Verda etterspør mindre olje enn forventa
Oljepriskollapsen gir ikkje auka forbruk av olje. Snarare tvert imot. For Noreg betyr det at omstillinga til ein karbonfri økonomi må skje fortare enn i dag.
I Debatten på NRK i kveld kjem vi til å høyre det igjen. At verda treng meir energi, at Noreg produserer verdas reinaste olje og at vi har opplevd kraftige oljeprisfall før. Oppsummert: Sitt stille i båten, folkens. Dette går over.
Oljeprisen har gått ned før. Vi har sett kraftige oljeprisfall omtrent kvart tiande år sidan krisa på 1970-talet: i 1986, i 1998 og i 2008. Marknadslogikken til no har vore at jo kraftigare og raskare prisfall, desto sterkare rekyl. Det er dette mange no går og ventar på.
I årets utgåve av Medium-term oil market report spår IEA at oljeprisen vil krype opp til 70 dollar per fat innan utgangen av dette tiåret. Det er 20 dollar lågare enn det ein trudde for eitt år sidan. Samtidig – og dette er det interessante – nedjusterer IEA vekstraten for oljeforbruket globalt.
Den globale oljemarknaden har akkurat begynt på eit nytt kapittel. IEA skriv:
“For the next few years, the global oil market looks set to begin a new chapter of its history, with markedly changing demand dynamics, sweeping shifts in crude trade and product supply, and dramatically different roles for OPEC and non OPEC producers in regulating upstream supply. That chapter will undoubtedly not be the final one, and the oil market and industry will keep reinventing themselves. But it will be profoundly different from anything that had been known so far.”
Kina og transport
Den nye normalen er at verdsøkonomien blir stadig mindre oljeintensiv. Det er to viktige forklaringar på det:
Kina har gått frå å ha eit einsidig mål om økonomisk vekst til mål om bærekraftig vekst. Klimagassutslepp og forureining skapar i dag stor misnøye i folket, og dette har landets leiing begynt å kommunisere at dei tek på alvor. Det er venta at den trettande langtidsplanen (2016-2020) vil ha eit endå sterkare fokus på rein energi, meir effektiv oljeforbruk og mindre forureining enn det gjeldande langtidsplan har. Mens Kinas oljeforbruk i perioden 2009-2014 hadde ein årleg vekst på 440 kb/d, trur IEA at veksten skal ned til mindre enn 300 kb/d fram til 2020.
I OECD bidrag endra demografi (pensjonistar konsumerer mindre olje), betre byplanlegging, strengare miljølovgiving, IT-revolusjon og ny køyretøyteknologi til redusert oljeforbruk. Særleg viktig er det som skjer i transportsektoren. I 2012 bestemte president Obama at nye bilar som selges USA i 2025 skal klare 54,5 miles per gallon – omtrent dobbelt så langt som i dag. Dette vil merkes. Kvart tiande fat med olje som blir konsumert globalt går i dag til bensin i USA.
Kva så med framvoksande økonomiar? Vil ikkje oljeetterspurnaden halde fram i desse marknadene med uforminska styrke etter same mønster som i dagens OECD-land?
Svaret på det er nei. Det ein ser, er at land i sterk utvikling hoppar over dei energisløsande og skitne teknologiane som vi tok i bruk (på same måte som dei droppar fasttelefon og går rett på smarttelefon). Sjå berre på den globale utrullinga av fornybar energi.
Verdas oljeetterspurnad viser seg altså å ha eit mettingspunkt. At det er IEA som seier dette, gjer det ekstra interessant. IEA er institusjonen som kallar vekst i oljeforbruk for “progress”, og som i sine analyser systematisk undervurderer utrulling av fornybar energi og cleantech.
Varsellampene bør blinke i regjeringskvartalet. Noreg har dårleg tid.