Kampen om oljefondets investeringsunivers

Når ikke regjeringen vil diskutere Statoils strategi, må Stortinget ta ansvar, skriver Anne Jortveit.
Dette er et debattinnlegg. Teksten er kvalitetssikret i tråd med redaksjonelle prinsipper for publisering. Innholdet reflekterer skribentens egne meninger.
Milton Catelin, leiaren i World Coal Association, har begynt å interessere seg for norsk politikk. Tysdag i førre veke kom han eins ærend frå Australia til Oslo for å diskutere forslaget om å trekke oljefondet ut av kolselskap med finanskomiteen på Stortinget. Eit kjapt søk i offentleg elektronisk postjournal viser at han og har kontakta statsministeren, finansministeren, olje- og energiministeren og klima- og miljøvernministeren om same tema.

Stortingets behandling av Arbeidarpartiets forslag endar ikkje som Catelin hadde frykta mest – med det Jonas Gahr Støre har marknadsført som ein klar «marsjordre» frå Stortingets fleirtal om å trekke oljefondet ut av kolselskap. Men det går heller ikkje som han hadde ønska. Med løfte om å setje ned eit uavhengig ekspertutval, er spørsmålet om kol skal vere ein del fondets framtidige investeringsunivers i realiteten berre utsett.
For Høgre og Frp betyr oljefond-kompromisset på borgarleg side at dei – i denne omgang – unngår at KrF og Venstre sikrar fleirtal for eit politisk forslag frå Arbeidarpartiet. Er det ein ting som i denne perioden er viktig for Erna Solberg og Siv Jensen, så er det å halde Jens Stoltenberg på den politiske skuggesida.
For KrF og Venstre er kompromissets oppside at dei no har fått tak i eit lodd som kan gi ein langt meir omfattande reformering av oljefondets investeringsunivers enn det representantforslaget frå Ap i utgangspunktet la opp til. Nedsida er sjølvsagt at dei ikkje kjenner utfallet av den eksterne ekspertutgreiinga før om eit år – og at dei i mellomtida ikkje får «røyste for det dei er for». Det vil det raudgrøne mindretalet minne dei på.
Viktig raudgrøn støtte
I pressemeldinga som blei sendt ut då oljefond-forhandlingane på borgarleg side var ferdig, stod det at samarbeidspartia «går lenger enn Ap på flere punkter». Det stemmer ikkje....lenger. Då finanskomiteen leverte si innstilling 4. mars viste det seg at alle partia stiller seg bak det borgarlege kompromisset. Det skal KrF og Venstre vere veldig takksame for. Med raudgrøn støtte blir det no vanskelegare for det konservative Finansdepartementet å utnytte den uklare ordlyden i forslaget til sin fordel:

