Kapitalistar gir klimahåp

Opening of the Climate change summit 2014
Dette er et debattinnlegg. Teksten er kvalitetssikret i tråd med redaksjonelle prinsipper for publisering. Innholdet reflekterer skribentens egne meninger.
Det er håp. Kanskje ikkje for ein ny klimaavtale med to strekar under svaret, men for at vi klarar å forsere det grøne skiftet i tide. FNs klimatoppmøtet i førre veke demonstrerte med all tydelegheit at klimakampens leiartrøye ikkje tilhøyrar Erna Solberg eller andre statsleiarar, men kapitalforvaltarar som har skjønt at global opvarming ikkje lenger er noko ein kan delegere bort til CSR-avdelinga. Global oppvarming representerer ein finansiell risiko – ein trugsel mot framtidige sparepengar, forsikringsutbetalingar og pensjonar.
Ban Ki-Moons oppsummering viser stor breidde i initiativa som blei lansert under klimatoppmøtet, men langt frå alle er store og viktige nok. Noregs regnskogsatsing er vel og bra, men det rokkar ikkje ein tomme ved det fundamentale: forbruket av fossile brenslar. Det kan derimot fleire av dei finansielle initiativa frå toppmøtet gjere. Her er tre av dei:
1. The Portfolio Decarbonization Coalition
Saman med UNEPs Finansinitiativ (UNEP FI) har Fjärde Ap-fonden (AP4), Amundi og The Carbon Disclosure Project (CDP) lansert initiativet The Portfolio Decarbonization Coalition (PDC). Initiativet skal samle institusjonelle investorar som ønskjer å avkarbonisere eigen portefølje. Dei som slutter seg til initiativet forpliktar seg til å 1) måle og offentleggjere porteføljens karboneksponering og 2) sette i gang tiltak for å redusere karbonfotavtrykket.
Måla er at ein fram til desember 2015 skal samla ein koalisjon av institusjonelle investorar som til saman forpliktar seg til å måle og offentlege karbonfotavtrykket til investeringar for minst 500 milliardar US dollar, og i same periode avkarbonisere aksjeinvesteringar for minst 100 milliardar US dollar. Svenske AP4 har sjølv forplikta seg til å avkarbonisere heile aksjeporteføljen (20 milliardar US dollar).
2. Divest-Invest Global Movement
Dagen før klimatoppmøtet annonserte The Rockefeller Brothers Fund (RBF) at dei stiller seg bak Divest-Invest Global Movement. Koalisjonen, som består av hundrevis av personar og institusjonar, har forplikta seg til å avkarbonisere investeringar for 50 milliardar US dollar dei neste 3-5 åra. Det vil seie å flytte investeringar frå fossile til klimavenlege .