Klimatiltak eller politisk press frå Equinor – eller begge deler

I den nye strategien frå Equinor og konsernsjef Eldar Sætre (bildet) ligg det eit dårleg skjult trugsmål mot politikarane, skriv artikkelforfattaren. (Foto: Ole Jørgen Bratland, Equinor).
Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens egne meninger.
Like
etter nyttår lanserte Equinor nye ambisjonar for å redusere sine klimagassutslepp i Noreg. Selskapet vil
redusere utsleppa frå felt og landanlegg her i landet med 40 prosent
innan 2030 og ned mot nær null innan 2050. I 2030 inneber det årlege
kutt på over fem millionar tonn CO₂, tilsvarande om lag 10 prosent
av dei totale utsleppa her i landet.
Dette høyres ut som ei gladmelding, men utspelet
har fått blanda mottaking, ikkje minst på grunn av dei
føresetnadene som er lagt inn i strategien.
Reaksjonane på utspelet frå Equinor er mange og
sprikande – frå hyllest til påstandar om at det er grønvasking for
å sikre seg stabile rammevilkår og nye leiteområde. Argumenta
sveiper over eit stort felt frå teknologi og kvotesystem til
økonomisk risiko, og det kan vere gode grunnar til å prøve å
rydde litt i debatten. Skal vi vinne klimakampen, må argumenta som
vi brukar, stå seg for kritisk vurdering. Vi kan ikkje tilpasse dei
frå sak til sak dersom vi skal føre ein truverdig klimadebatt.
Blir grøn elektrisitet
til fossil gass?
Ein sentral del av satsinga til Equinor er
elektrifisering av oljeplattformer. Elektrisk kraft skal erstatte
gassturbinar som slepp ut CO₂, og krafta skal i all hovudsak komme
frå land. Flytande vindturbinar som Equinor planlegg å bygge med omfattande støtte
frå Enova, vil utgjera ein liten del av det totale kraftbehovet.
Enkelte hevdar at elektrifisering vil redusere
utsleppa i Noreg, men auke utsleppa andre stader. Den gassen som vi
sparer på plattformene, kan seljast og bli brent andre stader. Vi
gjer fornybar energi om til fossil gass, blir det sagt. Men slik er
det ikkje. Forbruket av gass aukar i liten grad om det blir litt meir
gass tilgjengeleg. Hadde det vore slik at å spare fossil energi
fører til tilsvarande auke i forbruket andre stader, så hadde det
heller ikkje vore noko poeng å redusere bruken av fossil energi i
transportsektoren. Då blir det jo petroleum til overs som etter
denne logikken vil bli brukt andre stader.