Budsjett med uklår klimaprofil og eit frustrert MDG
MDG har ikkje slutta seg til budsjettavtalen mellom Ap, Sp, SV og Raudt. Men kor stor klimasiger må til for at MDG skal sikre budsjettet fleirtal?

Går utsleppa opp eller ned med budsjettkompromisset som Arbeidarpartiet, Senterpartiet, SV og Raudt forhandla ferdig tysdag? SV og MDG gir ulike svar, men kva meiner Klimax-panelet?
I denne vekas Klimax møter du:
- Kristen Ånestad Øystese, prosjektleiar i Norsk klimastiftelse
- Anders Bjartnes, kommentator i Energi og Klima og ansvarleg redaktør i Norsk klimastiftelse
- Henrik Paarup Michelsen, dagleg leiar i Norsk klimastiftelse
I tillegg til statsbudsjettforhandlingane er panelet innom Tor Mikkel Waras siste klimautspel og budkampen om tyske Uniper, der Equinor er med.
Som alltid kårar vi vekas klimaks og antiklimaks.
Lenker til saker omtalt i episoden:
- Budsjettsemje mellom AP, SV, SP og Raudt (25.11.2026) : Forliksdeokument – tal
- Budsjettsemje mellom AP, SV, SP og Raudt (25.11.2026) : Avtaletekst og verbalar
- Energi og Klima (25.11.2026): MDG nekter å støtte Støres budsjett – krever klimakutt allerede til neste år
- Politisk kvarter (24.11.2026): Norge på feil klimaside?
- VG.no (25.11.2026): Slakteren som tok strømgrep

