Fylka har høyrt klimabrøla frå dei unge og «Grønner på»!

Dette er et debattinnlegg. Teksten er kvalitetssikret i tråd med redaksjonelle prinsipper for publisering. Innholdet reflekterer skribentens egne meninger.
Der
Noreg har lavt ambisjonsnivå for utsleppsreduksjon (45 prosent),
har mange fylker høyrt dei unge, og sett seg heilt nye, ambisiøse
mål om nullutslepp innan 2030. Det gjenstår å konkretisere nærmare
kva dette betyr for kvart fylke i konkrete handlingsplanar fram mot
sommaren.
Under
årets toppleiarmøte for Klimapartnere Vestland tyda det på at ein
med nullutslepp meinar direkte utslepp frå heile regionen, der ein
treng mobilisere alle aktørar for å være med å levere.
Fylkesordførar Jon Askeland gjorde det tydeleg at han vil stille seg
i front for mål om Nullutslepp Vestland 2030.
Trøndelag,
Vestland, Viken, Oslo, Innlandet og Vestfold og Telemark har alle
lignande målsetningar, med høgt ambisjonsnivå.
Det er truleg heller ikkje berre store ord, for saman med storbyane har fylka lenge vist vilje og evne til å kutte utslepp og legge hovudet på blokka når dei tøffe avgjerslene skal tas.
Ambisjonar er sjølvsagt ikkje det same som handling, men det å setje høge og tydelege mål mobiliserer, særleg i kombinasjon med klimaregnskap, klimabudsjett og målretta tiltak, med tilhøyrande finansiering. Mellom anna har både Bergen og Oslo fått utteljing for dette, og kunne vise til høvesvis 9,5 prosent og 8,8 prosent nedgang i utsleppa frå 2016 til 2017. (Noregs utslepp har auka med 1,1 prosent sidan 1990). Bylufta er samstundes blitt reinare, kollektivandelen har gått opp og singelbilisme gått ned.
Den konkrete vilja til rask omstilling hjå fylka, har ein for lengst sett igjen i både ambisiøse bussanbod, ferjerevolusjonen, hurtigbåtrevolusjonen, oppbygging av hurtiglading og infrastruktur i hamner, utfasing av fossilt brensel, i rolla som pådrivar for utsleppsfri bygg og anlegg og ikkje minst ved å tiltrekke investeringar til grøne fabrikkar, som datasenteret Lefdal Mine Data Center i Nordfjord eller batteriproduksjon som hos Corvus Energy i Bergen. Ein byrjar også å sjå klare teikn til at grøn verdiskaping og berekraftig optimisme aukar. Det er viktig, for skal ein få til effektiv omstilling, må ein ta ein sterk posisjon innan grøn næringsutvikling både i by og distrikt.


