To vanskelege globale grader

RCP står for Representative Concentration Pathways. Klimamodellen er ikkje blant dei mest følsomme, det vil seie at modellen gir moderate utslag. Figur fra NorESM-gruppa ved Bjerknessenteret og Meteorologisk institutt, utvikla i EarthClim-prosjektet.
Onsdag og torsdag denne veka presenterte Eystein Jansen og Tore Furevik frå Bjerknessenteret dei nye klimasimuleringane under klimatoppmøtet i Durban (last ned presentasjon som pdf).
Resultata frå desse køyringane viser at ein må redusere dei globale utsleppa allereie før 2020, dersom ein skal kunne nå det politiske målet om ei maksimal auke i den globale temperaturen på to grader. I figuren under er dette utsleppscenariet referert som RCP2.6.

Figuren viser at ein må ha ei rask nedgang i dei globale utsleppa av CO₂ dersom ein skal nå målet om maksimal to grader temperaturauke i dette århundret. I 2010 var allereie dei globale CO₂-utsleppa høgare enn det maksimale utsleppsnivået i RCP2.6-scenariet.
Scenariet med 2,6 grader global temperaturauke er det mest optimistiske scenariet. Allereie i 2010 var altså dei globale utsleppa over knekkpunktet som er skissert i denne klimamodellen.
Ei anna side ved dei globale to gradene, er at dei nettopp er globale grader, altså snittet av temperaturauken over heile kloden. Temperaturen aukar ikkje jamnt med to grader, men nokre stader meir, andre stader mindre. I scenariet med 2,6 grader global temperaturauke, betyr dette seks grader auke i Arktis.
Klimasimuleringane er eit resultat av køyringar med den nye klimamodellen NorESM. Den er utvikla i det nasjonale prosjektet EarthClim, med Bjerknessenteret og Meteorologisk institutt som dei viktigaste bidragsytarane. Modellen er global og modellerer vind, temperatur, nedbør og skydekke i atmosfæren, pluss straum, temperatur og saltinnhald i havet, vegetasjon på land, fukt og temperatur i jordsmonnet, i tillegg til kor utstrakt og tjukk snø og is er på land og i havet.
Denne modellen er ein av rundt 30 klimamodellar over heile verda som leverer sine resultat til den store gruppa vitskapsfolk i FNs klimapanel som jobbar med den neste hovudrapporten i FN. Tidleg i haust vart resultat frå klimasimuleringane i NorESM levert IPCC, men alle data frå køyringane er enno ikkje analysert.

