1

Støtt oss
Stillinger
1
Klimakalender

Om oss

Om oss
Støtt vårt arbeid
Annonsere
Personvernerklæring
Administrer informasjonskapsler

Følg oss

Facebook
Bluesky
Linkedin
Rss feed

Kontakt oss

Redaksjonen
Energi og Klima
Odd Frantzens plass 5
N-5008 Bergen
til toppen
Reber Iversen
Reber Iversen
Policy and project manager, Maritime CleanTech.
Publisert 20. januar 2025
Sist oppdatert 23.1.2025, 16:45
Debatt

Ny løysing for grøn skips­fart

Utsleppa frå norsk skipsfart aukar. Ei negativ CO₂-avgift på grønt drivstoff kan utlikne prisgapet mellom fornybart og fossilt og få fart på omstillinga, skriv Reber Iversen i Maritime CleanTech.

En ferge ved navn Hydra seiler gjennom en naturskjønn fjord med fjell i bakgrunnen under en blå himmel med skyer.

Hydrogenferja «Hydra» vart satt i trafikk i Rogaland i mars 2023 (Foto: Norled)

Publisert 20. januar 2025
Sist oppdatert 23.1.2025, 16:45
Reber Iversen
Reber Iversen
Policy and project manager, Maritime CleanTech.

Omstillingstakten i skipsfarten ligg milevis bak behovet for å sikre framtidig konkurransekraft og at klimamåla vert nådd, viser DNVs omstillingsbarometer. Utsleppa frå skipsfarten aukar.

Ei løysing som kan vere både billigare og enklare enn andre forslag som er framme i debatten, er å bruke skatte- og avgiftssystemet og innføra ei negativ CO₂-avgift knytt til drivstoffet.

Dramatisk aukande utsleppskostnader

Kostnader for å sleppe ut klimagassar frå norske skip vil auke dramatisk dei neste ti åra. Klarar me ikkje å få implementert låg- og nullutsleppsløysingar i skipsfarten no, mistar me ikkje berre klimamåla av syne. Ei av Norges viktigaste næringar vil og få svekka konkurransekraft når den globale industrien no omstiller seg i takt med klimaskiftet.

I dag betalar norske skip ca. 750 kr/tonn i nasjonal CO₂-avgift. Frå 2024 vart norsk skipsfart fasa inn i EUs kvotesystem (ETS) og må betala ein forventa gjennomsnitts kvotepris på 1500 kr/tonn i 2030. Regjeringas plan er at den samla karbonprisen (avgift + kvote) skal vere 2400 kr/tonn i 2030.

Frå 2025 blir også EUs nye direktiv for grøne drivstoff implementert i Norge (FuelEU Maritime). Direktivet set krav om gradvis fallande karbonintensitet som etter våre utrekningar isolert sett kan medføre ekstra 1000 kr/tonn frå 2030.

Samla sett kan altså kostnadane ved CO₂-utslepp auke til over 3400 kr/tonn i 2030. Det vil bety at kostnadane blir mangedobla på få år. Utover 2030-talet vil dei berre fortsette å auke når kvotane blir fasa ut og det ikkje er fleire igjen i 2039.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Ikkje økonomisk rasjonelt i dag

Me har kome langt med elektrifisering av skipsfarten i Noreg gjennom utrulling av maritim batterielektrisk teknologi. Men store deler av den norske, havgåande flåten har operasjonar som ikkje er eigna for rein batterielektrisk framdrift.

Skal desse skipa oppnå nullutslepp, må dei også ta i bruk drivstoff utan utslepp, gjerne hydrogenbaserte drivstoff som flytande eller komprimert hydrogen, eller ammoniakk eller metanol.

Problemet er at karbonprisen i dag er for låg til at det er økonomisk rasjonelt å investere i nullutsleppsteknologi. Det tek mange år å planlegge, investere og bygge eit nytt skip. Manglande investeringsevne no vil forplante seg til fråvær av nullutslepp også mange år fram i tid.

Oppskrifta: Negativ CO₂-avgift

I dag finst det teknologi tilgjengeleg i marknaden som kan gå på grøne drivstoff til ein akseptabel investeringskostnad, men prisen på det grøne drivstoffet er framleis for høg.

Våre støttespillere

Ifølgje våre medlemmer vil grøne drivstoff som hydrogen og ammoniakk vere økonomisk rasjonelt med ein karbonpris på 2400 kr/tonn – men me kan ikkje vente til 2030. Difor trengst det – i ein avgrensa periode – økonomiske incentiv som utliknar prisforskjellen til fossilt drivstoff fram til karbonprisen kjem opp på høgt nok nivå.

Nært eit samla næringsliv har lenge føreslått ei mellombels ordning med differansekontraktar på grønt drivstoff som ei løysing. Men det har vist seg å vere politisk krevjande å få til for ulike regjeringar. Det blir sagt at det er for dyrt, juridisk krevjande og for lite effektivt å forvalta.

Ei alternativ løysing, som kan vere både billigare og enklare, er altså å bruke skatte- og avgiftssystemet ved å innføra ei negativ CO₂-avgift knytt til drivstoffet. Det vil seie at dei som tar i bruk grønt drivstoff, får eit frådrag eller refusjon tilsvarande gapet mellom dagens karbonpris – ca. 1400 kr/tonn (avgift + kvote) – og nivået i 2030 på 2400 kr/tonn.

Men sidan dette gapet vert mindre og mindre etter kvart som karbonprisen aukar, vert og kostnaden for staten mindre og mindre. Incentiveffekten for dei som skal investere, vil likevel oppretthaldast heile vegen. I praksis blir karbonprisen i 2030 framskynda for investeringar i grøne drivstoff.

Gapet som må dekkast for å oppnå lønsemd for grøne drivstoff i dag. Gapet blir mindre og mindre for kvart år. Figur: Maritime CleanTech

Blir ei slik ordning innført frå neste års statsbudsjett i 2026, vil ordninga gjelde i berre fire år fram til 2030, som ytterlegare avgrensar belastinga for staten.

Taktskifte for nullutsleppsteknologi

Skatteetaten har opna for fritak og refusjon for CO2-avgifta for kvotepliktig innanriks skipsfart, så grunnlaget for forvaltinga av ei negativ CO₂-avgift er allereie på plass.

Ei slik ordning vil ikkje berre gjere klimamåla meir oppnåelege. Me vil og sjå eit taktskifte i investeringar i nullutsleppsteknologi, som vil sikre både konkurransebaserte oppdrag for leverandørindustrien i Noreg i åra som kjem, og samtidig skape ein stor nok marknad for bruk av grøne drivstoff frå norske hydrogen- og ammoniakkprodusentar.

ANNONSE
Bluesky

Les også

En eldre mann med briller og grått hår smiler mens han snakker til pressen, med flere fargede mikrofoner synlige foran seg.

Statsbudsjettet: De viktigste klimasakene

Norge sliter med utslippskuttene i klimaavtalen med EU – gapet øker, viser forslaget til statsbudsjett. Les oversiktssak om budsjettnyhetene på klima- og energifeltet.

15. oktober 2025
Les mer
Demonstranter i gule vester samles ved en bensinstasjon; i forgrunnen står en bil med "STOP AUX TAXES" sprayet på siden, og i bakgrunnen holder folk et fransk flagg.

EUs nye kvotesystem for bygg og transport: Storm på kontinentet, laber bris i Norge?

EUs nye kvotesystem vil gi økte priser på drivstoff og oppvarming. Dersom Norge holder fast ved CO₂-avgiften, vil det trolig påvirke befolkningen langt mindre her enn på kontinentet, skriver forsker Jørgen Wettestad.

1. oktober 2025
Les mer
Flyfoto av et kystområde med moderne bygninger, en brygge med småbåter, et stort cruiseskip og omkringliggende grøntområder langs strandlinjen.

Klimaomstilling i havnene krever mer strøm og kloke ideer

Manglende kapasitet i kraftnettet har fått flere havner til å bruke strømmen smartere. Men uten tilgang på mer kraft blir det likevel vanskelig for havne-Norge å ta grønne sjumilssteg, skriver tre Sintef-forskere.

12. august 2025
Les mer
Tre menn står utendørs og forbereder seg på å klippe et stort grønt bånd som en del av en seremoni, med fjellene synlige i bakgrunnen.

Hydrogen: Mangel på helhetlig politikk stopper prosjekter

Stortinget har bevilget penger til flere ordninger som skal hjelpe fram hydrogen som klimaløsning. Men mangel på helhetlig politikk har bidratt til at prosjektene i tur og orden har floppet.

8. juli 2025
Les mer
ANNONSE
Artikkelen fortsetter under annonsen
Annonse
Våre støttespillere
Svanemerket