Kutt i kraft og industri trakk Europas utslepp ned – stor auke i flytrafikk

EUROPAS STØRSTE UTSLEPPSPUNKT: Kolkraftverket Bełchatów i Polen er det største utsleppspunktet i Europa. Ifølgje Sandbag slapp kraftverket ut over 38 millionar tonn CO₂ i 2018. Foto:
Kvar fredag presenterer redaksjonen i Energi og Klima fem viktige nyheitssaker frå veka som har gått. Her er mine utvalde:
Mindre kolkraft gav reduserte utslepp
Måndag offentleggjorde EU-kommisjonen førebelse utsleppsdata for sektorane som utgjer EUs kvotemarknad (EU ETS). Dei viser at kvotepliktige utslepp, som dekker omlag halvparten av EUs totale utslepp, vart redusert med 3,3 prosent i 2018. Det er Reuters som melder dette. Dei baserer seg på analysebyrået Refinitivs utrekningar for sektorane industri, kraftproduksjon/oppvarming og luftfart. Størst var reduksjonen i kraftsektoren med 6,4 prosent, mens industriens utslepp gjekk ned med kun 1,5 prosent. I luftfarten går utviklinga i feil retning – her var det vekst på heile 5,7 prosent frå 2017-18. Ryanair er selskapet med størst utslepp blant flyselskapa, og er det første flyselskapet som nokon gong har kome seg inn på utsleppstoppens topp 10-liste. The Guardian skriv meir om dette i artikkelen «Ryanair is the new coal» .
Når kvotesektoranes samla utslepp likevel gjekk ned i 2018 er det på grunn av fall i kolkraftproduksjonen. Forklaringa her er kraftig vekst i fornybar energi og brenselsskifte frå kol til gass. Britiske Sandbag har publisert ei veldig god oversikt over sektorvis utsleppsutvikling. Her kan ein mellom anna lese at utsleppa frå kraftproduksjon frå steinkol fall heile 9 prosent i 2018, mens utsleppa frå kraftverk som fyrer med brunkol gjekk ned med 3 prosent. Ni av dei største utsleppskjeldene i kvotepliktig sektor er brunkolkraftverk, skriv Sandbag. Sju av desse ligg i Tyskland.
Historisk utsleppsreduksjon i Tyskland
Tyske miljømyndigheiter sendte tysdag ut denne gladmeldinga: Tysklands utslepp av klimagassar gjekk ned med 4,2 prosent frå 2017 til 2018, viser førebelse utsleppsdata. Dette er den største reduksjonen i klimagassutslepp sidan finanskriseåret 2009. Som i første sak ligg hovudforklaringa i kraftsektoren. All fossil kraftproduksjon i Tyskland opplevde nedgang i 2018, mens fornybarproduksjonen auka. 1,5 GW med kolkraftkapasitet blei kopla frå det tyske straumnettet i 2018 (og lagt i «reserve»). Også tyske hushald reduserte utsleppa av klimagassar i fjor, men ein viktig del av forklaringa her ligg i varmare vær og dertil lågare energikonsum. Tyskarane slapp også ut mindre utslepp i sektorane transport og industri. Tyske miljøorganisasjonar hevdar nedgangen i liten grad kan forklarast av myndigheitenes politikk, skriv . Samanlikna med 1990 har Tyskland redusert sine klimagassutslepp med om lag 30 prosent. Målet er minst 55 prosent innan 2030.