Offentleg innkjøpsmakt i klimaets teneste

Krav om null- og lågutsleppsteknologi vil kunne redusere utsleppa frå ferjeparken i Hordaland med opptil 85 prosent.
Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens egne meninger.
Dei neste 15 åra vil vere avgjerande for om verda lukkast med å avgrense den globale temperaturauken til to grader. Mykje står og fell på om vi klarar å ta i bruk ny klimavenleg teknologi på dei utsleppstunge sektorane i tide. Verda treng kommunar, regionar, bedrifter og nasjonar som er villig til å ta på seg rolla som «first movers».
Noreg bør ta mål av seg å bli verdsleiande på å ta i bruk ny klimateknologi, og det offentlege bør vise veg. I 2013 kjøpte kommunar, fylkeskommunar, stat og statseigde verksemder varer og tenester for 432 milliardar kroner (SSB). Her ligg det mykje forbrukarmakt – om vi vil.
I mitt eige fylke Hordaland brukte vi i 2014 838 millionar kroner på bussruter, 316 millionar på fylkesvegferjer, og 137 millionar på hurtigbåtruter. Fram til 2018 vil det bli investert for nærare 11 milliardar i bybaneutbygging, vegar, skulebygg og andre regionale investeringsprosjekt. Her har vi alle moglegheiter for å påverke kva løysingar som skal prege framtida.
Null- og lågutsleppsteknologi i ferjetrafikken
Akkurat no arbeider vi med å utarbeide anbodskonkurranse for drift av fylkesferjene fram mot 2030. I Hordaland utgjer ferjedrifta heile 43 prosent av utsleppa som fylkeskommunen har ansvaret for. Fylkesutvalet har vedtatt at dei neste ferjekontraktene skal stille krav om null- og lågutsleppsteknologi. Dette vil kunne redusere utsleppa frå ferjeparken med opptil 85 prosent.
Utfordringa i Hordaland er at vi ikkje har økonomi til å bere høgare investeringskostnader som følgje av eit ønskje om å utvikle og ta i bruk ny klimateknologi. Vi er difor avhengig av at staten blir med på eit spleiselag, enten gjennom eksisterande verkemiddelapparat eller som ekstra tilskot.
Hordaland fylkeskommune har i dag ansvar for 16 ferjesamband på fylkesvegnettet. Gjennomsnittsalder for dei fergene som er i drift er 27 år, og dei er ikkje akkurat tilpassa dagens miljøkrav. Dei neste ferjekontraktane skal i gang frå 2018, og vare fram mot 2030. No har vi sjans til å introdusere null- og lågutsleppsferjer i eit omfang som vil tene både miljøet og – på sikt – næringslivet. Eg vil påstå det er i nasjonen si interesse at vi får dette til.