Vi kan ikkje frede noregspris

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens egne meninger.
Revidert nasjonalbudsjett gir ei viktig påminning om at føresetnadene for å drive ein framtidsretta politikk, er langt betre i Noreg enn i andre land rundt oss. Ikkje berre har vi høgare økonomisk vekst enn mange av våre naboland, vi har også ein mykje lågare arbeidsløyse. I Noreg er arbeidsløysa på kun 2,1 prosent.
Revidert nasjonalbudsjett: Dette er nytt om klima og energi

Den største skilnaden er likevel denne: Der andre land må låne pengar for å dekke budsjettunderskot, har vi eit oljefond å lene oss på.
I 2026 vil Noreg ta ut 466 milliardar kroner frå fondet for å balansere statsbudsjettets utgifter. Korrigerer ein for konjunktursvingingar og eingongseffektar, får ein eit strukturelt oljekorrigert budsjettunderskot på 579 milliardar kroner.
Det er dette talet ein tek utgangspunkt i når ein vurderer storleiken på den årlege oljepengebruken, som med Ap-regjeringas budsjettforslag for 2026 vil ligge på 2,7 prosent av fondets verdi.
Ansvarleg pengebruk handlar ikkje berre om uttaksprosenten frå fondet, men også om kva vi brukar pengane på. Vi kunne bestemt oss for å bruke dette særnorske økonomiske handlingsrommet på noko framtidsretta – som moderne og miljøvenleg infrastruktur, klimatiltak med global effekt, eller å gi eit skikkeleg løft for forsking og utvikling.
Regjeringa kan ikkje forsvare sine eigne subsidiar
Men revidert nasjonalbudsjett viser at langsiktig samfunnsbygging er erstatta med straum- og drivstoffsubsidiar her og no. 27 milliardar kroner vil det i 2026 koste å ha makspris på straum (21,5 milliardar kroner) og reduserte avgifter på bensin og diesel (5,5 milliardar kroner).
Berre sidan jul har noregspris blitt over 10 milliardar kroner dyrare. Til samanlikning er den oppjusterte kostnadsramma for Stad skipstunnel, som regjeringa har vald å skrote fordi prosjektet er for dyrt, på 8,6 milliardar kroner.
Regjeringa viser sjølv galskapen med noregspris ved å referere til sitt eige rådgivande utval for finanspolitiske analyser:
«Strømstønadsordningen og spesielt noregspris virker ifølge utvalget uheldig inn på kraftmarkedet. De svekker prissignalene og bidrar til økt forbruk av kraft. Investeringer i samfunnsøkonomisk lønnsomme enøk-tiltak blir mindre privatøkonomisk lønnsomme.».
Dei kunne også vist til siste tilnull kvartalsrapport frå Norsk klimastiftelse, som viser at nordmenn ikkje lenger ser behovet for å installere solceller på eige hustak eller å investere i energisparingstiltak.
Regjeringa gir heller ingen sterke argument for reduserte avgifter på fossilt drivstoff. Det er no klart at Stortingets iver etter å kutte pumpeprisene baserte seg på prissituasjonen på få einskilddagar før påske. Gjennomsnittsprisen i mars i år for ein liter bensin var 23,50 kroner og ein liter diesel 24,54 kroner. Høgare enn normalt, men på ingen måte dramatisk. Dersom pumpeprisen aukar med 4 kroner per liter, vil ein gjennomsnittsbilist få ein ekstrarekning på 240 kroner per månad, skriv regjeringa. I tillegg til elendig fordelingseffekt, er det ifølgje Finansdepartementet «høgst sannsynleg» at det fossile avgiftsstuntet er EØS-stridig.
Stortinget må rydde opp i revidert
Både noregspris og drivstoffsubsidiane spring ut av politisk hastverk – vedtekne utan tilstrekkeleg saksutgreiing i forkant.
Resultatet er ein 27-milliardar-rekning som ikkje eingong regjeringa klarar å forsvare i eigne budsjettdokument, og som Det finanspolitiske rådet meiner verkar mot sin hensikt i ein situasjon der oljepengebruken allereie gjer velferdsstaten sårbar.
Stortinget må ta sin del av ansvaret. I behandlinga av revidert blir to prioriteringar viktige: Å stadfeste at drivstoffavgiftene går tilbake til opphaveleg nivå 1. september, og å be regjeringa utarbeide ei alternativ straumstøtteordning til noregspris – ei ordning som iallfall ikkje fjernar insentiva til straumsparing og lokal energiproduksjon.