Sosial aksept for kva?

Sosial aksept, samfunnsaksept og brukaraksept er ord som forskarar, politikarar og byråkratar ofte tyr til når dei snakkar om nye teknologiar. Det er sjeldan fordi dei tenkjer det finst nok aksept for teknologien.
Same kva teknologi ein diskuterer – vindmøller, sjølvkøyrande bilar, genteknologi, osb. – så stillast det same spørsmålet: Finst det (tilstrekkeleg) aksept for teknologien i samfunnet? Dette er feil spørsmål.
I fjor sumar husa Trondheim to arrangement som handla om karbonfangst og -lagring (carbon capture and storage, CCS). Det eine var Trondheim CCS Conference (TCCS), ein verdsleiande vitskapeleg konferanse om CCS. Det andre var eit folkepanel om CCS, organisert av Trondheim kommune. Arrangementa krinsa kring den same teknologien, men tematiserte koplinga mellom teknologi og samfunn på svært forskjellig måte.
Veit folk for lite?
På TCCS gjekk spørsmålet om sosial aksept att. Finst det tilstrekkeleg sosial aksept for CCS? Ei rekkje presentasjonar viste korleis det finst varierande aksept for CCS. Nokre av presentasjonane peika på moglege grunnar til at folk var skeptiske til denne teknologien.
Desse presentasjonane munna gjerne ut i eit nytt spørsmål: Korleis kan ein skape sosial aksept for CCS? Svaret var ofte «meir kunnskap»: Folk veit for lite om korleis CCS kan bidra til å redusere global oppvarming. Folk ville altså ikkje vore motstandarar av CCS om dei visste nok om teknologien.
Folkepanel: Open og respektfull samtale
Folkepanelet til Trondheim kommune gjekk over fire dagar og bestod av 19 innbyggjarar som vart trekt gjennom lotteri. Deltakarane tok stilling til følgjande spørsmål: «Hvordan kan vi få til karbonfangst på forbrenningsanlegget for restavfall på Tiller på en måte som er bærekraftig, og som oppleves rettferdig for innbyggerne i Trondheim?»

For å svare ut dette fekk panelet presentert informasjon frå Trondheim kommune, Statkraft Varme og klimaorganisasjonar, samt perspektiv på rettferdig omstilling. Med utgangspunkt i denne informasjonen, samt eigen kunnskap og erfaringar, gjennomførte deltakarane ein deliberativ prosess: Ei grundig, open og respektfull samtale der dei lytta til kvarandre, vog argument og reflekterte over verdival.
TCCS og folkepanelet til Trondheim kommune illustrerer to ulike måtar å forstå forholdet mellom teknologi og samfunn på.
På TCCS vart spørsmålet om CCS ofte redusert til for/mot-posisjonar, der det som regel var implisitt – av og til eksplisitt – at folk burde vere for. I tillegg vart folk gjerne framstilt som uvitande: Folkeleg skepsis til CCS skuldast manglande kunnskap om teknologien. Sjølv når det vart peika på spesifikke grunnar til motstand, var det nett som det ikkje fanst legitime grunnar til å vere motstandar av CCS.
Folkepanelet i Trondheim ga eit heilt anna bilete av folk sine oppfatningar av CCS. Sjølv om få av deltakarane kjente til CCS frå før greidde dei på kort tid å setje seg inn i teknologien og gjere nyanserte vurderingar kring han.
Korleis skal ein teknologi brukast i samfunnet?
Deltakarane var spesielt opptekne av korleis teknologien kunne bli ein del av samfunnet og kva han burde brukast til. Til dømes understreka folkepanelet at CCS ikkje må forsterke sosiale og økonomiske ulikheiter. Vidare la folkepanelet vekt på at kostnadane for ei eventuell implementering av CCS må fordelast rettferdig etter «forureinar betalar»-prinsippet.
Deltakarane kunne kanskje ikkje gjere reie for alle dei teknisk-økonomiske-juridiske-etc. detaljane ved CCS, men dei evna å formulere korleis dei meiner at ein teknologi skal brukast i – og tene – samfunnet.

Erfaringane frå folkepanelet utfordrar tanken om sosial aksept for einskilde teknologiar, same om det er CCS, sjølvkøyrande bilar eller genteknologi. Anbefalingane til folkepanelet handla om korleis Trondheim kommune, Statkraft Varme og andre relevante aktørar bør tenke og arbeide om dei ønskjer å ta i bruk CCS.
Til saman adresserer dei 15 anbefalingane til folkepanelet prosessen fram mot implementering av CCS, kva CCS bør brukast til, kven som bør stå ansvarleg og kva følgjeverknadar som er akseptable. Ingen – null – av folkepanelet sine anbefalingar handla om CCS som teknologi.
Verdiar trumfer teknologiar
Spørsmålet om tilstrekkeleg sosial aksept gjer den einskilde teknologien til kjernen av striden: Ønskjer folk at denne teknologien skal vere del av samfunnet? Dette spørsmålet har to moglege svar, ja eller nei, og det er gjerne implisitt at folk bør seie ja. I folkepanelet fanst få teikn til slike enkle for/mot-posisjonar: Deltakarane førde ein nyansert diskusjon kring CCS, der det fanst legitime og illegitime bruksområde og måtar å ta i bruk teknologien på.
I ljos av folkepanelet verkar sosial aksept å vere eit langt meir nyansert fenomen enn kva som vart anerkjent i løpet av TCCS (samt i offentlege og akademiske diskursar kring sosial aksept).
Sosial aksept handlar ikkje om kor vidt teknologien bør bli teke i bruk. Det handlar om korleis teknologien blir gjort til del av samfunnet, kva teknologien skal brukast til, og kva prinsipp som bør ligge til grunn for innføringa og bruken. Folk bryr seg meir om verdiar enn einskilde teknologiar.
