Noreg treng ein Togradarskommisjon
Dette er et debattinnlegg. Teksten er kvalitetssikret i tråd med redaksjonelle prinsipper for publisering. Innholdet reflekterer skribentens egne meninger.
Når store, sektorovergripande tema skal greiast ut, eller når ein ønskjer å finne løysingar på kompliserte spørsmål som kan samle eit breitt politisk fleirtal, har det ikkje vore uvanleg for norske regjeringar å opprette kommisjonar.
Då Grete Faremo som justisminister i 1996 satt ned Ytringsfridomskommisjonen, var grunngjevinga denne:
«Samfunnet er i dag preget av en rivende utvikling på områder som har betydning for ytringsfriheten. (…) I denne situasjonen er det viktig å foreta en grunnleggende gjennomtenkning av ytringsfrihetens stilling i vårt samfunn. For dette formål opprettes det en Ytringsfrihetskommisjon.»
Då Karl Eirik Schjøtt-Pedersen som finansminister i 2001 satt ned Pensjonskommisjonen, uttalte han:
«Gjennom en tverrpolitisk kommisjon søker Regjeringen åsikre bred politisk oppslutning om det framtidige pensjonssystemet.»
Då Heidi Grande Røys som fornyingsminister i 2006 oppretta Personvernkommisjonen, sa ho:
«Personvernet blir utfordra på ein ny måte i informasjonssamfunnet (…). Personvernkommisjonen vil få som oppgåve å vurdere lover og reglar samtidig som målet også er å skape ein brei offentleg debatt om personvern»
I 2012 er tida overmoden for ein ny kommisjon, ein Togradarskommisjon. Er det eitt politisk tema som i dag er like omfattande som viktig, som er prega av ein rivande utvikling, som har behov for offentleg debatt og som treng løysingar som kan samle brei politisk støtte, er det klimatrugslen og oppfølginga av togradarsmålet.
IEA stiller spørsmåla
Togradarsmålet, som blei vedteke under klimatoppmøtet i Mexico i 2010, og som Noreg har kjempa for sidan 2006, inneber at verdssamfunnet skal unngå at den globale gjennomsnittstemperaturen stig med meir enn to gradar i høve til førindustriell tid.