eksplosiv vekst i straumforbruket med fornybar-nei

Donald Trumps kamp mot fornybar energiproduksjon på føderal grunn har sett tusenvis av megawatt med rein kraft i limbo. Berre eitt solkraftverk har fått grønt lys sidan Trump tok over. Solkraftprosjekt på til saman 18 GW er anten avlyst eller sette på vent. Dette skjer trass i at etterspurnaden etter straum er venta å stige med 32 prosent innan 2030, driven av kunstig intelligens og datasenter. I ein artikkel publisert av Financial Times kjem det fram at straummangel kan true USAs KI-satsing.

Artikkelen fortsetter under annonsen

4. Kina vil ta ned overkapasitet i solindustrien

Kinesiske produsentar av polysilisium – råstoffet til solceller – har gått saman om å skipa selskapet Beijing Guanghe Qiancheng Technology for å samordne kapasitetskutt, styrke samarbeid og redusere kostnader i ein bransje der prisane har falle kraftig. Myndigheitene i Beijing vil på denne måten dempe overkapasiteten i solsektoren og vurderer eit statleg fond som kan kjøpe opp og stengje ned produsentar med låg kvalitet.

5. Frankrike: uventa kraftoverskot

Frankrike har fått eit uventa kraftoverskot på grunn av svak industriaktivitet og høgare produksjon frå fornybar energi og atomkraft, opplyser nettselskapet RTE i ein ny rapport. Kraftprisane er no på sitt lågaste sidan 2018, og landet har allereie eksportert 82 TWh – nesten like mykje som i heile fjor. Overskotet kan tvinge kjernekraftverk og vindparkar til å redusere produksjonen, med lågare inntekter og utsett vedlikehald som resultat.

Våre støttespillere

RTE ber om europeiske tiltak for å få fart på elbilar, hydrogen og annan grøn industri. Samstundes legg EU-kommisjonen fram ein ny pakke for å løyse flaskehalsar i straumnettet. Meir frå vår EU-korrespondent her.

ANNONSE
Bluesky

Les også

To menn i dress, den ene vinkende, står utendørs mens folk i forgrunnen holder opp gule og røde blomsterbuketter.

Kina skuffer, men rykker fra

Denne ukens fem utvalgte: Kinas klimamål skuffer, Sverige bommer helt på sine, Brasil tar initiativ, kloden er i dårlig form og klimatilpasset sopp blir farligere for helsen.

26. september 2025
Les mer
En kvinne med langt, mørkt hår og en kremfarget blazer står i en moderne gang og smiler til kameraet.

Energiewende for dyrt: Alle subsidier skal under lupen

Mer marked, mer pragmatisme, mindre subsidier: Tysklands energiminister mener omstillingen står ved en skillevei – men fornybar- og klimamålene står likevel fast.

15. september 2025
Les mer
To store containerskip ligger til kai i en havn, stablet med fargerike containere, med kraner og en slepebåt i nærheten under en klar himmel.

Trump til åpen kamp mot globale klimatiltak

Denne ukens fem utvalgte nyheter: USA truer land som vil kutte skips-utslipp, konsekvensene av russergass til Kina, Trump mot havvind, knappere CO₂-lagre og spansk skogbrannfasit.

5. september 2025
Les mer
To personer i formelle antrekk står vendt mot hverandre utenfor, de har øyekontakt og holder hverandre i armene i en samtale.

Høyt spill om nytt klimamål

Stor usikkerhet om EUs 2040-mål og bidrag til Parisavtalen like før det skal besluttes. Også om spenning rundt tysk realitetssjekk og oppdatert kalender for høsten.

3. september 2025
Les mer
ANNONSE
Artikkelen fortsetter under annonsen
Annonse
Våre støttespillere
Svanemerket
Ledige stillinger i det grønne skiftet

Vil du jobbe med klima og jordbruk?

Miljødirektoratet søker etter rådgivere med analytiske evner
Oslo Kommune
Frist: 4.12.2026