– Finn fram ein gammal pamflett av Kåre Willoch!
Landsmøtet i Høgre skal velje ny leiing etter 22 år med Erna Solberg som partileiar. Kva retning tek Høgre i klimapolitikken etter Solberg? Det er eitt av spørsmåla som blir stilte i denne vekas Klimax.
– Det er mykje ein kan seie om Erna, men ho har stått fast ved ein del av prinsippa i klimapolitikken som har vore viktige, seier Bjartnes.
Miljødirektoratet lanserte tysdag årets klimatiltaksrapport – Klimatiltak i Noreg 2026. Rapporten er det viktigaste kunnskapsgrunnlaget for utforminga av norsk klimapolitikk. Ine Schwebs var til stades då rapporten blei presentert og overlevert til klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen, og ho deler inntrykka sine frå pressekonferansen.
Panelet er også innom debatten om Noreg bør parkere klimanøytralitetsmålet frå 2016. Det er Senterpartiet som har fremja forslag om dette på Stortinget, og denne veka vart det klart at Frp, Høgre og Raudt vil sikre fleirtal for forslaget.
Episoden vart spelt inn torsdag 12. februar. I panelet deltok:
• Ine Schwebs, ansvarleg redaktør i Energi og Klima
• Anders Bjartnes, redaktør for det Norsk klimastiftelse gir ut og kommentator i Energi og Klima
• Lars-Henrik Paarup Michelsen, dagleg leiar i Norsk klimastiftelse
Lenker til saker omtalt i denne Klimax-episoden:
- Foredrag om Europa: Martin Sandbu (Vestlandskonferansen, 10.02.2026)
- Samtale: Jonas Gahr Støre og Timothy Snyder (Vestlandskonferansen, 10.02.2026)
- Klimatiltak i Norge 2026: Veivalg og utslippsbaner mot 2050 (Miljødirektoratet, 10.02.2026)
- Hvordan sikre nok strøm til klimaomstillingen (Klimafrokost, 12.02.2026)
- Vil ha Vy, Posten og Statkraft på børs (E24, 12.02.2026)
- Stortinget skroter omstridt klimakrav til bønder (Nationen, 12.02.2026)
- OL-helten sier nei til olje-penger: – Krasjer med det jeg står for (VG, 10.02.2026)
