3
4

3
Stillinger
4
Klimakalender
Astrid Sverresdotter Dypvik
Astrid Sverresdotter Dypvik
Rådgjevar i Tankesmien Agenda. Forfattar av fleire bøker om Tyskland.
Publisert 19. mars 2026
Sist oppdatert 19.03.2026, 12:41
Kommentar

Tyskland og klima: No handlar alt om økonomi

Tyskland har gått frå å vere motoren i EUs grøne giv til å bli pådrivar for ein strategi der næringslivet kjem først. Kva skjedde?
Angela Merkel smiler i en turkis jakke mens Friedrich Merz applauderer henne på et arrangement.
Dagens forbundskanslar Friedrich Merz applauderar for Angela Merkel (kanslar 2005-2021) under CDU sitt landsmøte i Stuttgart 20. februar 2026. (Foto: Thilo Schmuelgen/Reuters/NTB)
Publisert 19. mars 2026
Sist oppdatert 19.03.2026, 12:41
Astrid Sverresdotter Dypvik
Astrid Sverresdotter Dypvik
Rådgjevar i Tankesmien Agenda. Forfattar av fleire bøker om Tyskland.
Kommentar

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens egne meninger.

Bakteppet er grønt og ambisiøst. Etter Fukushima-katastrofen i 2011 tok den dåverande tyske kanslaren Angela Merkel initiativ til ein ambisiøs plan for langsiktig energiomstilling og utsleppskutt. Tyskland skulle gå bort fra atomkraft og fossile energikjelder og over til rein og fornybar energi.

Dei brukte namnet Energiewende, eit omgrep som hadde vore i bruk i den tyske miljørørsla sidan 1980-talet.

Tyskland satsa på storskala utbygging av fornybar kraft, samstundes vart landet ein pådrivar for EUs klimapolitikk og seinare for EUs grøne giv.

Det var ikkje ei sak som snudde stemninga, men ein kombinasjon av årsaker. Det handlar om økonomi, forsyningssikkerheit for energi, ei regjering som kløna det til for seg sjølv og om ytre høgres store framgang i tysk politikk.

Eit grønt stemningsskifte

Men først, tilbake til utgangspunktet. Merkel var i ein unik posisjon i desse første Energiewende-åra. Ho stod usedvanleg sterkt, både i heimlandet og internasjonalt, blant anna fordi ho leia eit land med ein framgangsrik økonomi.

Ho var kristendemokrat av det svært sentrumsorienterte slaget. Typisk for henne var at ho valde saker som var populære blant sentrumsveljarar og gjorde dei til sine. Klimasaka er eit kroneksempel på denne strategien.

Tyskland har Europas eldste og største grøne parti, Die Grünen. I desse åra var partiet framgangsrikt, og det drog heile partilandskapet i ei grøn retning.

Så kom også den unge Greta Thunberg-generasjonen som streika for klimaet. Fenomenet vart globalt, men rørsla vart eksepsjonelt sterk i Tyskland. På den største streikedagen demonstrerte over ein million tyskarar.

Merkel var så suveren at i tida før ho trekte seg ut, skreiv tysk presse om Merkeldämmerung. Det er eit ordspel på Götterdämmerung, som er tysk for ragnarok. Og det har jo ikkje gått så bra i tysk politikk etter at Merkel trekte seg ut heller.

Den aller grønaste regjeringa

Ved forbundsdagsvalet i 2021 fekk Die Grünen sitt beste resultat nokonsinne. Det resulterte i ei koalisjonsregjering med ein klimapolitikk som var meir ambisiøs enn Merkels. Regjeringa var leia av sosialdemokraten Olaf Scholz. Robert Habeck frå Die Grünen vart næringsminister med ansvar for både klima og energi, og Cem Özdemir, som også representerte die Grünen, vart landbruksminister.

Denne regjeringa skulle gjere Tyskland klimanøytralt innan 2045, eit mål som vart lovfesta i 2021. Scholz-regjeringa lova ei raskare utbygging av fornybar kraft. På deira lange liste over ambisiøse tiltak stod også utfasing av fossil oppvarming av bygg og ein raskare slutt på den tyske utvinninga av brunkol.

Stillstand og energikrise

Problemet var at Tyskland ikkje lenger var eit land i økonomisk framgang. Tysk økonomi stagnerte under pandemien. Berre veker etter at Scholz og hans koalisjon inntok regjeringskontora kom Russlands fullskalainvasjon av Ukraina. Energiprisane auka kraftig. Dette var med på å befeste dei alt eksisterande økonomiske vanskane. Sidan har Tysklands økonomiske tilstand veksla mellom lite vekst, resesjon og stagnasjon.

Russlands krig mot Ukraina førte også til politisk stress knytt til energitryggleik. Tyskland var ein storimportør av russisk gass. Det fekk ein brå slutt. Så kom tida for stenging av dei siste tyske atomkraftverka. Atomkraftverket Isar II vart stengt i april 2023. Stenginga hadde lite å seie for europeiske straumprisar fordi atomkrafta på dette tidspunktet uansett stod for ein marginal del av den samla tyske straumproduksjonen. I tillegg ville vidare drift ha vore umogleg om kraftverka framleis skulle operere i tråd med IAEAs standard for tryggleik for atomkraftverk.

Men i offentlegheita framstod stenginga likevel for mange som lite gjennomtenkt. Det fekk konsekvensar for regjeringas truverde i klima- og energipolitikken.

Oppvarmingsfadesen

Olaf Scholz’ regjering skulle få slutt på fossil oppvarming av bygg. For det føremålet vart lovpakken som vart kjent som Heizungsgesetz(oppvarmingslova) lansert. Lovforslaget vart til i ein skvis mellom Die Grünens ønske om raske, målbare resultat, sosialdemokratanes ønske om å ta omsyn til familiar med låg inntekt og det liberale partiet FDPs krav om stram budsjettpolitikk og å ikkje skape sand i maskineriet for næringslivet.

Saka enda opp som ein fullstendig katastrofe for regjeringa, men aller mest for Die Grünen og næringsminister Habeck, som hadde ansvar for saka.

Nyhetsbrevet Europas grønne skifte

I nyhetsbrevet Europas grønne skifte velger Energi og Klima-redaksjonen ut nyheter og analyser om klimapolitikken i Europa, med særlig blikk på EUs grønne giv. Utsending en gang i måneden.

Vi deler aldri din e-postadresse med tredjeparter.

Årsaka til totalhavariet var både eit dårleg grunnarbeid frå regjeringa, men også ein sterkt personretta anti-Habeck-kampanje frå AfD og ei nådelaus tabloidpresse, med avisa Bild i front.

Seinare ville Scholz’ regjering også auke skatten på diesel i landbrukssektoren. Det førte til store bondedemonstrasjonar mot landbruksminister Özdemir og Habeck tidleg i 2024. Klima var ein av grunnane, men på langt nær den einaste, til at Scholz’ regjering vart historisk upopulær. Regjeringa braut saman seint hausten 2024, og det vart nyval i februar 2025.

Klima vart kampsak

I løpet av Scholz si regjeringstid gjekk det ytterleggåande ytre høgrepartiet Alternativ for Tyskland (AfD) frå å vere eit problem i tysk politikk til å tidvis bli den aller største saka i tysk politikk.

AfD var det partiet som protesterte mest aggressivt mot den strenge nedstenginga under korona, mest høglydt mot sanksjonar mot Russland etter overfallet på Ukraina og mest hatsk mot regjeringas klimapolitikk. Og det gav resultat. I reine tal ser det slik ut: Ved valet i 2021 fekk AfD ein oppslutnad på 10 prosent. Ved valet fire år seinare fekk partiet 20 prosent av stemmene.

Planen om å stenge ned kolkrafta innan 2038 vart vedtatt av Forbundsdagen i 2020. Dette vart ei god sak for AfD fordi arbeidsplassane i kolindustrien er godt betalte jobbar for fagarbeidarar og svært viktige for lokalsamfunna.

Ein stor del av del av det tyske brunkolet er å finne i den struktursvake delen av Brandenburg og Sachsen. Dette er austlege delstatar der AfD frå før har høg oppslutnad og der folk både er svært misnøgde med sentrale styresmakter og har liten tillit til dei.

I reine tal ser det slik ut: Nasjonalt fekk AfD 20 prosent ved forbundsdagsvalet i 2025. I Brandenburg gjekk 32,5 prosent av stemmene til AfD, og i valkrinsen Elbe-Elster-Oberspreewald-Lausitz fekk AfD 43 prosent. Dette var AfDs beste valkrins i Brandenburg. Og valkrinsen ligg midt i kjerneområdet for utvinning av brunkol.

Ein ny kanslar

Friedrich Merz frå det kristendemokratiske partiet CDU vart ny kanslar etter valet i 2025, han fekk med sosialdemokratane som koalisjonspartnar. Merz’ fremste løfte i valkampen var å få fart på tysk økonomi. Han skjerpa også kristendemokratanes konservative profil, den var jo blitt noko utydeleg i Merkel-åra. Han åtvara blant anna mot grüne Spinner, grøne galningar.

Dette markerer eit tydeleg stemningsskifte der grøn politikk gjekk frå å vere eit saksfelt der dei demokratiske partia konkurrerte om å vere mest ambisiøse, til å bli ei sak som ofte blir latterleggjort.

Les også:

Energiewende for dyrt: Alle subsidier skal under lupen

En kvinne med langt, mørkt hår og en kremfarget blazer står i en moderne gang og smiler til kameraet.

Eit tydeleg teikn på denne snunaden er at Markus Söder, som er leiar i CSU (det bayerske søsterpartiet til CDU) og ein svært talentfull populist, har gjort anti-klimapolitikk til ein kulturkampsak. Han postar regelmessig bilete av sine klimapolitisk ukorrekte kjøtmåltid på sosiale medium.

Den klimapolitiske tankesmia Agora Energiewende er kritiske til Merz’ regjering og hevdar det ser dårleg ut med tanke på å nå målet om å bli klimanøytralt i 2045.

Kronjuvelen

Tysk økonomi går framleis trått. Akkurat no er det USA og Israels krig mot Iran som legg ein dempar på det som var i ferd med å gå litt betre. For tysk økonomi, og for det tyske nasjonale sjølvbiletet, er det viktig at landet er verdsmeister i eksport. Landet har ein stor, eksportretta industrisektor der bilindustrien er sjølve kronjuvelen. Men det går ikkje så bra. Det kjem både av konkurranse frå Kina og på grunn av Trumps tollpolitikk, i 2024 var USA den aller største og viktigaste marknaden for den tyske bilindustrien.

Fleire av dei store selskapa har varsla om nedbemanningar. Ein studie forbundet for tyske bilprodusentar (VDA) la fram i 2025 anslo at ein av fem arbeidsplassar i bilindustrien kan bli borte fram mot 2035.

Den tyske bilindustrien har jobba målretta politisk mot EUs forbrenningsmotorforbod heilt sidan det vart vedtatt. Med dei dystre økonomiske framtidsprognosane og ein kanslar som har økonomisk vekst som si fremste sak, fekk dei svært gode kort på handa.

Les også:

Den tyske elbil-krisen: Raseri mot Volkswagen, hat mot De grønne

En stor folkemengde samles i et urbant område for en offentlig demonstrasjon, med folk som holder bannere og flagg. Bygninger og skorsteiner er synlige i bakgrunnen.

EPP (dei kristendemokratiske partia i EU-parlamentet) har gått frå å heie fram EUs grøne giv, til å i stadig større grad leggje vekt på korleis grøn politikk er til hinder for næringsutvikling.

Merz har vore med på å sette tonen. På EPPs kongress i Valencia i 2025 hevda Merz at ein måtte tenkje nytt fordi EUs grøne politikk kunne føre til avindustrialisering av Europa. Dette klimapolitiske taktskiftet får konsekvensar. Før jul i fjor vart EUs forbrenningsmotorforbod mjuka opp.

Ny sjanse for grøn politikk?

Betyr dette at tida er over for Tyskland som klimapolitisk pådrivar i Europa? Svaret på dette spørsmålet er nok nei. Ein motreaksjon kan vere i ferd med å ta form.

Tyskland er ein føderalstat der delstatsvala set stemninga for nasjonal politikk. I starten av mars var det val i Baden-Württemberg, eit av kjerneområda for bilindustrien. Her vart Die Grünen valvinnar. Delstaten har faktisk vore regjert av dei grøne sidan 2011. I den konservativt prega delstaten opptrer Die Grünen i si mest pragmatiske og næringsvenlege form. Men dette er likevel langt unna både kristendemokratane under Merz og ytre høgrepartiet AfD.

Den politikaren som førte partiet fram til denne valsigeren, er Cem Özdemir, den tidlegare landbruksministeren som tirra på seg dei tyske bøndene då han ville auke skatten på agrardiesel. Tidvis upopulære grøne politikarar kan få ein ny sjanse, også i tysk politikk. Og det kan også dei sakene dei arbeider for.

Teksten er basert på eit innlegg som vart heldt på Norsk klimastiftelses klimafrokost i Bergen 13. mars i år.

ANNONSE
Bluesky

Les også

Et portrett av en mann ved siden av teksten «Klimafrokost: Hva skjer med klimapolitikken i EU?», med EUs flagg vaiende mot en skyet himmel.

Hva skjer med klima- og energipolitikken i EU?

Hvordan formes EUs klimapolitikk i en tid preget av krig, handelskonflikter og stormaktrivalisering? Hva betyr utviklingen for Norge? Det var tema på Klimafrokost fredag 13. mars. Se opptak her.
12. mars 2026
Les mer
Søylediagram og smultringdiagram som viser nye landbaserte og havbaserte vindkraftinstallasjoner i Europa i 2025, der Tyskland leder med over 5 000 MW og 30 % av totalen.

999 nye vindturbiner i Tyskland i 2025

Det ble bygd ut 19,1 gigawatt (GW) ny vindkraft i Europa i 2025. Tyskland sto alene for 5,7 GW, fordelt på 999 turbiner. I Norge ble det ikke satt i drift noe ny vindkraft.
2. mars 2026
Les mer
tyskland-kutter-men-saktere-featured.jpg

Tyskland kutter – men saktere

Klimagassutslippene ble redusert med 1,5 prosent i 2025. Tempoet fra de siste årene har avtatt. Utslippene fra bygg og transport økte.
7. januar 2026
Les mer
En mann i en blå hettegenser står ved siden av et skilt til Rosenthaler Platz på en solrik dag. Butikker, mennesker og uteservering er synlige i bakgrunnen.

– Vi må snakke mer om konservative verdier

Klimaomstillingen trenger bredere støtte i befolkningen, sier Craig Morris, ekspert på Tysklands Energiewende: Vi snakker mye om teknologiske løsninger, for lite om verdier og atferdsendring.
27. mai 2024
Les mer

Om oss

Om oss
Våre støttespillere
Støtt vårt arbeid
Annonsere
Personvernerklæring
Administrer informasjonskapsler

Følg oss

Facebook
Bluesky
Linkedin
Rss feed

Kontakt oss

Redaksjonen
Energi og Klima
Odd Frantzens plass 5
N-5008 Bergen
til toppen
Støtt oss
Støtt oss

Våre støttespillere

Ledige stillinger i det grønne skiftet

Norsk Industri søker ny bransjesjef for Offshore

En ny leder søkes til spennende arbeid
Oslo
Frist: 08.04.2026
Bilde av en sveiser og et bildet av utsikten fra en plattform

Norsk Industri søker ny bransjesjef for Kraftforedlende industri

Ny sjef til viktig arbeid søkes
Oslo
Frist: 08.04.2026
Bilde av en sveiser, og et bildet av utsikten fra en plattform

Energi og Klima søker nyhetsjournalist

Energi og Klima søker nyhetsjournalist
Fortrinnsvis Bergen eller Oslo
Frist: 29.03.2026
Kollegaer som ler sammen