Banebrytande klimadom i Tyskland

UNGDOM MOT STATEN: Saksøkarane i den tyske klimarettssaka var klimaengasjerte ungdom med støtte frå mellom andre Fridays for Future, Greenpeace og Friends of the Earth. Her frå ein tidligare demonstrasjon utanfor Brandenburger Tor i Berlin. Foto: REUTERS/Fabrizio Bensch
Kvar fredag presenterer redaksjonen i Energi og Klima fem internasjonale nyheitssaker frå veka som har gått. Her er mine utvalde.
Tysklands øvste domstol krev endringar i klimapolitikken
Den tyske forfatningsdomstolen har i det som vert omtalt som ein historisk dom gitt dei unge saksøkarane delvis medhald i påstanden om at den tyske klimalovgivinga er grunnlovsstridig. Regjeringa må innan utgangen av neste år spesifisere planar for utsleppsreduksjonar etter 2030.
Den tyske klimalovgivingspakken frå 2019 forpliktar tyske myndigheiter til å redusere klimagassutsleppa med minst 55 prosent innan 2030 målt mot 1990-nivå. Det langsiktige målet er klimanøytralitet innan 2050. Fordi dagens klimalovgiving ikkje seier noko om utsleppsreduksjonar etter 2030, meiner domarane at lovgivinga utset dei unge for ein framtidig utsleppsreduksjonsbyrde (Emissionsminderungslast) som kan svekke deira grunnleggande rettar. Domarane forklarar dette med at for å nå Paris-måla, vil ein i 2030 ikkje ha noko anna val enn å gjennomføre langt meir drastiske tiltak for å få ned klimagassutsleppa. Med dette som utgangspunkt gjev forfatningsdomstolen regjeringa frist til 31.desember 2022 med å konkretiser utsleppsreduksjonane frå 2031 og utover.
Kva blir konsekvensane?Den tyske regjeringa var raskt ute med å love endringar i klimapolitikken då domen vart kjent, kanskje alt til sommaren. Jakob Schlandt i Der Tagesspiegel trur domen kan kome til å prege haustens forbundsdagsval: «Domen kjem med tanke på den føreståande valkampen til rett tid. Målretta klimatiltak kjem til å bli eit sentralt tema - måtte dei beste forslaga vinne»,skriv han.
Vil du lese meir?Forfatningsdomstolen har lagt ut ei om domens innhald. har laga ei samlesak med reaksjonar.
