Er Noreg rigga for omstilling?

Me har høg eksponering mot ei næring som er på veg ut. Problemet er berre at næringa som no må fasast ut samstundes er kjelda til vår overdrivne rikdom, skriv Klaus Mohn. Foto frå Edvard Grieg-plattformen i Nordsjøen, der Lundin er operatør. (Foto: Lundin Energy Norway).
Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens egne meninger.
Tysdag 19. januar var eg invitert til eit digitalt seminar i regi av i regi av Abelia, EnergiNorge, Klimastiftelsen, Rederiforbundet og Tekna, under tittelen «Er Norge rigget for omstilling?». Me fekk høyre om utfordringa og responsen i eit europeisk perspektiv. Me høyrte om utgreiing og tilrådingar frå eit norsk uavhengig Klimaomstillingsutval. Og me fekk høyre flikar av det som går føre seg i våre naboland innan nyskaping, innovasjon og fornybar forretningsutvikling. Alle var samstemte, og det var lite ulyd å spore.
Det var kanskje difor at eg var beden om å dele litt meir kritiske refleksjonar. Ikkje på det som elles blei sagt, kanskje. Men kanskje snarare rundt det som ikkje blei sagt. Dette passa som hand i hanske, for meg personleg – og ikkje minst i forhold til Universitetet i Stavanger sitt samfunnsoppdrag og motto: «Utfordre det velkjente, utforske det ukjente.»
Utfordringa er enorm
Eg høyrer nok til blant dei som tenker at alvoret i klimautfordringa ikkje er godt nok forstått. Desto meir urovekkande er det utviklinga går feil veg. Utsleppa går ikkje ned. Men det gjer omfanget av urørt natur og artsmangfald. I stor fart. Me er ikkje i nærleiken av å møte utfordringane me står overfor når det gjeld klima og miljø. Om me ikkje vender om, så endar me opp der me stevnar. Og det er ingen god stad. Realiteten er at politikarane er unnfallande, og forklaringa er ikkje så komplisert. Dei aller fleste veljarane i Noreg er nemleg framleis meir opptekne av vekst, verdiskaping og velferd enn av klima, miljø og berekraft. Greta Thunberg skapte kanskje ei politisk bølje i Europa, men i Noreg er det no Trygve Slagsvold Vedum som skapar bøljer. Og sjølv om Vedum no har vind i segla, så er han verkeleg ikkje heilt som Thunberg.
Noreg sine utfordringar er særeigne. Og Stavanger er på sett og vis Noreg sett på spissen. Me har høg eksponering mot ei næring som er på veg ut. Problemet er berre at næringa som no må fasast ut samstundes er kjelda til vår overdrivne rikdom. Motstanden mot utfasing og omstilling er dermed sterk. Ein solid koalisjon av interesser slår ring om olje- og gassnæringa. Det gjeld næringslivets organisasjonar, det gjeld fagrørsla – og det gjeld viktige delar det politiske establishmentet. Berre dei aller færraste vågar å stille seg i vegen for det som lenge har vore den mest vekstkraftige og innbringande næringa i landet. Narrativet i dag er at olje- og gassnæringa skal legge til rette for grøn omstilling, og at dårlege kår for oljebransjen vil gje tregare tilpassing til klimautfordringa. Enorme ressursar står bak marknadsføringa av denne fortellinga.