Korleis kan batterilagring bli meir lønsamt og brukast i straumnettet?

Aukande produksjon av uregulert kraft frå sol og vind krev lagringskapasitet når det er lite sol og laber vind. Dette, og stadig betre batteri, gjer energilagring stadig meir aktuelt. I forskingsprosjektet MultiStore undersøker SINTEF korleis batterilagring kan bli meir lønsamt, korleis batteri med fordel kan brukast i straumnettet og korleis nettselskap best kan samhandla med kundar som har investert i batterikapasitet.
Forskar Jonatan Klemets seier at batterilagring også kan løysa fleire av problema i nettet ved godt samarbeid og riktig bruk. Men batteri i nettet kan også skapa nye problem.
Energi og Klima: – Kan du enkelt forklara kva MultiStore-prosjektet går ut på?
Jonatan Klemets: – Utgangspunktet er at det foregår ei rask elektrifisering av samfunnet. Vi undersøker korleis energilagring kan brukast best mogleg i nettet, og korleis økonomien er i dette. Målet for dei fleste, både bedrifter og private, er å få så lav straumrekning som råd med det batteriet dei investerer i. Så kan nettselskapa ha andre interesser. Der handlar det for eksempel om ikkje å overbelasta nettet.
– Med så mykje regulerbar vasskraft som vi har her til lands, vil det vera behov for batterilagring også i det norske kraftsystemet?
– Ja, det gjeld å oppnå balanse mellom forbruk og produksjon. No handterer vasskrafta raske svingningar godt, men det medfører samstundes slitasje på anlegga. Dermed kan det vera ein fordel å ha batterikapasitet til dei raskaste svingningane. Batteri kan dessutan bidra positivt i straumnettet på fleire måtar.
– Korleis kan dei det?
– Dei kan koma inn som ei løysing der nettet er for svakt eller for dårleg utbygd. Medan det tar lang tid å forbetra nettet, kan batteri installerast fort. Dermed kan til dømes ei bedrift som ikkje får god nok kraftforsyning gjennom nettet, oppnå sikrare straumforsyning ved å investera i batteri. Det kan også vera ei god forsikring mot straumbrot. Dersom batteri blir brukt rett, kan dei også betra spenningskvaliteten. Då unngår ein skade på apparat i nettet. Det gjeld både nettselskapas utstyr, men også nettkundane sine elektriske apparat.
Ulemper?
– No får vi mykje ny batterikapasitet, alt frå batteripakkar i bedrifter og på ferjekaiar til alle dei private el-bilane. Er det ulemper ved mange batteri i nettet?
– Dei fleste forbruks- og produksjonsmønster hos nettkundar er relativt føreseielege, og det lokale straumnettet er bygd for å ta høgde for dette. Ein kan til dømes rekna med at eit solcelleanlegg produserer mest midt på dagen. Forbruks- og produksjonsmønster frå batteri kan derimot variera mykje meir frå dag til dag. Dei vil som regel forsøka å levera straum i dei timane på døgeret når straumprisen er høgast.
– Dersom batterier og solcelleanlegg står i samme nettområde, og denne høgpristimen kjem samtidig med at solcelleanlegga alt matar mykje straum inn i nettet, kan den samla effekten føra til at ein bryt spenningsgrenser eller at kapasiteten i det lokale nettet blir sprengd. Det er nettselskapas ansvar å løysa dette. Då må dei kanskje strekka nye kablar, forsterka eksisterande linjer eller installera eigne batterier for å ta unna overskotsenergi. Slike tiltak er svært kostbare og lite samfunnsøkonomiske, spesielt når problemet kunne vore løyst gjennom betre samhandling.
Økonomiske fordelar
– Korleis kan slikt samarbeid sjå ut?
– For eksempel ved at nettselskapet gir økonomiske fordelar for å endra bruken av batteriet. Slik koordinering kan redusera dyre nettinvesteringar og samtidig gi kundane ein ekstra gevinst.
– Må batteria alltid tilhøyra private kundar? Er det ikkje ei løysing at nettselskap sjølve installerer batterikapasitet i nettet der det trengs?
– Problemet her er at eit nettselskap berre vil ha bruk for batteri i korte periodar for å løysa akutte problem. Lovverket hindrar dei dessutan i å bruka energilagring til å påverka straumprisen. Dei har dermed berre lov til å nytta kraftlagring for å løysa problem i nettet. Dermed er nok heller løysinga å bruka økonomiske insentiv for å få til eit godt samarbeid med kundane.
– Batteri er dyrt, kva skal til for at det svarar seg å lagra kraft i batteri?
– Målet for den einskilde er sjølvsagt å få så lav straumrekning som råd ved hjelp av det energilageret ein har. Og i prosjektet vårt ser vi nettopp på korleis ein kan få best mogleg verdi ved å investera i batteri. Når eit energilager kan delta i fleire marknadar, og slik få ei meir effektiv drift, kan det bidra til å betra lønsemda.
– Kvar i kaftsystemet er det best å plassera lagerkapasitet, i Statnetts overordna nett, eller ute i distribusjonssystemet hos dei lokale nettselskapa?
– Begge delar kan gje fordelar. I overføringsnettet til Statnett trengs større energilager for å balansera krafta. Ute i systemet hos dei lokale nettselskapa kan mindre batteri løysa andre problem, til dømes forårsaka av lokale flaskehalsar.
Både batteri og hydrogen
– Det er snakk om både batteri og hydrogen som energilager. Med stadig betre batteriteknologi, vil det også vera naudsynt med lagring i form av hydrogen i framtida?
– Eg trur at det vil vera trong for begge deler, med litt forskjellig funksjon. Batteri vil løysa dei fleste kortsiktige behov. Når det gjeld energilagring over lang tid, vil hydrogen ha ein funksjon. Men hydrogen krev at det er råd å utnytta overskotsvarmen for å minska energitapet.
