Også grøn industri treng kompetent kritikk

Norge bør støtte EUs planer om karbontoll, men samtidig sikre ordninger som ivaretar den kraftforedlende industriens interesser. Foto fra Hydros aluminiumsverk på Karmøy.
Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens egne meninger.
Miljøkrav og aktiv medverknad til eit betre miljø må bli minst like viktig for næringsutvikling som marknad, kapital og teknologi. Dette skreiv eg i ein kronikk for snart førti år sidan då slike synspunkt blei sett på som urealistisk idealisme. Sidan den tid har mykje endra seg. Miljørørsla er i dialog med næringslivet, grøne marknader veks fram, og kapitalen søkjer seg mot grøn industri. Det er all grunn til å glede seg over denne utviklinga. Men den kjem ikkje utan utfordringar, og den reduserer ikkje behovet for ei offensiv miljørørsle som utfordrar næringslivet.
På sytti- og åttitalet var det ofte skarpe frontar mellom miljørørsla og industrien. Miljøorganisasjonane gjennomførte aksjonar som fekk store medieoppslag, og miljøkampen blei etter kvart løfta inn på den politiske arenaen. Industrien på si side skulda miljørørsla for å bestå av naive idealistar og bidra til nedlegging og utflagging av nøkkelindustri. Det fanst folk med nyansert syn på begge sider, og miljøtiltak var ikkje noko nytt i industrien. Men hovudbiletet var konfrontasjon og gjensidige skuldingar om manglande innsikt. På nittitalet blei det skrive analyser som spådde at miljøkrav og konkurranse frå lågkostland ville knekke norsk prosessindustri.
Men pessimistane tok feil. Miljøkrava blei innført gradvis, og det kom støtteordningar for miljøinvesteringar. Industrien tok utfordringa og satsa offensivt på teknologiutvikling. Ny teknologi førte ofte til betre produkt og meir kostnadseffektiv produksjon i tillegg til å innfri nye miljøkrav. Offensiv miljøsatsing blei eit konkurransefortrinn, og forureining blei til nye forretningsidear. Eit klassisk eksempel er røyken frå ferrolegeringsverk. Etter omfattande utviklingsarbeid blei den konvertert til microsilica som er ei verdifull tilsetting til betong. Nå er det mange som meiner at vi knapt hadde hatt prosessindustri i Noreg i dag dersom vi ikkje hadde vore tidleg ute med miljøkrav som initierte offensiv teknologiutvikling.
Etter kvart som klima har blitt ein viktig del av miljøkampen, har det blitt meir vanleg at miljøorganisasjonar samarbeider med industribedrifter. Deler av industrien har blitt ein alliert i arbeidet for å spare energi og redusere klimautslepp. Miljørørsla har blitt ein pådrivar for å etablere arbeidsplassar for eit samfunn basert på nullutslepp, fornybar energi og sirkulær økonomi. Behovet for grøn omstilling er no i ferd med å få gjennomslag i politikk og næringsliv. Men det er ingen grunn for miljørørsla og den delen av venstresida som har fronta miljøkampen, å kvile på sine laurbær. Omstillinga byr på mange utfordringar som miljøorganisasjonane bør engasjere seg i.