Når konsesjon er gitt

VINDKRAFT I NOREG: Per i dag er det gitt konsesjon til nesten 23 TWh vindkraft i Noreg. Av dette er omlag 10 TWh i drift eller under bygging. Med ein samla fornybarproduksjon på omlag 145 TWh er vindkraft framleis veslebroren i norsk kraftforsyning. Her frå Ytre Vikna vindmøllepark. Foto:
Dette er et debattinnlegg. Teksten er kvalitetssikret i tråd med redaksjonelle prinsipper for publisering. Innholdet reflekterer skribentens egne meninger.
For at det ikkje skal vere tvil om kor eg
sjølv står i vindkraftdebatten: Kampen mot klimaendringane fordrar mykje meir
fornybar energi både i Noreg og i Europa. Noreg har gode vindressursar og
vindkraft blir stadig billegare. Mens dei fleste klimatiltak er einstydande med
store utgifter, anten det er snakk om elbilar, CCS eller havvind, kan mange
landbaserte vindprosjekt i dag realiserast utan offentleg støtte. Den
moglegheita bør vi gripe.
Når det er sagt har eg ingen vanskar med
å skjøne motstanden mot vindkraftverk på land. Som all anna storskala
kraftutbygging fører også vindkraft til naturinngrep. At naturvern- og
friluftslivinteressene vil skåne urørt natur for turbinar og anleggsvegar er difor
forståeleg. Demonstrasjonar og aksjonar, til og med dei ulovlege, høyrer med i ein utbyggingssak. Sivil ulydnad er ein
del av gamet.
Konsesjonsprosessar for vindkraft tek årevis.
Kartleggingar og analyser, høyringar og justeringar. I tillegg kjem rundar med
klaging. Men grundige prosessar er heilt nødvendig for tillita til systemet. Konsekvensar
av ei utbygging må greiast ut og synleggjerast, relevante aktørar må få utale
seg. Sjølv om konsesjonsprosessane for vindkraft er omfattande, betyr ikkje det
at dei er perfekte. Det kan godt hende at dei bør bli endå meir opne og
inkluderande i framtida, slik desse forskarane er inne
på.
Tillit fordrar også at ein kan stole på
myndigheitenes vedtak. Når partane har fått sagt sitt, og klagemoglegheitene brukt
opp, kan ikkje konsesjonsvedtak lenger vere i spel. Utbyggar må vite at ein
tildelt konsesjonen står ved lag sjølv om vindkraftmotstandarane held fram protestane
sine.
På Frøya utspelar det seg no ein konflikt om nettopp dette – mellom utbyggaren TrønderEnergi Vind AS og Frøya kommune.
Frøya vindkraftverk si historie startar i 2002. Prosjektet fekk endeleg konsesjon av Olje- og energidepartementet hausten 2013, etter høyringsrunde og klagebehandling. Kommunen har heile vegen støtta vindkraftplanane, sjølv om det alltid har vore betydeleg lokal motstand. Så seint som 13.desember i fjor godkjende kommunestyret vindparkens som så vart sendt over til NVE for godkjenning. Vindkraftverket er planlagt med 14 turbinar på 180 meter.