Her er elbilane du kan vente deg fram mot 2020

Audi e-tron (øverst) blir trolig den mest solgte bilmodellen i Norge i år. Budsjettavtalen mellom regjeringspartiene og Frp gir lettelser til dens fossile konkurrenter. Under, to elbiler i rimeligere prisklasser, Nissan Leaf (venstre) og Hyundai Kona (høgre).
Dette er et debattinnlegg. Teksten er kvalitetssikret i tråd med redaksjonelle prinsipper for publisering. Innholdet reflekterer skribentens egne meninger.
(OBS: Denne artikkelen ble publisert 31. januar 2018 og er ikke oppdatert med de siste nyhetene om elbil-markedet. Mvh redaksjonen).
Bilprodusentane er svært tilbakehaldne med å gi informasjon om nye produkt. Vi har i denne artikkelen berre tatt med bilar vi har fått bekrefta vil kome for sal i perioden 2018-2020. Dei fleste bilprodusentane har planar om langt fleire elektriske bilar om ein strekk horisonten yttarlegare.
For samanlikningas skuld har vi brukt den europeiske NEDC-standarden som "valuta" for rekkevidde. Det er velkjent at NEDC er lite nøyaktig, og at reell rekkevidde er atskilleg mindre.
Nye elbilar i 2018
2018: Peugeot Partner Tepee Electric og Citroën E-Berlingo Multispace
Bilkonsernet PSA kjem med to heilt like elbilar før påske: Peugeot Partner Tepee Electric og Citroën E-Berlingo Multispace. Bilane er «ombygde» varebilar med god plass. Batterikapasiteten er 22.5 kWh og rekkevidd opp mot 170 kilometer (NEDC). Pris frå ca. 230 000 kroner.
[rp4wp]
2018: Hyundai Kona
Hyundai planlegg ei elektrisk utgåve av Kona i første halvår 2018. Den vesle SUV'en får ein batterikapasitet på 40 kWh eller 64 kWh. Rekkevidda med den største batteripakka blir opptil 500 kilometer per lading (NEDC). Ikkje firehjulstrekk. Prisen blir kjent i februar/mars. I juli blir bilen å finne i norske butikkar.
2018: Nissan Leaf
Nye Nissan Leaf kjem i februar 2018. Med batterikapasitet på 40 kWh vil bilen ha ein teoretisk rekkevidde på 378 kilometer (NEDC). Ny pris frå ca. 245 000 kroner. I 2019 vil Leaf også kome i ein utgåve med endå større batteripakke.
2018: Nissan e-NV200
Våren 2018 kjem ei ny utgåve av e-NV200. Nissan gir den nye utgåva ein batteripakke på 40 kWh og aukar dermed rekkevidde til opptil 280 kilometer (NEDC). Bilen kjem i to versjonar: e-NV200 varebil og e-NV200 Evalia. Førstnemnte en ein 5 dørs varebil med lagringsplass på 4,2 m3, mens Evalia er berekna for passasjertransport (7-seter).
2018: Jaguar I-Pace
I-Pace er Jaguar sin første elbil. Dette er ein SUV med firehjulstrekk. Bilen blir tilgjengelig frå andre halvdel 2018. Batterikapasiteten er på 90 kWh og rekkevidda minst 500 kilometer (NEDC). Prisen i Noreg vil starte på 750 000–800 000 kroner.
Audi har lansert to konseptbilar som kjem på marknaden i produksjonsklare utgåver i 2018 og 2019. Først i løypa er SUV'en Audi e-tron quattro. Konseptbilen har batterikapasitet på 95 kWh og 500 kilometer i rekkevidde (NEDC). Firehjulstrekk. Prisen ennå ikkje kjent.