Forskar på Grønland: – Gjer vondt når gode vener frå USA blir stengt ute
– Eg ser på dagens administrasjon i USA som mellombels. Eg skal driva med klimaforsking i Grønland lenge etter at Donald Trump er ferdig som president, seier professor Kerim Hestnes Nisancioglu.

Klimaforskar Kerim Hestnes Nisancioglu frå Bjerknessenteret i Bergen har forska på Grønland i meir enn 20 år. Blant mykje anna måler han vasstemperatur, saltinnhald og plankton og overvaker tilhøva i fjorden mellom anna ved hjelp av droner. (Foto: Mathieu Johnson/Marble.)
USAs president seier han vil overta Grønland. Han går samstundes til frontalåtak på klimaforskinga. Bjerknessenteret i Bergen har i mange år drive klimaforsking på Grønland. Forskar og professor Kerim Hestnes Nisancioglu står brått i eit storpolitisk minefelt. Overgangen frå mange år der han synest det har vore for lite merksemd rundt Grønland, er brutal.
Vi snakkar med

Kerim Hestnes Nisancioglu, professor ved Institutt for geovitskap ved UiB og Bjerknessentert for klimaforsking. Han driv tverrfagleg forsking innan geovitenskap med søkelys på å forstå dynamikken i klimaendringar.
Vi møtte han på Universitetet i Bergen medan resten av verda venta på Trumps tale i Davos.
Energi og Klima: – Når var du på Grønland første gong?
Kerim Hestnes Nisancioglu: – Det må ha vore i 2005. Sidan den gongen har eg vore der kvart år, bortsett frå dei harde åra med korona. Elles har eg vore i Grønland rundt to månadar årleg og jobba. Det har vore hardt med tanke på barn og familie, men svært viktig.
– Når skal du tilbake?
– Eg dreg tilbake om tre-fire veker. Eigentleg skulle eg dra i forrige veke, men vi arrangerte eit Grønlands-seminar her i Bergen i staden.
– Kan du enkelt fortelja kva forskinga di går ut på?
– No jobbar eg med folket på vestkysten av Grønland, ved Ilulissat Kangia, eller Isfjord på dansk. Dette er ein av dei mest produktive fjordane i Grønland, med fisk, fugl og rikt dyreliv. Så lenge ein kan minnast har her vore store fiskeri og gode område for jakt. Årsaka er at den største breen i Grønland, Sermeq Kujalleq, eller Jakobshavn isbre, endar i denne fjorden. Denne breen bevegar seg no svært raskt.
– Rundt 15 prosent av isvolumet som går tapt i Grønland, kjem frå denne breen. Smelting av Grønlandsisen er ei viktig årsak til at havet stig globalt. Vi ser enorme isberg, som gjerne kan vera ein kilometer i omkrins, i fjorden. Nokre av dei blir no sitjande fast på terskelen der det djupe fjordbassenget blir mykje grunnare ved utløpet til havet.
– Vi arbeider tett med lokalbefolkninga. Dei lokale fiskarane opplever store endringar, og vi får masse spørsmål om kva som er i ferd med å skje.
Bruker droner i forskinga
– Kva gjer du når du er på Grønland?
– Då vi begynte tok vi isprøvar, for å sjå korleis tidlegare varmeperiodar med issmelting har arta seg. Målet har vore å forutseia kor stor havstiginga vil bli ved til dømes to graders temperaturauke. Som ung forskar gjorde eg sjølv alle feil i boka, og dreiv såkalla helikopter-science. Det vil seia at vi flaug inn og opp på isen, tok iskjerneprøvar og flaug heim att for å gjera analysar i laboratoriet. No er det mykje viktigare for meg å forstå lokale verknader på økosystemet. Vi måler vasstemperatur, saltinnhald og plankton, og overvaker tilhøva i fjorden mellom anna ved hjelp av droner.
– Dei siste ti åra har vi jobba slik lokalt, og brukt god tid. Eg samarbeider tett med folket som bur der, fiskarane og fangstfolka. Dei har ein enorm kunnskap, overlevert gjennom generasjonar, om korleis ting har endra seg. Vi har også utstyrt nokre av fiskarane med måleinstrument. Dette gir oss data året rundt.
– Du har gått litt i retning av antropologien då?
– Eg har lært mykje av antropologane og samfunnsfaga. Som naturvitar kan du ikkje berre driva med måling.
– Korleis har Grønland endra seg i perioden du har drive forsking på øya?
– Eg har sett store endringar gjennom desse åra. Diskobukta var til dømes heilt tilfrosen om vinteren. Folk kunne fint ta seg over med snøskuter eller hundeslede for å vitja familie og vener. Det kan dei ikkje lenger. No er det ope vatn i fjorden. Det er varmare, men folk seier det kjennest kaldare på grunn av at lufta er blitt så rå. Og grønlendarane elskar snø og is. Den kalde tida gir ei enorm kjensle av fridom til å ta seg fram over store distansar. Om sommaren brukar dei sjølvsagt båtar, men stormane om sommaren er også blitt hardare.
Ein meter havstiging neste hundre år
– Korleis kan kunnskap om tidlegare varmeperiodar seia oss noko om klimaendringane vi ser no?
– Det interessante med Grønland er at vi har god kunnskap om tidlegare tiders klimaforandringar, og kor mykje isen smelta sist det var så varmt. Det var i mellomistida for 120.000 år sidan. Den kunnskapen gir oss ein tydeleg peikepinne på kor vi er på veg. Den gongen var det to grader varmare, og då stod havet to meter høgare. Vi veit også kor fort dette har gått tidlegare. Det som overraskar oss no, er kor fort det går i våre dagar. Det vi ser i fjordane i Grønland no, kan samanliknast med den raskaste tilbaketrekninga av isen etter istida i Noreg. Dersom heile grønlandsisen smeltar får vi ei havstiging på sju meter.
– Sju meters havstiging verkar skremmande?
– Sju meter vil ta lang tid. Då snakkar vi om tusen år. Det som ligg på bordet no, er ein meter havstiging i løpet av dei neste hundre åra.
– Det har vore mykje snakk om Grønlands ressursar som blir meir tilgjengelege når isen smeltar. Korleis ser du på det?
Få alle ekspertintervjuene i innboksen
I Ekspertintervjuet prater vi med forskere og andre fageksperter om temaer som er relevant for klimakrisen og det grønne skiftet.
– Grønlendarane er sjølve opptekne av å kunna få i gang produksjon basert på eigne ressursar. Då er det sjølvsagt snakk om mineralar. Men det er også eit enormt potensiale for vasskraft på øya. Så gjer også klimaendringane at område opnar seg og får interesse utanfrå.
– Smertefullt
– Korleis påverkar Trumps ønske om å overta Grønland arbeidet ditt?
– Eg har i alle år samarbeidd med amerikanske forskarar om prosjekta i Grønland. Men no ber forskingsrådet i Grønland oss om ikkje å inkludera forskarar frå USA i nye prosjekt. Akkurat dette er litt kritisk fordi USA har eit kunnskapsmiljø som er heilt utan samanlikning. Dei har også viktig infrastruktur som satellittar, fly og båtar. Dessutan er mange av dei også gode kollegaer og vener vi har samarbeida svært godt med i mange år. Det er smertefullt.
– Enda om dei er heilt usamde med Trump, blir dei råka. Dei blir sett på som ein del av systemet i USA som har andre interesser i Gønland enn berre forsking. Dette merka eg alt rett etter visepresident JD Vance sitt besøk på øya i fjor. Då skulle vi setja ein forskingsbøye frå NASA ut i fjorden. Alt då var grønlendarane kritiske til medverknad frå USA, og eg sette ut bøyen saman med grønlandske kolleger fordi amerikanarane ikkje kunne reisa.
– Du har altså grønlendarar som kollegaer, kva seier dei om det som no står på spel?
– Eg samarbeider tett med fleire forskarar frå Grønland. Vi hadde også fire studentar frå Nuuk med på tokt med «Statsraaden» forrige sommar. Dei var saman med norske studentar og studentar frå EU. Det gav masse tilleggskunskap om kultur og grønlandske tilhøve. Men kollegaene på øya har det tøft for tida. Ein god kollega fortalte her om dagen at ho beint fram måtte snu på veg til jobb, dette fordi ho kjente seg fysisk dårleg av Trumps press.
– Er det også forskarar frå mange andre land på Grønland?
– Det er det. Fleire driv «helicopter-science» av same slag som vi gjorde dei første åra. Dette gjer at folk i Grønland kan bli litt leie av å bli forska på. Vi samarbeider med danskar, folk frå andre EU-land og eit stort miljø i Canada. Dessutan har Japan mange klimaforskarar som også er i Grønland. Som norsk, kjenner eg meg veldig velkomen i landet. Eg blir berre kalla nordmannen i bygdene rundt fjorden. Og det er positivt meint. Kanskje det botnar litt i ei kjensle dei har av felles lagnad. At også Noreg ein gong låg under Danmark.
Ikkje russiske eller kinesiske forskarar på øya
– Donald Trump har vore oppteken av Russland og Kina. Er dei til stades?
– Russarane får ikkje tilgang til øya, og dei har vi slett ikkje noko samarbeid med. Kinesarane er heller ikkje i Grønland. Vi samarbeider også stadig mindre med dei av politiske årsaker. Det er sørgeleg, for dei er fantastisk flinke folk. Men dette heng kanskje også litt saman med presset frå USA. Det gjer at Grønland ser på innblanding frå alle supermakter som vanskeleg.
– Den amerikanske presidenten har også gått til frontalåtak på klimaforskinga. Fryktar du at det også kan råka deg?
– Det har det alt gjort. Mine gode kollegaer i USA har mista jobben, eller blitt avskilta som klimaforskarar. Det set arbeidet vårt tilbake fordi vi ikkje lenger får samarbeida med folk som har svært mykje kunnskap, og som sit på store mengder data. Det har kanskje ikkje så mykje med saka å gjera, men eg var faktisk med på å arrangera støttedemonstrasjon for Grønland ved Boulder Climate Research Center i Colorado. Over hundre forskarar stod der saman med grønlandske flagg. Dei amerikanske forskarane der var redde for å fronta aksjonen i avisene, dei var jo statstilsette. Dekanen ved fakultetet her heime var også redd eg skulle bli kasta ut av landet. Men akkurat det gjekk bra.
– No blir sentret med fleire tusen tilsette lagt ned. Det er likevel nokre små lyspunkt. Ein positiv konsekvens er at to unge toppforskarar frå USA snart kjem hit til Bergen for å jobba ved Bjerknessenteret.
– Dersom det no skulle gå så ille at USA overtek mykje av styringa av Grønland, kva tenkjer du om det?
– Eg tenkjer at det verste scenarioet er at landet då blir ein ny koloni under USA. Eg har reist mykje rundt i USA, og har jobba der i mange år. I samband med dette har eg vore interessert i urfolksspørsmål. Det er ein heilt grunnleggande mistillit mellom urfolk og storsamfunnet i USA.
– Grønland har fått for lite merksemd
– Hadde du sett for deg at faget ditt, og arbeidet på Grønland, skulle hamna slik i det storpolitiske brennpunktet?
– Nei, og eg tenkte lenge at Grønland fekk altfor lite merksemd. Kanskje spesielt i Noreg der folk helst har vore opptekne av Svalbard når det gjeld nordområda. No har dette snudd, sjølv om utgangspuktet for interessa no har vore svært negativ.
– Blir du sjølv redd for å snakka fritt om desse tinga?
– Nei, den dagen forskarar og akademikarar sluttar å ytra seg, skal vi verkeleg vera redde. Eg meiner at dersom ein sluttar å seia det ein meiner, og ikkje lenger byr på den kunnskapen ein har, er det fare på ferde. Dersom eg skal uroa meg for kva eg seier, og om eg kan bli nekta innreise til USA og slikt, så vil det vera veldig hemmande akademisk. Det er ikkje ein kurs eg ønskjer å ta.
– Korleis ser du framtida for klimaforskinga?
– Som klimaforskar må eg vera optimist. Eg ser på dagens administrasjon i USA som mellombels. Eg skal driva med klimaforsking i Grønland lenge etter at Donald Trump er ferdig som president.
